– Trump har fått kalde føter

5 hours ago 5


– Trump har gitt seg på så godt som alle punkt. Kostnadane var for store.

Det seier sjeføkonom i Sparebank 1 Markets, Harald Magnus Andreassen.

USA har nettopp kunngjort at dei har skrive under ein avtale med Kina.

I den nye avtalen har tre hovudpunkt:

  • Varer frå Kina til USA går frå 125 til 30 prosent toll.
  • Varer frå USA til Kina går frå 145 til 10 prosent toll.
  • Avtalen varer i 90 dagar.

Andreassen meiner USA ville få mangel på mange typar varer dersom dei ikkje endra tollsatsane.

– Denne avtalen er godt nytt for økonomien i USA og amerikanske forbrukarar, men også for heile verdsøkonomien, seier han.

Harald Magnus Andreassen i dress

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Sjeføkonom i DNB Carnegie, Kjersti Haugland, meiner tollnivået var så høgt at avtalen har tvunge seg fram.

– Med over 100 % toll var det i praksis ikkje handel mellom landa. Over tid ville varer blitt sendt via omvegar, men også det ville gjort ting dyrare.

Både Andreassen og Haugland omtalar avtalen som «leveleg».

– Etter denne avtalen kan det bli handel, men også med 30 % toll blir kinesiske varer mykje dyrare for folk i USA, seier Haugland.

Renter

Kjersti Haugland er sjeføkonom i DNB Carnegie, som tidlegare heitte DNB Markets. Meklarhuset lanserer sitt nye namn i dag etter oppkjøpet av svenske Carnegie.

Foto: William Jobling / NRK

DNB Carnegie sine analysar er at det verste er bak oss. Dei trur det blir mindre turbulent i tollpolitikken framover.

– Mykje tyder på at Trump har fått kalde føter. Inntrykket er at han gjekk ekstremt hardt ut for å skape mest mogleg press i forhandlingane. Eg trur framleis Trump står fast ved å bruke toll som verkemiddel, men at dei vil unngå ekstremt høge tollsatsar.

Publisert 12.05.2025, kl. 10.27 Oppdatert 12.05.2025, kl. 10.32

Read Entire Article