Folk har framleis kome på jobb på Ashoka Tower i Gujarat, som husar nokre av dei største tekstilselskapa i India.
Men varene dei sel til USA i dag, kjem med ekstra gebyr på heile 50 prosent av prisen. Dei indiske styresmaktene skildrar auken som «urettvis, utan forklaring og urimeleg».
Mange av bedriftene har kansellert dei amerikanske bestillingane som har kome inn, melder Reuters.
Tapet er vesentleg. USA er det landet som India tener mest på å selje til. Slik har det vore i fleire år.
Tekstilseljarar sorterer varene sine på Ashoka Tower i Gujarat, som husar nokre av dei største tekstilselskapa i landet.
ReutersLeiaren av Ashoka Tower, Ragnath Sharda, er ikkje imponert:
– Trump tek einsidige avgjerder, sjølv om India er eit samarbeidsvillig land, seier han, og legger til:
– Vi må finne marknader utanfor USA for å styrke næringa vår.
Fleire produsentar av tekstilar, sjømat og smykke meldte onsdag at dei på slutten av dagen hadde blitt utkonkurrerte av rivalane sine i andre land, melder Reuters.
Rivalane held til i blant anna Bangladesh og Vietnam.
Den indiske tekstilindustrien er hardt råka av dei nye tollane, skriv Reuters. Fleire selskap har kansellert bestillingar frå USA.
Foto: Adnan Abidi / Reuters / NTBMelder allereie om tap
Tollen på 50 prosent er ei dobling av tollen president Donald Trump allereie hadde innført på indiske varer.
Satsen er ein av dei høgaste som Trump har innført mot noko anna land. Men nokre varer har så langt fått unntak:
Legemiddel
Foto: DIBYANGSHU SARKAR / AFP / NTBDatabrikker
Foto: FLORENCE LO / Reuters / NTBSmarttelefonar
Foto: JOE RAEDLE / AFP / NTBBilar
Foto: Rafiq Maqbool / AP / NTBStål
Foto: Amit Dave / Reuters / NTBAluminium
Foto: Rafiq Maqbool / AP / NTB
Straff for import av russisk olje
Trump har den siste tida prøvd å presse India til å droppe importen av olje frå Russland, som er ei viktig inntektskjelde for russarane si krigføring i Ukraina.
No som tollen aukar, seier USA at det skjer fordi India ikkje har stoppa importen.
India har ikkje vist noko teikn til at dei ønsker dette. Styresmaktene lovar å velje den «beste avtalen» for å sikre energi til 1,4 milliardar indarar, melder BBC.
Her blir russisk olje frakta med tog gjennom Ajmer i India. Det er denne oljen USA viser til, no som dei aukar tollsatsane.
Foto: HIMANSHU SHARMA / AFP / NTBIndisk UD har tidlegare vist til at dei bytta marknad for oljekjøp då Russland invaderte Ukraina, fordi dei europeiske landa trengte nye forsyningskjelder for sitt energibehov.
Den gongen var det USA som oppfordra til handel med Russland, sa dei vidare. Det var altså medan Joe Biden var president.
Forhandlingsmøtet om handel som var planlagt denne veka mellom India og USA, er avlyst.
Reuters: India førebur tiltak
Dei indiske styresmaktene skal i staden halde møter for å planlegge nye tiltak for å verne om industrien, seier ei anonym kjelde i regjeringa ifølge Reuters.
Blant tiltaka dei nemner er å auke eksporten av dei same varene til andre land, gi pengestøtte til dei råka bedriftene, og forhandle vidare med USA.
Leiaren for Indias største handelsorganisasjon FIEO, Ajay Shai, ber onsdag om at regjeringa rykker ut for å hjelpe næringane som er råka.
– Vi vil sikre at vi er i stand til å bevare jobbane til folk, også dersom verksemdene stoppar, seier han til AFP, og legg til at dei framleis er optimistisk om forhandlingane.
Den indiske statsministeren Narendra Modi har tidlegare lova lågare skatt for å motverke tollsatsane, som trugar jobbane til fleire millionar indarar.
– Vi burde bli sjølvgåande – ikkje av desperasjon, men av stoltheit, sa Modi i ein tale på den indiske uavhengigheitsdagen, 15. august.
Han har gjenteke det fleire gongar sidan.
Publisert 27.08.2025, kl. 22.45