Ukraina og Russland einige om ny fangeutveksling

1 week ago 6


Det blei ein kort prosess då delegasjonane frå Ukraina og Russland møttest i Istanbul.

Den tyrkiske utanriksministeren Hakan Fidan starta møtet onsdag kveld med ei innstendig oppfordring:

– Målet vårt er å gjere slutt på denne blodige krigen, som har ein veldig høg kostnad, så snart som mogleg.

– Det ultimate målet er ei våpenkvile som vil bane veg mot fred.

en gruppe menn som sitter ved et bord med mikrofoner

Vladimir Medinskij (h) møtte den ukrainske delegasjonsleiaren åleine før dei offisielle samtalane var i gang.

Foto: Murad Sezer / Reuters / NTB

Men etter mindre enn ein time var samtalane ferdige, melder den ukrainske kringkastaren Suspilne.

Ny fangeutveksling

Dei tidlegare forhandlingsmøta har ført til store fangeutvekslingar, og dette blei også eit resultat av onsdagens samtale.

– Hovudresultatet er utveksling av ikkje berre militærpersonell, men også sivile, seier ei anonym kjelde ifølge Reuters.

Den ukrainske delegasjonen avviste at dette var ein del av avtalen, då den møtte pressen etter forhandlingsmøtet.

en gruppe menn i dress som sitter ved et bord med mikrofoner

Ukrainske Rustem Umerov (v) på plass i møterommet.

Foto: Murad Sezer / Reuters / NTB

– Vi skal ikkje utveksle barn. Vi skal ikkje utveksle sivile. Sivile og barn må bli overleverte. Vi snakkar her om utveksling av krigsfangar, seier ein talsperson.

Partane er blitt einige om å utveksle 1200 fangar frå kvart land. I tillegg har Russland tilbode å overlevera 3000 døde ukrainske soldatar.

Kort tid etter møtet opplyste President Volodymyr Zelenskyj at ei fangeutveksling allereie hadde funne stad på onsdag. Det er ikkje klart kor mange fangar som vart overlevert. Presidenten skreiv på Telegram at fangane var i svær dårleg forfatning.

Delegasjonane klarte ikkje å forhandle seg nærare ei våpenkvile.

Den russiske delegasjonen i Istanbul opplyste at dei foreslo fleire kortvarige våpenkviler på mellom 24 og 48 timar. Det var ikkje ukrainarane interesserte i.

– Slike kortvarige våpenkviler inneber ikkje noko genuint opphald i angrepa, seier ein talsperson for ukrainsk UD.

Rustem Umerov på ukrainsk side seier dei har avtalt eit nytt leiarmøte mellom han og Vladimir Medinskij innan slutten av august.

Dei to delegasjonsleiarane møttest også onsdag før dei offisielle samtalane.

Ber om toppmøte mellom Zelenskyj og Putin

Tidlegare denne veka sa Zelenskyj at desse ukrainske krava stod på agendaen:

  • at ukrainske krigsfangar og barn som har blitt bortførte av Russland får kome heim
  • førebuing av eit toppmøte mellom han sjølv og den russiske presidenten

Vladimir Putin i dress som sitter ved et skrivebord

Onsdag heldt Vladimir Putin eit digitalt møte med regjeringa si. Biletet er delt av det statlege nyheitsbyrået Sputnik.

Foto: MIKHAIL METZEL / AFP / NTB

Putin har tidlegare blitt utfordra til å møte Zelenskyj. Han svarte då at han ikkje ser på ukrainaren som ein legitim leiar i landet.

Ukraina, som er i militær unntakstilstand, heldt ikkje eit nytt val då presidenten sitt mandat gjekk ut i fjor. Desse varar vanlegvis i fem år.

Russland nektar også for å ha bortført ukrainske barn. Under det siste møtet i juni, gav den russiske delegasjonen ei liste over sine krav til Ukraina:

  • ei full tilbaketrekking av ukrainske styrkar frå fire regionar i Ukraina som Russland har okkupert
  • eit tak på kor stort militære Ukraina skal få lov til å ha
  • fleire rettar til russisk-talande borgarar i Ukraina
  • at Kyiv let vere å bli medlem i Nato eller nokon annan allianse

en mann som sitter ved et bord

Volodymyr Zelenskyj under eit møte i den ukrainske nasjonalforsamlinga 17. juli.

Foto: Vadym Sarakhan / AP / NTB

Ukrainarane meiner at å akseptere desse vilkåra ville vere det same som å overgi seg, melder Reuters. Zelenskyj skildrar dei som eit ultimatum.

Ukraina vil ha ei umiddelbar våpenkvile, gjenoppbygging, internasjonale tryggingsgarantiar og ingen restriksjonar på deira militære styrke.

Interessert i meir frå Utanriksredaksjonen? Høyr vår siste radiosending her:

Publisert 23.07.2025, kl. 17.04 Oppdatert 23.07.2025, kl. 22.36

Read Entire Article