Trendar som kjem i 2025 – og trendane vi legg igjen i 2024

4 months ago 23


Synest du 2024 var året der «alle» var på treningsappen Strava? Eller der folk begynte å kle seg som i TV-serien «Kids in Crime»? Ikkje minst året der popdronning Taylor Swift var på alles lepper og veldige manges konsertvideoar?

Det kan stemme alt saman. Men nå prøver vi å rette blikket mot 2025.

NRK har bede ekspertar på ulike felt – og «vanlege» folk – kikke djupt inn i sine spåkuler. Dette er kva dei meiner blir trendane for 2025 – og kva som helst må døy ut i 2024.

Du kan hoppe rett til temaa vi har samla inn spådommar om her:

Mote: Motreaksjon på Y2k

– Kva er dei tydelegaste trendane inn i 2025?

– Moten går i sirklar. Det som har vore, vil komme igjen. Og det som kjem neste gong, det er som oftast ein motreaksjon på det som nettopp har vore. I både 2023 og 2024 har det vore masse av Y2k -moten. Så det vi vil sjå nå i 2025, er mest sannsynleg eit motsvar til det.

En kvinne i sort frakk og sorte sko står foran et stativ med klær- Hun har langt brunt hår i midtskill og holder den ene hånden litt i den andre. På kåpekragen har hun en hvit blomst.

Ida Elise Eide Einarsdóttir, moteredaktør i KK.

Foto: Polina Vinogradova

Det seier Ida Elise Eide Einarsdóttir, moteredaktør i KK. Dermed har ho også svart på kva som dominerte 2024.

Ho beskriv Y2k-moten frå 90- og 00-talet som prega av magetoppar, låge jeans, skinny jeans, Uggs og store strikkar.

– Kort sagt det mange hugsar med gru og glede frå 2000-talet. Nå kjem det ein meir feminin og meir elegant mote.

Frampeik på dette har vore å sjå i mikrotendensar allereie:

Bilde av skuespiller på moteshow. Hun har hvit silkekjole med blonder nederst under en stor, sort skinnjakke og en sort skinnveske. Hun har langt, blondt hår i midtskill.

Sienna Miller på Chloes haust/vinter 2024-2025-visning i Paris i februar er eit eksempel på «moto chic»-miksen.

Foto: Scott A Garfitt/Invision / AP

– Det har vore typiske tiår som 1950-talet med Christian Diors «new look», og også 70-talet med «boho chic». Og så ser du tendensar frå 20-talet og den typen tiår, men det handlar meir om den elegante moten. Frå 1970 er det ikkje hippie-moten, men meir boho med litt røffe element som ein kallar «moto chic».

– Da hentar ein ordet frå motorcycle og tenker på skinnjakker og grove boots, som ein kontrast til det meir feminine «chic»-elementet, som kan vere flagrande blondeskjørt og mykje silke, forklarer ho.

Tilbake til det elegante – og 80-talet

Også hovudplagget hatt meiner Einarsdóttir vil prege 2025, som eit nostalgisk nikk til «Jackie» Kennedy-tida.

– Det er ikkje tilfeldig. For moten speglar samtida. På sitt beste fungerer den som ein type samfunnskommentar. Og når vi har ei verd i krise og ubalanse, som mange vil hevde, så treng vi kanskje å søke mot det trygge: I gode, gamle dagar der alt tilsynelatande var betre, seier moteredaktøren.

– Er det noko frå 2024 du håpar hamner på trendkyrkjegarden?

– Eg orkar ikkje meir av magetoppar og «skinny jeans», faktisk. 2000-talsmoten fokuserer så eksplisitt på kropp at det blir eit problem. Det vi har sett, er at han drar med seg andre typar trendar, som for eksempel tynnbølga som har skylt over oss med ting som Ozempic. Y2k kan hamne på trendkyrkjegarden for min del.

Einarsdóttir er også glad for at «demure»-trenden frå TikTok og slimgrøne «brat green» gav seg med eit blaff i trendgryta.

Bildet viser tre skuespillere avbildet i 1986. Fra venstre Joan Collings som spilte Alexis i Dynastiet. Hun har stort mørkebrunt krøllete hår. I midten en mann med dress og grått hår, John Forsythe som spilte Blake. Til høyre Linda Evans som spilte Krystle. Hun har lyseblond, stort hår med masse volum .

