I løpet av dei seks timane før Yoon Suk-yeol blei stoppa, sende han nasjonalgarden inn i nasjonalforsamlingsbygget.
Formålet var å få fleire opposisjonspolitikarar og sin eigen partileiar arresterte, ifølge leiaren for etterretningstenesta i landet.
Tidleg laurdag verka det mogleg for opposisjonen å samle nok stemmer til å stille Yoon for riksrett.
Dei trengde berre 8 stemmer frå regjeringspartiet People Power Party (PPP), og hadde partileiaren på si side.
PPP-politikar Ahn Cheol-soo var den einaste att då avstemminga skulle starte. Han hadde allereie uttrykt offentleg støtte til riksrettsforslaget.
Foto: JEON HEON-KYUN / ReutersMen då avstemminga skulle starte, gjekk alle utanom ein politikar i PPP ut av kammeret. Dersom resten ikkje går inn igjen, er det umogleg at forslaget blir stemt fram.
Natt til laurdag norsk tid heldt Yoon ein kort tale til nasjonen. Der bukka han og bad om unnskyldning for å ha skapt bekymring.
Han lovde at det ikkje ville skje igjen, men nekta å gå av.
«Ignorerer viljen til folket»
Ordstyraren i nasjonalforsamlinga var sterkt kritiske til dei folkevalde som valde å forlate kammeret, til jubel frå opposisjonspartia.
– Dette ignorerer viljen til folket, sa ordstyraren.
– Dette viser forakt for folket, og forakt for nasjonalforsamlinga. Som representantar må de ikkje gjere dette.
Fleire titusen menneske var på plass utanfor nasjonalforsamlinga.
Foto: Ahn Young-joon / API den enorme demonstrasjonen utanfor bygget, las ein talar opp namna på alle medlemmene i PPP då avstemminga starta.
Også Park Chan-dae, leiaren for det største opposisjonspartiet Demokratisk parti, las også opp lista over namn og bad dei innstendig om å gå inn att i kammeret.
– Gå og stem, ropte også folkemengda.
Publisert 07.12.2024, kl. 10.15 Oppdatert 07.12.2024, kl. 10.24