Ursula von der Leyen: – Ukraina kan alltid stole på Europa

7 hours ago 5


Leiaren for EU-kommisjonen Ursula von der Leyen møtte pressa i Brussel søndag ettermiddag, saman med den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj.

Zelenskyj kom til Brussel for å delta i eit videomøte saman med ei rekkje europeiske leiarar for å diskutere det vidare arbeidet for fred i Ukraina.

– Så lenge det er eit blodbad i Ukrina, vil Europa halde fram med diplomatisk og særleg økonomisk press på Russland, sa von der Leyen.

Både von der Leyen og Zelenskyj understreka at dei set pris på Donald Trump sin innsats for ei fredsløysing.

– Spørsmålet om territorium er viktig, og må bli diskutert i eit møte der både Russland, USA og Ukraina er med, sa Zelenskyj.

Og han la til:

– Dei noverande frontlinjene i Ukraina bør vere startpunktet for fredsforhandlingar.

menn i dress som sitter ved et bord

Videomøte mellom europeiske leiarar søndag ettermiddag.

Foto: PHILIPPE MAGONI / Reuters / NTB

Tryggingsgarantiar viktig

Begge understreka at det er avgjerande å få på plass tryggingsgarantiar etter ein eventuell fredsavtale.

Den amerikanske utanriksministeren Marco Rubio seier at slike tryggingsgarantiar blir eit tema i møtet i Det kvite hus måndag.

– For at krigen skal få ein slutt er det ting Russland vil ha som dei ikkje kan få, og ting som Ukraina vil ha som dei ikkje kan få, seier Rubio til CBS søndag.

Han seier også at det ikkje er sikkert at USA greier å få til ein slutt på krigen i Ukraina.

– Dersom det ikkje blir mogeleg å skape fred, og krigen held fram, vil folk framleis døy i tusental. Vi kan dessverre ende opp der, men vi ønskjer ikkje det, seier Rubio.

Marco Rubio i dress og slips

Utanriksminister Marco Rubio under toppmøtet i Alaska.

Foto: Kevin Lamarque / Reuters / NTB

Møtet i den såkalla «koalisjonen av villige» starta ved 15-tida. Det blir leia av den britiske statsministeren Keir Starmer, presidenten i Frankrike Emmanuel Macron og den tyske forbundskanslaren Friedrich Merz.

Også statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) deltek i videomøtet.

Møter Trump måndag

Etter toppmøtet mellom presidentane Vladimir Putin og Donald Trump i Alaska fredag, inviterte Trump den ukrainske presidenten til Det kvite hus måndag.

Søndag blei det klart at Zelenskyj får med seg ei rekkje europeiske leiarar til møtet.

Leiaren for EU-kommisjonen Ursula von der Leyen reiser, det gjer også den tyske forbundskanslaren Friedrich Merz, presidenten i Frankrike Emmanuel Macron, statsministeren i Storbritannia Keir Starmer, den finske presidenten Alexander Stubb, statsministeren i Italia Giorgia Meloni og Natos generalsekretær Mark Rutte.

Alle kjem til å delta i møtet saman med Zelenskyj og Trump.

– Merz vil diskutere status i arbeidet for fred i Ukraina, og understreke at Tyskland ønskjer ein rask fredsavtale, seier ein talsperson for Merz.

noen få menn som snakker

Trump la ikkje fram ein avtale av noko slag etter møtet med Putin.

Foto: GAVRIIL GRIGOROV / AFP / NTB

President Donald Trump sitt fremste mål for toppmøtet i Alaska var på få på plass ei våpenkvile. Det skjedde ikkje.

Etter møtet oppdaterte han Zelenskyj, europeiske leiarar og Nato-sjefen i ein telefonsamtale.

Fredsavtale – ikkje våpenkvile først

På det sosiale mediet Truth Social oppsummerte han møtet slik:

– Alle var fast bestemt på at den beste måten å avslutte den forferdelege krigen mellom Russland og Ukraina på er å gå direkte til ein fredsavtale, som ville avslutte krigen, og ikkje berre ei våpenkvileavtale, som ofte ikkje varer.

Dette er ikkje stadfesta frå andre kjelder, og blir truleg eit viktig tema i møtet måndag.

At ei våpenkvile først må på plass, har lenge vore eit krav frå Ukraina og europeiske land.

Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj seier at innsatsen for å avslutte krigen i Ukraina blir vanskelegare når det ikkje lenger er snakk om våpenkvile.

– Vi ser at Russland avviser talrike oppfordringar om våpenkvile og at dei enno ikkje har bestemt når dei vil stoppe drapa. Dette kompliserer situasjonen, skreiv den ukrainske presidenten på X laurdag kveld.

Interessert i meir utanriksstoff? Høyr Utanriksredaksjonen sin podkast.

Publisert 17.08.2025, kl. 14.59 Oppdatert 17.08.2025, kl. 15.53

Read Entire Article