Trump: – Israel skal gi Gaza til USA

3 months ago 21


Donald Trump skriv om planane sine for Gaza på sitt eige sosiale medium, Truth Social.

Palestinarane vil bli «omplasserte i langt tryggare og vakrare samfunn, med nye og moderne heimar, i regionen», skriv han.

USA ville deretter begynt å bygge det som ville blitt «ein av verdas største og mest spektakulære byggeprosjekta i verda», skriv han vidare. Han legg til at palestinarane då ville få ein «sjanse til å vere lykkelege, trygge og frie».

Gaza er ifølge ICJ ulovleg okkupert av Israel. Tvungen overføring av sivilbefolkninga i okkuperte område til andre land er forbode etter folkeretten.

Trump seier ingenting om kven som skal ta rekninga for dette byggeprosjektet.

Han nemnar heller ikkje spesifikt kor i regionen palestinarane skulle budd. Nabolanda Jordan og Egypt har begge nekta å vere med på Trump sine planar.

Dette er siste utspel i ei rekke av kommentarar om Gazas skjebne etter krigen, som Trump har kome med den siste veka.

– Openberrt ikkje frivillig

Tidlegare torsdag gjekk Israels forsvarsminister Israel Katz ut og sa at han vil sjå at palestinarane «frivillig utvandrar» frå Gaza til europeiske land som har anerkjent Palestina som ein stat, deriblant Noreg.

At palestinarane vil utvandre frivillig frå Gaza, er lite sannsynleg.

Seniorforskar ved Prio, Jørgen Jensehaugen, meiner forslaget i realiteten er tvungen fordriving som er pakka inn for å sjå humanitær ut.

– Det er openbert at dette ikkje eigentleg er frivillig. Når Israel gjer eit område uleveleg og så sender eit tydeleg politisk signal om at dei ønskjer at folk skal dra, så er dette berre ei innpakking av fordriving, seier han.

Khan Younis i ruinar.

Reuters

Statssekretær i Utanriksdepartementet, Andreas Kravik, seier dette om Katz sine utspel:

– Palestina er palestinarane sitt heimland. Det palestinske folket har ei grunnleggande, sjølvstendig rett til sjølvbestemming og ein eigen stat.

Trump og ministrane

Utspelet frå Katz kom knappe to døgn etter Israels statsminister, Benjamin Netanyahu, besøkte Trump i Det kvite hus.

– Vi vil ta over Gazastripa, og vi vil gjere eit arbeid der også, sa Trump då dei to møtte pressa etter møtet sitt.

– Vi vil eige det og ha ansvaret for å fjerne alle dei farlege ueksploderte bombene og andre våpen i området, jamne det med jorda og fjerne dei øydelagde bygga.

Så lanserte han ideen som slo ned som ei bombe:

– Midtaustens riviera. Dette kan bli til noko så storslege.

Tel Aviv, onsdag 5. februar.

Foto: AFP

Netanyahu si regjering er den mest yttarleggåande høgreregjeringa i Israel nokonsinne.

Amos Harel, kommentator i den israelske avisa Haaretz, skriv torsdag at Trump er tilbake som «israelsk ytre høgres redningsmann».

Publisert 06.02.2025, kl. 13.10 Oppdatert 06.02.2025, kl. 13.16

Read Entire Article