USA og Japan einige om handels­avtale – bilaksjane stig

1 week ago 5


USA og Japan har blitt einige om ein handelsavtale.

Trump har tidlegare trua med rundt 25 prosent toll frå 1. august dersom landa ikkje kom fram til ein avtale.

Handelsavtalen inneber 15 prosent toll på import av japanske varer – det same gjeld for amerikanske varer til Japan.

en mann som holder en stor pappeske

Nyheita om handelsavtalen er på framsida av fleire aviser i Japan.

Foto: Eugene Hoshiko / AP / NTB

– Eg har akkurat signert den største handelsavtalen i historia med Japan. Vi har jobba lenge og hardt – det er ein god avtale for alle, skriv Trump på Truth Social.

Ifølge Trump skal Japan som ein del av avtalen investere 550 milliardar dollar i USA.

– Det viktigaste er kanskje at Japan vil opne landet for handel med blant anna bilar, lastebilar, ris og enkelte andre landbruksprodukt og andre ting, skriv Trump.

Stadfester avtale

Den japanske statsministeren Shigeru Ishiba ville først ikkje seie noko om avtalen, men ein liten time seinare stadfestar han dei nye tollsatsane.

– Vi blei einige om å halvere den ekstra tollsatsen på 25 prosent som har vore pålagd bilar og bildelar sidan april, til 15 prosent, seier Ishiba.

en mann med briller

Statsminister i Japan Ishiba vil ikkje seie noko om avtala enno.

Foto: PHILIP FONG / Reuters / NTB

Fleire japanske medium har spekulert i om statsministeren kjem til å gå av. Det etter at samarbeidsregjeringa mista fleirtalet i valet førre veke.

Sjølv avviser Ishiba påstandane om at han har bestemt seg for å gå av.

Oppgang på børsane

Bilaksjane i Japan steig kraftig etter nyheita om ein ny avtale blei kjent. Den inneber at eksisterande tollsatsar går ned frå 25 prosent til 15 prosent, ifølge kringkastaren NHK.

  • Aksjane til Toyota steig med nesten 10 prosent
  • Nissan med 6,5 prosent
  • Honda med 8,15 prosent

en mann som står foran et skilt

Nikkei i pluss viser ein stor tavle i Tokyo.

Foto: Kim Kyung-Hoon / Reuters / NTB

Amerikanske bilprodusentar er uroa

Ei gruppe som representerer General Motors, Ford og Chrysler-eigar Stellantis er bekymra over avtalen.

Toll på bilimport frå Japan går ned til 15 prosent, medan toll på import frå Canada og Mexico blir verande på 25 prosent.

American Automotive Policy Council som representerer dei tre bilprodusentane er ikkje nøgd.

– Ein slik avtale er ein dårleg avtale for amerikansk industri og amerikanske bilarbeidarar, hevdar Matt Blunt. Han seier dei framleis vurderer avtalen.

Toll på metall er ikkje ein del av avtalen. heller ikkje forsvarsutgifter, ifølgje AFP.

Skal forhandle med EU onsdag

Trump skriv òg at representantar frå EU kjem for å forhandle onsdag.

Fleire EU-land, blant anna Tyskland og Frankrike, sa for nokon dagar sidan at dei vil svare med eigne toll- og handelstiltak.

EU vurderer blant anna å leggje toll på varer frå USA verdt over 90 milliardar euro.

Dette må du vite om toll

  • Kva er toll?

    Toll er ei avgift staten legg på varer som kryssar landegrensa.

    Noreg krev til dømes toll på ost som blir importert frå utlandet. Det gjer at det kostar meir for utanlandske produsentar å selja ost i Noreg, samanlikna med norske produsentar.

    Donald Trump bruker også ofte ordet tariff. Ein tariff er ei oversikt over fleire tollsatsar.

    Kilde: Regjeringa/Store norske leksikon

  • Korleis fungerer det?

    I praksis blir toll betalt av bedrifta eller personen som importerer vara. Det skjer når varer passerer grensa.

    Inntektene frå tollen går til landet som har innført han.

    Men sidan det då kostar meir å selja ei vare i utlandet, kan ei bedrift setja opp prisen på produktet for å dekkja inn kostnaden av tollen.

    Dermed kan prisen av toll også gå ut over forbrukarane.

    Donald Trump meiner derimot at auka tollsatsar kan få fleire bedrifter til å lage produkta sine i USA. Det vil dei gjere for å sleppe kostnaden av å sende varer over grensa og dermed sleppa å betale toll.

  • Kva er formålet?

    Ein toll på importerte varer kan verne eit land sine eigne bedrifter mot konkurranse frå utlandet.

    Toll gjer at varer blir dyrare for forbrukarar i landet dei blir importerte til.

    Ved å gjere utanlandske varer dyrare, kan staten håpe at folk heller kjøper lokale produkt.

  • Kva gjer USA no?

    Donald Trump har sagt at han er ein stor tilhengjar av auka toll.

    Den amerikanske presidenten har sagt at USA innfører ein minimumsstoll på 10 prosent mot alle land.

    På toppen av det vil ulike land få endå meir toll, avhengig av kva dei eksporterer og kor mykje dei eksporterer til USA.

    Regjeringa anslår at Trump innfører ein toll på 16 prosent mot alle norske varer som blir sende til USA.

    Den amerikanske presidenten er mot det som blir kalla frihandel. Frihandel betyr at varer kan eksporterast utan toll, på tvers av landegrenser.

  • Kva konsekvensar får dette for Noreg?

    Folk og bedrifter i Noreg vil bli ramma av USAs nye tollsatsar:

    Noreg eksporterer varer verd over 60 milliardar kroner til USA årleg. Desse varene blir no dyrare i USA.

    1. Norske bedrifter kan dermed miste kundar
    2. Viss Noreg svarer med toll mot USA, kan utanlandske varer bli dyrare her heime
    3. Høgare prisar kan føra til høgare inflasjon

    Bedrifter som sel varer EU, Kina eller andre land kan også bli ramma. Det skjer fordi USA no krev auka toll frå fleire land.

    Norske bedrifter kan dermed bli nøydde til å kutte arbeidsplassar eller setja opp prisane på varene sine.

    Viss inflasjonen i Noreg held fram med å vere høg, vil det bli vanskeleg for Noregs bank å setja ned renta.

Trump har trua med innføre 30 prosent toll på varer frå Europa frå 1. august.

Dei nye tollsatsane blei lansert av Trump i april, sidan det har fleire forhandla med USA for å endre dei.

Interessert i meir utanriksstoff?

Publisert 23.07.2025, kl. 03.26 Oppdatert 23.07.2025, kl. 08.41

Read Entire Article