Kjent «Dynastiet»-trio i 1986: Frå venstre Joan Collins som spelte Alexis. I midten John Forsythe som spelte Blake. Til høgre Linda Evans som spelte Krystle.

Foto: Reed Saxon / AP

Ho trur moten er på på veg til ein meir høgrøysta variant av det som har vore.

– På grunn av at trendkarusellen for lengst har spunne ut av kontroll, ser vi også 80-talet. Det er ein trend eg gleder meg til å sjå korleis vil komme til uttrykk. For der har du jo alt frå «power dressing» til Alexis i «Dynastiet». Kor gøy er ikkje det?

Underhaldning: 2024 var året til popkvinnene

Ingrid Moholt Waaler frå Stokke er programleiar i popkulturpodkasten «Træsh» på P3.

Ingrid Moholt Waaler

Ingrid Moholt Waaler, programleiar i popkultur-podkasten «Træsh».

Foto: NRK

– Kva ser du som dei tydelegaste underhaldningstrendane for 2025?

– Det er vanskeleg å spå, men eg tenker, sånn som ein har sett i 2024, at subkulturar er i ferd med å bli mainstream. Som ein såg med «hyperpop» med Charli XCX i spissen.

Waaler trur også vi får sjå meir av store fysiske samlingspunkt:

– Det har vore stadionkonsertar, men også ting nokon har arrangert på eiga hand. Som for eksempel ein lookalike-konkurranse kor mange menneske møtest. Eg trur kanskje vi får sjå meir av konsertar, festivalar og stader der folk kjem saman i 2025.

Mange samlet seg til en Timothee Chalamet-lookalike-konkurranse i New York i oktober.

Store menneskemengder samla seg til ein Timothee Chalamet-lookalike-konkurranse i New York i oktober.

Foto: Stefan Jeremiah / AP

– Kva trendar i underhaldningsverda prega 2024?

– Det var jo ein stor med «hyperpop» og «brat summar». Alle ville plutseleg sigge og dra ut på ein tysdag, var det vel Aftenposten som sa. Men det viktigaste eg tar med meg frå popkulturen i 2024, er at det er året til popkvinnene. At popen er tilbake som ein sjanger ein tar på alvor.

Ho nemner Chappell Roan, Charlie XCX, Beyoncé, Taylor Swift, Ariana Grande og Billie Eilish som eksempel.

– Kva trend eller bølge i underhaldningsverda håpar du gir seg i 2024?

– Eg liker ikkje så godt dei trendane som seier noko om korleis ein skal leve livet sitt. Det har vore mykje av trenings- og mattrendar som «75 Hard».

– Sånne trendar er eg litt ferdig med. Eg trur det kan fort bli litt farleg. Mykje på sosiale medium handlar om å få perfekte liv inn i feeden din heile tida. Og det at folk på Instagram skal seie noko om kor mykje eg skal ete til middag, kjennest ikkje som ein sunn veg å gå.

Treningsekspert: Oppsving for «appar»

Christina Gjestvang er førsteamanuensis ved Institutt for idrettsmedisinske fag på Noregs idrettshøgskole. Ho forskar på blant anna treningstrendar.

– Kva ser ut til å bli den største treningstrenden i 2025?

– Basert på ein årleg rapport frå American College of Sports Medicin, som rapporterer om globale treningstrendar, så ser det ut til at i 2025, som i 2024, så er det berbar teknologi som beheld førsteplassen. Vi ser også eit kraftig oppsving i treningsappar.

Bildet viser en kvinne i sorte treningsklær og ferskenfargede joggesko som hopper i en stjerneformasjon foran et fjell.

Christina Gjestvang – her hoppande i 2018 i samband med ei anna sak.

Foto: Anette Torjusen / NRK

– Kva var den tydelegaste treningstrenden i 2024?

– Det var også berbar teknologi, fordi det har dominert lista heilt sidan 2016. Og da snakkar vi om smartklokker, aktivitetsmålarar og andre helseovervakingsverktøy som gir deg informasjon om for eksempel hjartefrekvens, søvn og aktivitetsnivå.

– Er det nokon treningstrendar du håpar blir igjen i 2024?

