Turistperla i Kongos krigssone

2 months ago 20


Landskapet bølgar seg bortover, før ei fjellside plutseleg skyt til himmels, opp til eit lunefullt vulkankrater – det er berre nokre få år sidan det buldra der oppe og glødande lava rant ned mot storbyen Goma.

Dramatisk vakre kulisser

Kivusjøen ligg der stille som eit samlingspunkt mellom vill natur. Men under det stille vatnet lurer enorme mengder metangass.

Kvar gong jordplatene under innsjøen rører på seg kjem også frykta for at den giftige gassen skal få fri veg oppover og kvele millionar av menneske som bur rundt Kivusjøen. Sjansane for at det skjer er mikroskopiske, men konsekvensane ville vore kolossale.

Nyamuragira-vulkanen, fotografert i 2021, då den var aktiv

Nyamuragira-vulkanen var sist aktiv i 2019.

Foto: AFP

Rundt den lunefulle innsjøen ligg tjukk jungel som er heimen til sjeldne gorillafamiliar – det unike trekkplasteret som faktisk fører til at nokre få turistar tek vegen hit.

Der er naturens enorme kontrastar som slår mot deg når du entrar Aust-Kongo. Kulissane er så vakre at turistane hadde valfarta hit, om det ikkje var for alt det mennesket steller i stand her.

Ein regnboge over ein landsby, nær Masisi i Aust-Kongo. Langs vegen går ei kvinne og eit barn.

Ei mor går langs ein veg, saman med si dotter. Dei bur i utkanten av byen Masisi i Aust-Kongo.

Foto: AFP

Konflikten omhandlar også oss

Denne månaden tok nesten 3000 menneskeliv brått slutt då eksplosjonar og skotsalvar fylte Goma. Ein milits, væpna til tennene av nabolandet Rwanda, vant ein rask siger over ein uorganisert kongolesisk hær og innleigde rumenske og bulgarske leigesoldatar.

M23-militsen seier dei angrip fordi dei forsvarer tutsi-folket mot diskriminering. Kongo meiner derimot at militsen eigentleg er ute etter mineral, og at nabolandet Rwanda støttar militsen for å rane til seg verdiar som ligg inni Kongo.

Grøne åsar i Rwanda, nær grensa til Kongo

Åskammane tek aldri slutt i grenseområda mellom Rwanda og Kongo.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Uansett kva versjon ein vel å tru på, så er det tung materie å fordøye. At etniske konfliktar overlever fleire generasjonar, er vondt å innsjå. Det same er det at eit internasjonalt næringsliv framleis er villige til å kjøpe blodmineral, slik at det lønar seg å drive krig rundt Aust-Kongos mange gruver.

Det som skjer i Aust-Kongo kan verke langt unna, men samtidig kan det også vere heime i stovene våre. Eller i garasjen. Mobiltelefonar og elbilar er berre noko av det Kongos mineral blir brukt til.

Det grøne skiftet og klimakampen kan faktisk gjere livet vanskelegare for dei som bur blant dei ettertrakta naturressursane. For verda har framleis ikkje klart å løyse problemet som er blitt peika på i årevis.

Ein gorilla i Rwandas grøne jungel, dei finnest også i Kongo

Ein gorilla i nasjonalparken Virunga. Denne held til i Rwanda, men gorilla finnest på begge sider av grensa til Kongo.

Foto: AP

Slaveri, koloni og Belgia

Så nok ei gong er Kongos folk taparane når verdshistoria er i endring, slik det også har vore mange gonger før.

Då Europa oppdaga Amerika var kongolesarar blant dei som betalte den høgste prisen og vart lasta på slaveskipa.

Mange folk er stadig på flukt frå kampar i Aust-Kongo

Flyktningar fraktar sine eigendelar. I Aust-Kongo er mange på flukt frå kampar som rammer store område.

Foto: AFP

Det var kongolesarane som måtte tole den verste koloniherren av dei alle – Kong Leopold av Belgia – som rana Kongo for råvarer, og særskild gummien som på hans tid var heilt sentral for at Europas bilindustri skulle få fart på hjula.

Og då belgiarane omsider drog, så stod kongolesarane att med eit land, der grensene var dratt opp av europearar, og Kongo-elva stort sett var det einaste av infrastruktur på tvers av landet. Og den hadde ikkje belgiarane skapt.

Kolonimakta hadde heller ikkje utdanna kongolesarane. Berre 16 kongolesarar hadde høgare utdanning då dette enorme landet plutseleg skulle forsøke å skape ein stat ut av det håplause utgangspunktet den kvite mann hadde skapt.

