Drakehovud, utskjeringar, historiske detaljar, og ei skikkeleg kyrkjeklokke.
På ei gammal industritomt i Odda har TV-kjendisen Leif Einar Lothe, kjent som Lothepus, bygd ei stavkyrkje som ruvar under fjellsida på den tradisjonsrike industristaden.
Ved sidan av er det campingplass med bubilplass og hytter.
Og sidan opninga for ein dryg månad sidan har gjestene strøymd til.
At folk meiner Lothepus ikkje kan kalla kyrkja for stavkyrkje, tek han med knusande ro.
Foto: Olav Røli / NRK– Me har sett han på TV. Og då la me like godt turen hit for å sjå på byggverket. Det er var uventa mykje folk, seier Ingrid Rolseth Holt frå Selbu i Trøndelag.
– Det er imponerande kva han får til, seier Heidi Aas frå same stad.
Ingrid Rolseth Holt (til venstre) og Kjersti Aas frå Selbu var to av mange turistar som har lagt turen innom Odda for å sjå på det nye bygget til Lothepus.
Foto: Olav Røli / NRKKosta 200 millionar
Prislappen for heile prosjektet er på godt over 200 millionar kroner.
– Eg veit jo at dette skal betalast tilbake. Og då er det godt at det kjem gjester, seier Lothepus sjølv.
NRK møter han ein solfylt dag ved byggverket. Det er kø for å komma inn i restauranten i kyrkja, og i bakken opp mot campinga står både bubilar og bilar med campingvogn og ventar på å sjekka inn.
Ifølgje Lothepus er det servert omlag 600 middagar i snitt per dag i restauranten i stavkyrkja sidan den opna i juni.
Det er også kø for å komma inn i restauranten før den opnar klokka 15 dagen NRK er der.
– Kan me få ein selfie med deg?
Den eine turisten etter den andre har oppdaga Lothepus og vil ha ein bit. Turistane frå Selbu er ikkje noko unnatak.
Av og til kan ein lura på kven som er den største attraksjonen.
– Det vert jo litt mykje av og til, seier han.
Slik ser det ut på innsida av stavkyrkja i Odda.
Foto: Olav Røli / NRKLokalavis: Nekta å kalla det stavkyrkje
Å byggja ei stavkyrkja har vore ein draum sidan Lothepus var liten. Dei siste fire åra har gått med til å få realisert byggverket.
Det er fleire hundre år etter dei andre 28 stavkyrkjene som er bevart i Noreg, som alle er bygd i mellomalderen og fram til 1600-talet.
Dei er kjenneteikna av stavkonstruksjonar frå mellomalderen, og er ifølgje Riksantikvaren eit av dei viktigaste bidraga frå Noreg til verdskulturarven.
Her er Borgund stavkyrkje i Lærdal. Den er bygd rundt år 1180, og er ei ekte stavkyrkje.
Foto: Oddmund Haugen / NRKHer er stavkyrkja i Odda. Den stod ferdig i 2025. Men mange meiner det ikkje er ei ekte stavkyrkje.
Foto: Olav Røli / NRK
I byrjinga av mai vitja kulturminister Lubna Jaffery (Ap) byggverket i Odda. Ifølgje Hardanger Folkeblad lét ho seg imponera over gjennomføringskrafta til Lothepus.
Men ho nekta å kalla det for ei stavkyrkja.
– Me diskuterte om det var slik eit partytelt ser ut i Odda, seier ho spøkefullt til avisa, før ho la til.
– Det er ein konsertarena, ein restaurant og ein resepsjon. Ei stavkyrkje er ein beskytta tittel som me berre skal bruka om det er ekte stavkyrkjer.
Kulturdepartementet viser til Riksantikvaren for vidare kommentar om kva som kjenneteiknar ei stavkyrkje.
Kulturminister Lubna Jaffery var i mai på besøk hos Lothepus. Ho var imponert over gjennomføringskrafta, men ville ikkje kalla bygget ei stavkyrkje.
Foto: Eivind Dahle Sjåstad, Hardanger FolkebladRiksantikvaren: Kreativt innslag
Sigrid Murud, seksjonssjef i seksjon for freding og verneplanar hjå Riksantikvaren, er klar på at dette ikkje er ei stavkyrkje.
– Bygningen er jo ikkje ei ekte stavkyrkje. Slik me har forstått det heller ikkje ein tru kopi av ei stavkyrkje. Det er heller ikkje eit kulturminne, så Riksantikvaren har ingen direkte meining om prosjektet, skriv ho i ein e-post til NRK.
Ho skriv vidare at slike prosjekt, om dei følgjer tradisjonell byggjeteknikk og materialbruk, kan vera viktige læringsarenaer for handverk og materialkunnskap.
– Elles tolkar me prosjektet i Odda som eit kreativt innslag som hentar inspirasjon frå tradisjonar og arkitektur, skriv ho vidare.
Lothepus sjølv tek kritikken med knusande ro.
– Eg har bygd ei stavkyrkje. Eg kan kalla det kva pokker eg vil. Ingen har sagt at kulturministeren har greie på bygg heller, seier han i kjent stil.
Lothepus skal no i gang med sitt neste prosjekt: Å byggja vikingskip.
Foto: Olav Røli / NRKTuristinformasjonen: Håpar på nytt trekkplaster i Odda
Julia Celina Aase Svåsand, driftsansvarleg for turistinformasjonen i Ullensvang, stadfester at den nye stavkyrkja og campingen vekkjer merksemd.
– Det skapar merksemd for dei som køyrer forbi, og får dei til å stoppa i Odda, seier Svåsand.
Dei norske turistane kjenner Lothepus og kyrkja frå før, men også utanlandske turistar ynskjer å sjå nærmare på «the stave church».
– Håpet for oss er sjølvsagt at dette skal få turistane til å bli ein dag lenger i Odda, og at dette kan verta eit landemerke som Trolltunga og Bondhusvatnet.
– Er alle like begeistra?
– Stort sett. Men ein turist som reiste rundt for å spesifikt vitja stavkyrkjer og kyrkjer får mellomalderen hevda dette ikkje var ei stavkyrkje, når me omtalte Lothepus si stavkyrkje.
Inne i bygget er det hengt opp ei klokke. Men bygget er ikkje vigsla, og skal ifølgje Lothepus ikkje brukast til religiøse seremoniar.
Foto: Olav Røli / NRKKlar for neste bygg
Ordførar Roald Aga Haug (Ap) i Ullensvang, seier bygget har vore kalla stavkyrkje i dei kommunale prosessane.
Og at politikarane lokalt stort sett har vore positive.
– Det har vore ein større jobb å overtyda Statsforvaltar og fylkeskommune, seier han.
Ordføraren er berre glad for at Lothepus har bygd noko på det gamle industriområdet.
– Lothepus er eit fenomen som eg har lurt på sjølv. Men han har klart å forvalta kjendisstatusen sin på ein god måte. Han er jo ein likande kar, meiner ordføraren.
Og trudde du Lothepus var nøgd no, må du tenkja om igjen.
– Eg har lyst å byggja det største og råaste vikingskipet i Noreg, svarar han i kjent stil.
På campen ved stavkyrkja, eller var det ei stavkyrkje, er det god stemning. Der har det stort sett vore nesten fullt belegg sidan opninga.
Foto: Olav Røli / NRKPublisert 23.07.2025, kl. 05.18 Oppdatert 23.07.2025, kl. 07.46