Trening for vektnedgang er noko som har blitt rangert høgt. Trening blir altfor ofte assosiert med vektnedgang. Men det som er viktig, og kvifor eg håpar trenden blir igjen, handlar om at trening aleine ofte gir berre ein beskjeden vektnedgang. Skal vi oppnå større endringar bør også kosthaldet endrast.

Og om du startar å trene, men ikkje oppnår den vektnedgangen som var årsaka til at du starta med trening, så kan det føre til skuffelse og fråfall frå fysisk aktivitet. Det er viktig å anerkjenne at personar med høg kroppsvekt kan dra stor nytte av regelmessig trening, uavhengig av om dei går ned i vekt eller ikkje, seier treningsforskaren.

Interiør: Meir hygge og varme

Kristin Lindhjem frå Nøtterøy er trendforskar og interiørdesignar

Portrett av kvinne med sort topp. Hun har runde briller og mørkt hår delvis satt opp i en topp. Hun smiler. I bakgrunnen ser vi en uskarp taklampe og en mørk tapet med landskap.

Interiørarkitekt Kristin Lindhjem har både varme lamper og djupe tapet i heimen sin i Tjodalyng.

Foto: Ingvill Dybfest Dahl / NRK

– Kva er dei tydelegaste interiørtrendane for 2025?

Ein ønsker det lunare og varmare i heimen. Ein ønsker å skape ein trygg og harmonisk atmosfære i heimen. Det er som ei motvekt til alt som skjer i verda, der det er mykje krig og elende. Da ønsker ein å skape ein trygg og lun base.

Ho nemner gardiner, og gardiner fleire lag, som eksempel. Også store teppe og møblar, og mykje tekstilar generelt. Lindhjem meiner det vil bli meir å sjå på folks veggar, både i form av tapet, bilde og lamper.

Bildet viser en hylle fylt av pyntegjenstander og en samling bilder i ramme på samme vegg.

Lindhjem trur vi kjem til å samle meir på veggane, og ha varmare fargar, i 2025. Her er ein detalj frå heimen hennar.

Foto: Ingvill Dybfest Dahl / NRK

– Vi går nok meir og meir over i det tradisjonelle og i ein nostalgisk variasjon av det minimalistiske. Det er ein god miks. Ein hentar kanskje inn meir av kanskje bestemors gamle servise, eller ein drar fram noko gamle møblar. Den trenden heiter ny-nostalgi, eller «new nostalgia» på engelsk.

Interiørdesignaren påpeikar at sist vi var i enden av trend-pendelen der vi er nå, var på begynninga av 2000-talet med finanskrise og terrorangrep i USA.

Det var i «shabby chic»-eins tid. Eg trur ikkje, og håpar ikkje, vi får «Home»-bokstavane og sjablongane på veggen, men vi vil sjå ei god samanblanding der ein bringar inn nostalgiske møblar og interiør.

– Kva prega 2024?

Generelt var det kvite og beige tonar i 2024. Nå ønsker vi meir av det lune. Da går vi mot dei varmare tonane.

I hjemmet til Kristin Lindhjem er et gammelt piano pyntet til jul med granbar og bilder.

I heimen til Kristin Lindhjem er eit gammalt piano pynta til jul med granbar og bilde.

Foto: Ingvill Dybfest Dahl / NRK

– Er det nokon trendar du håpar blir verande i 2024?

Beige og kvitt.

Trendforskaren påpeikar også at ein trend nå, ironisk nok, er at folk følger trendar mindre:

Ein får meir og meir personleg stil heime. Å kopiere kvarandre er ganske lett i den tida vi lever nå. Du kan jo kjøpe heilt likt det du finn av inspirasjon. Men eg håpar folk vågar å stole litt meir på magekjensla si.

Språkrådet: Vi må omfamne norsken

– Kva er den tydelegaste norske språktrenden inn i 2025?

– At vi bruker meir og meir ChatGPT til å hjelpe oss med å skrive. Det kan vere ein ganske skummel og upåliteleg hjelpar, som vi ikkje ennå ser den fulle rekkevidda av, men som vi er litt urolege for.

Portrett av en kvinne fra skuldrene og opp. Hun har blondt hår til skuldrene og lugg. Briller uten innfatning. Hun har på seg en blå topp med rund hals og smiler.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

Foto: Svein Arne Orvik / NPK

– Kva språktrendar prega 2024?