Ein flyktningleir blant lavastein, i utkanetn av Goma, aust i Kongo

Flyktningleirar finnest det mange av i Aust-Kongo. Her frå ein leir i utkanten av storbyen Goma.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Drapet på frigjeringshelten

Frigjeringshelten Patrice Lumumba tok på seg jobben, og førte ein politikk som var sterkt kritisk til Vesten. Det tok mindre enn eit år før han vert drepen. Historia har i ettertid vist at både Belgia og USA var innblanda i drapet på mannen som framleis vert sett på som ein helt over heile Afrika.

Likevel tok det meir enn 60 år før Belgia kom med ei slags unnskyldning, og Kong Philippe av Belgia leverte tilbake gulltanna som er det einaste som er att av Lumumbas lik, som i si tid vart partert og oppløyst i syre.

Etter drapet på Lumumba tok Mobutu Sese Seko over makta i Kongo, ein president som gjennom 30 år var ein trufast alliert av Vesten. Han var ikkje like flink til å utvikle ein stat til det beste for det kongolesiske folk.

Heilt sidan Kongos landegrenser for første gong vart teikna på eit kart i Berlin har verdas stormakter utnytta landet. Også i dag er det mange sugerøyr inn i Kongos rikdom, der Kina og Canada er blant dei største aktørane innan gruveindustrien.

Folk flest i Kongo ser lite til all rikdommen. Korrupsjonen er omfattande, og ein svak stat klarer verken å få på beina ein slagkraftig hær eller politivesen.

Når landet i tillegg er enormt, og ulike folkegrupper bur på kryss og tvers av landegrenser, så ligg vegen open for trøbbel. Væpna grupper har i årevis teke seg til rette djupt inni Kongos skogar.

Ei stridsvogn på ein veg, med vulkan i bakgrunnen

Væpna grupper, den kongolesiske hær og FN-styrkar er berre noko av det du kan møte på i Aust-Kongo.

Foto: AFP

Gatejustisen er sterkare enn rettsstaten

Og at Kongos folk har lite tiltru til sin eigen stat vart ganske tydeleg for meg då trafikken i Goma plutseleg vart saktegåande.

Eg var på veg til ein flyktningleir i utkanten av byen då ei folkemengde plutseleg stod i vegbanen. Midt i mengda stod nokre menneske i Røde Kors-vestar. Dei rydda bort nokre forkola lik.

Eg hoppa ut av bilen for å filme. Eg hadde høyrt at Røde Kors i dagevis hadde rydda gatene for lik etter kampane mellom M23 og hæren.

Men denne gongen var det ikkje krigsoffer, men derimot mangelen på ein rettsstat som hadde fått gatejustisen til å råde.

Dei utbrente menneskekroppane var alt som var igjen av nokre kriminelle som først hadde blitt drepne, og deretter sette fyr på – midt i vegbanen.

I Noreg ville det blitt rettssak, og kanskje fengselsstraff. I Goma enda det med mord – fordi folk meiner at det å gå til politiet berre vil føre til at dei kriminelle hamnar på gata igjen, og problemet ville vare ved.

Rundt dei forkola lika stod mengder med barn med alvorlege ansikt og store auge. Dei lærte kanskje den dagen at dei ikkje bør bli kriminelle. Men kva anna tok desse borna med seg frå episoden i vegbanen, og kva lærte dei om samfunnet dei er ein del av?

Sentrum-periferi i Kongo

Kongo er landet som kan få den mest ihuga Oslo-bebuar til å forstå at distriktspolitikk verkeleg har noko for seg. Maktsentrum er Kinshasa. I utkantane er det anarkiet rår. Lokale konfliktar får utvikle seg fritt, og nokre meiner våpen er deira beste forhandlingskort.

I utkantane sit mange med ei kjensle av at hovudstaden berre er interessert i kva dei kan få, og ikkje kva staten kan gi tilbake.

Flyktningar ved ei vasskran i Goma

Barn hentar vatn frå ei vasskran i ein flyktningleir utanfor Goma.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Difor er det også enkelt for ein del motstandsgrupper å rekruttere medlemmar. Og når dei også får støtte frå eit naboland, som har sine heilt eigne interesser, så tårnar problema seg opp.

Det er dette som skjer i Aust-Kongo, der heilt uskyldige folk gong på gong vert sittande mellom barken og veden, eller kuler og granatar – om du vil.

Eit samansurium av ulike samfunnsproblem møtest i Aust-Kongo – der folket har fått naturen som ei gåve frå Gud, og krigen som ei forbanning frå mennesket.

Publisert 16.02.2025, kl. 15.32

Read Entire Article