Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk går i rette med dei som har «drukke Trump-gifta» og slukt hans ord om å vere utpeika av Gud med «agn, krok og søkke».
For å understreke alvoret påkallar Selbekk eit profetisk språk:
– Vakne opp! Vend om, før det er for seint, seier han i eit stort intervju med VG denne helga.
Intervjuet har skapt stor merksemd i Kristen-Noreg.
– Takk for tydeleg tale. Eg er skikkeleg uroa over at vi (kristne) lukkar augo for uretten Trump og hans like står for, seier Trude Brosvik, som er KrF-leiar i Vestland.
Sjå fleire reaksjonar under.
Siv Sandvik
Gard Sandaker-Nielsen, Åpen folkekirke
Det kan hende sterke leiarar som trur dei eig sanninga er i tida, men det vi treng er kyrkjeleiarar som biskop Mariann Budde i Washington DC, som ber om nåde for dei som er redde. Det er ikkje noko nytt at statsleiarar prøver å bruke kristendommen til å underbygge det politiske prosjektet sitt, så her er det viktig at vi er på vakt og motset oss forsøka på å misbruke kristendommen.
Hans Jakob Heimvoll / Den norske kirke
Harald Hegstad, leiar av Kyrkjerådet i Den norske kyrkja
Eg er glad for Selbekk sitt utspel og støttar åtvaringane hans. Ytterleggåande krefter skal ikkje få ta kristen tru som gissel. Her har kyrkjene og kyrkjeleiarar eit særleg ansvar for å seie frå, slik biskop Mariann Budde nyleg gjorde.
privat
Therese Egebakken, Frimodig kyrkje
Eg synest det er spennande og interessant, kanskje også litt overraskande, at Selbekk tar eit slags oppgjer med ganske mange av sine eigne lesarar ved å uttale seg slik, men når det er sagt så må eg seie at eg er einig med han i dei refleksjonane og tankane han gjer seg om dette.
Pål Kristian Balstad, fungerande biskop i Oslo
Med den spenninga som er i verdssituasjonen nå, der vi erfarer uro både i aust og vest, er det viktig at vi løftar fram at vi er mange som arbeider for inkluderande fellesskap og fred. Bodskapen i kristendommen er fred og håp. Dette er viktig å halde fast på når mørket veks fram, og som vi som kyrkje inviterer til.
Arne Stubhaug
Trude Brosvik, KrF
Selbekk-intervjuet samsvarar med mi oppfatning av Trump, som er at han brukar «kulturkrig»- spørsmål, framandfrykt, motstand mot internasjonal solidaritet og velfungerande demokrati til å samle støtte for ytre-høgre og til dels fascistiske strøymingar i samfunnet.
– Kristne har late seg blende av sterke førarskikkelsar
Før det amerikanske valet viste ei undersøking blant abonnentane til avisa Dagen at halvparten av lesarane støtta Trump.
Selbekk meiner dei har gitt etter for dei autoritære lengtane sine, og viser til sin eigen tyske bestefar som deltok i folkemordet på Austfronten under andre verdskrigen:
– Dessverre viser historia at kristne også tidlegare har late seg blende av denne typen sterke førarskikkelsar, seier Selbekk til NRK.
Åtvaringa om at fleire av hans eigne lesarar er «forblinda» og «på ville vegar» har i sin tur skapt ein kraftig motreaksjon.
I djupet av Kristen-Noreg innvender fleire at det er nettopp Selbekk som har gått seg vill og late seg dupere.
Ikkje av Trump, men av evangeliet til den gudlause liberalismen.
Fleire gjer eit poeng av at treet skal «kjennast på frukta» og at Trumps eige åndsliv – eller fråvær av det – er saka uvedkommande:
Det blir vist til at heller ikkje persarkongen Kyros hadde den rette trua, men at det i år 538 før Kristus var nettopp han som frigjorde det jødiske folket i Babylon.
– Viss Trump er redninga for kristne verdiar og Vesten, så help us God, altså, seier Selbekk.
Foto: Heiko Junge / NTB– Gud har blitt politisk potent igjen
Omsett til 2025 blir det vist til at Trump har stått klippefast i forsvaret av det ufødde livet og Israels rett til å verne seg.
Og at den same presidenten sist veke oppretta eit eige «White House Faith Office» for å «nedkjempe antikristne fordommar».
Andre gjer eit poeng av at kristne på ny snakkar med kraft og frimot, om alt frå grensesetting til «rosa kompetanse». Med Trump som hyrding og vegryddar.
«Gud har blitt politisk potent igjen», skriv kommentator i Morgenbladet, Ingeborg Misje Bergem.
Utgangspunktet er kristendommen sitt comeback som fundament og kulturell kraft – om enn ikkje på den måten Den norske kyrkja såg for seg:
– Plutseleg strøymer folk til. Kristendommen har stått opp frå dei døde, men ikkje fordi han har blitt meir open og inkluderande, skriv Bergem.
Dette er bakgrunnen for ei identitetskrise i Kristen-Noreg, fortset ho.
– Trumps politiske bruk av kristendommen er ei utfordring for kristne over heile verda, som for første gong på mange år ser at tru igjen er eit tema folk faktisk bryr seg om.
– Unge menn i tweeddress og slips er plutseleg interesserte i kyrkjefedrane, skriv kommentator i Morgenbladet, Ingeborg Misje Bergem.
Foto: Morgenbladet– Har blitt frådømt kristentru, moral og all form for intellektuell kapasitet
Leiar for Kyrkjerådet i Den norske kyrkja, Harald Hegstad, seier til NRK at kyrkja «skal romme eit mangfald av menneske med ulike politiske meiningar».
– Men vi må protestere når grunnleggande verdiar blir trua.
– At vi nå ser auka oppslutning om og interesse for kristen tru, ser eg primært som eit uttrykk for at menneske søker forankring i ei uroleg tid, ikkje som tilslutning til ekstreme synspunkt.
Eit par døgn etter VG-intervjuet har Selbekk fått summa seg.
– Reaksjonane er som venta. Eg har blitt frådømt både kristentru, moral og all form for intellektuell kapasitet. Men eg har også fått eit tresifra tal takk for at eg seier frå, seier han.
Han gler seg over at fleire – inkluderte ateistar – har fått auga opp for trua og presiserer at det er «bra at kristne kjempar for det dei trur på, også i politiske spørsmål».
– Det helsar eg velkommen. Men for meg er det ein «deal-breakar» at Donald Trump ikkje er ein demokratisk innstilt person. Vi bør klare å oppdage ein autoritær, udemokratisk leiar når teikna er så tydelege som her.
Biskop Mariann Edgar Budde bad president Donald Trump om å vise nåde med homofile, lesbiske, transbarn og immigrantar. Trump har svart at han ikkje likte gudstenesta, og at biskopen skuldar offentlegheita ei unnskyldning.
Video: ReutersPublisert 17.02.2025, kl. 14.50