– Det vi ser, er at barn og unge i Noreg nå bruker engelsk meir enn norsk når dei er på sosiale medium. Og det pregar jo språkbruken til ungane og ungdommane våre. Så det er òg eit punkt til ettertanke for alle vaksne og alle som ønsker at vi òg skal ta vare på norsk språk.

– Kva språkbølger håpar du blir verande i 2024?

 Emma (20) inspirerer tusenvis til å «embrace» høsten

Denne P3-saka reagerte språkdirektøren på hausten 2024.

Faksimile: NRK

– Språkbølga med at vi bruker engelske ord der vi har gode norske, kan døy litt hen. Eg rykte ut i haust ved eit tilfelle av «Å embrace hausten». Der meiner eg jo at vi har gode norske ord, som vi bokstavleg talt kan omfamne, i staden. Så det håpar eg er ein trend som kan skli over i litt meir kreativt og språkleg innovativt neste år.

(NRKs utsende ber lesarane om unnskyldning for dei engelske uttrykka som er nytta i denne saka. I det minste er ho ikkje skrive ved hjelp av ChatGPT.)

Folkets røyst: Slutt med låge jeans

Nikola Kalinic (27) frå Danmark bur på Revetal.

Portrett av mann fra skuldrene og opp. Han har på sort hettegenser og har sort, langt hår bakover i en hestehale. Han har også kort, mørkt skjegg og en kort bart.

Nikola Kalinic (27), frå Danmark, bur på Revetal.

Foto: Ingvill Dybfest Dahl / NRK

Han håpar 2025 vil gi ein trend med positiv dreiing mot betre rettar for kvinner, for eksempel innan abortlovgiving.

– At kvinners helse blir varetatt betre. At det blir færre forsøk på å fjerne kvinners rettar.

– Kva trend håpar du stoppar i 2024?

– Det har vore ei konservativ bølge i Europa dei siste åra. Og nå har Trump vunne valet i USA, så forhåpentleg minskar den bølga. Forhåpentleg kjem det ikkje så mange sterke konsekvensar av det.

Marthe Skoglund (30) er frå Skoppum og bur i Tønsberg.

Et portrett av en kvinne fra skuldrene og opp. Hun har brunt hår med det øverste satt bakover. Hun har hvit topp og en mørk jakke over. Hun smiler. I bakgrunnen skimtes en trapp.

Marthe Skoglund (30), frå Skoppum.

Foto: Ingvill Dybfest Dahl / NRK

For henne er det ho ser som ein trend for 2025 og det ho håpar gir seg i 2024 same sak:

– Eg har sett ein auke på sosiale medium med at det har blitt veldig inn igjen å bli så veldig tynn. Litt tilbake til 90-tals «heroin chic» med Kate Moss. Det er ein trend eg er litt bekymra over og håpar blir verande i 2024.

Skoglund trur trenden er knytt til bruken av Ozempic og andre slankande midlar, som ein har sett mykje frå Hollywood i 2024.

– Eg synest ikkje det er ei positiv utvikling sett opp mot kroppspositivisme og generelt eit meir nøytralt forhold til kropp og vekt, legg ho til.

Jóna Krista Jónsdóttir (22) frå Island bur i Horten.

Portrett av kvinne fra skuldrene og opp. Hun har mørk hettejakke. Håret er langt, lysebrunt, bølgete og i midtskill. Hun smiler lett. Bakgrunnen er uklar, men viser en hall.

Jóna Krista Jónsdóttir (22). Frå Island, bur i Horten.

Foto: Ingvill Dybfest Dahl / NRK

Ho håpar meir trening og fleire treningsformer blir trendy i 2025.

– At folk kan litt ulik trening, ikkje berre på styrketrening. Som for eksempel functional fitness eller crossfit, seier ho og røper at eit av motiva er at ho sjølv er crossfit-instruktør.

– Kva trend håpar du blir verande i 2024?

– Gjerne «low-waist skinny jeans», i alle fall på gutar. Det vil eg helst ikkje sjå meir av.

Hei!

Har du innspill etter å ha lest denne saken? Eller innspill om andre gode saker?

Jeg er åpen for gode historier fra flere felt.

Ta gjerne kontakt!

Publisert 30.12.2024, kl. 11.52

Read Entire Article