USA, Russland og Ukraina-krigen: Dette har skjedd

2 months ago 17


Dei siste dagane har det vore mykje merksemd rundt USAs president Donald Trump og Ukraina-krigen.

Har du mista oversikta?

Her er ei oppsummering av det viktigaste som har skjedd, og kva ulike partar seier og meiner om utviklinga.

Dette svarer vi på:

  • Kva Trump har sagt om Ukraina og Zelenskyj, og korleis Ukraina og Europa har reagert.
  • Vi ser òg på møtet mellom USA og Russland i Saudi-Arabia.
  • Til slutt samanfattar vi status i krigen og kva som kan skje vidare.

Kva har Trump sagt om Ukraina og Zelenskyj?

USAs president Donald Trump har kome med fleire kontroversielle utspel om Ukraina-krigen og Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj.

Onsdag skreiv Trump på Truth Social at Zelenskyj er «ein diktator».

Skjermdump frå Truth Social 19.02.2025

Eit skjermdump av innlegget til den amerikanske presidenten på Truth Social som han eig. Frå 19.02.2025.

Faksimile: Truth Social

NRK har snakka med to forskarar som fortel kva utsegna til den amerikanske presidenten kan bety.

  • Hanne Eggen Røislien, Tormod Heier.

    Tormod Heier

    Professor ved Forsvarets høyskole

    • Heier seier at Trumps utspel er «nærmast uverkeleg» og går svært langt i å understøtte Russlands mål om å få full politisk kontroll over Ukraina.
    • Han meiner òg at den sterke kritikken av Zelenskyj er eit hardt slag for forsvarsviljen og moralen til dei ukrainske soldatane.
    • Heier meiner det er uklart kva planar Trump har for Ukraina, men at eit alternativ kan vere at USA og Russland kan ende opp med kvar sin del av landet.
    • Eit anna alternativ, meiner Heier kan vere at Ukraina avviser ein avtale, noko som kan tvinge Europa til å ta over USAs rolle som hovudstøttespelar.
  • Seniorforsker ved NUPI Øyvind Svendsen

    Øyvind Svendsen

    Seniorforskar ved NUPI

    • Svendsen kallar Trumps melding for «absurd».
    • Han meiner utsegnet gir inntrykk av at Trump har bytta side, og at dette er noko av det mest dramatiske Trump kan seie til Ukraina og europeiske land akkurat no.
    • Svendsen seier òg at Trump si nye linje er ei stor forandring frå at USA. Landet har støtta Ukraina med stor kraft sidan krigsutbrotet.
    • Han peikar på at Trumps retorikk kan undergrave Nato-samarbeidet som har vore ein bærebjelke i europeisk tryggleikspolitikk dei siste 75 åra.

USAs president Donald Trump og Russlands president Vladimir Putin held eit bilateralt møte på G20-toppmøtet i Osaka, Japan, den 28. juni 2019.

Forskarar seier at det verkar som om Trump har bytta side. Tidlegare har USA vore den største støttespelaren til Ukraina.

Foto: Reuters

På tysdag hevda Trump at han kunne avslutte krigen raskt og kritiserte Ukraina for ikkje å ha inngått ein avtale tidlegare, under ei pressekonferanse frå sin bustad i Mar-a-Lago, Florida.

– Eg trur at eg har makta til å få ein slutt på denne krigen. Eg synest at det går ganske bra. No får eg høyre «vi blei ikkje invitert», sa Trump med tilvising til Ukraina.

Han heldt fram:

– De har vore der i tre år. De burde ha avslutta dette for tre år sidan. De burde aldri ha starta dette. De kunne ha fått til ein avtale, la han til.

Det stemmer ikkje at det var Ukraina som starta krigen. Den byrja då Russland annekterte Krim-halvøya i 2014.

I februar 2022 eskalerte krigen då Russland gjekk til fullskalainvasjon av Ukraina.

Trump påstod også at Zelenskyj har berre 4 prosent oppslutning i Ukraina.

Zelenskyj avviser dette som russisk propaganda.

Korleis har Zelenskyj svart?

Zelenskyj avviser påstandane frå Trump om at han har låg oppslutning hjå det ukrainske folket.

Han meiner at talet stammer frå russisk propaganda.

Zelenskyj skuldar Trump for å leve i ein «boble av desinformasjon».

Volodomyr Zelenskyj i Oslo. Nordisk toppmøte i Oslo. Statsminister Jonas Gahr Støre er vertskap for et nordisk møte i Oslo onsdag 13. desember, med Finlands president Sauli Niinistö, Sveriges statsminister Ulf Kristersson, Danmarks statsminister Mette Frederiksen og Islands statsminister Katrín Jakobsdóttir.Tema for møtet er nordisk samarbeid om forsvars- og sikkerhetspolitikk. I forbindelse med møtet blir det avholdt en felles pressekonferanse kl. 13.15 i Marmorhallen i Klima- og miljødepartementet

Zelenskyj kallar Trump sine utspel for «desinformasjon».

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK

– Mykje av desinformasjonen kjem frå Russland, seier Zelenskyj.

Ei undersøking frå Kyiv internasjonale senter for sosiologi frå desember 2024, viser at Zelenskyj har 52 prosent oppslutning.

Kva meiner Noreg?

Statsminister Jonas Gahr Støre har òg reagert på Trumps kommentarar og omtale av Zelenskyj som diktator.

– Det er djupt urimeleg. Han er ein folkevalt president med stor majoritet som fekk ein krig midt i sin periode, seier Støre til NRK.

Støre tar avstand frå utspelet til Trumps om Zelenskyj.

Støre tilbakeviste òg Trump sine påstandar om at Ukraina starta krigen.

Påstanden om at Ukraina starta denne krigen, er historisk feil. Det er viktig at vi ikkje let det bli ståande som ei slags falsk sanning. Det er feil.

Kva skjedde i møtet mellom USA og Russland?

Tysdag denne veka møttest representantar frå USA og Russland i Saudi-Arabia for å diskutere Ukraina-krigen.

Dei vart einige om ønsket om å avslutte krigen så raskt som mogleg, samt moglege framtidige samarbeid innan økonomi og geopolitikk.

Møtet er kontroversielt fordi korkje Ukraina eller europeiske land fekk delta.

USAs utanriksminister Marco Rubio deltek i eit intervju etter å ha møtt russiske tenestemenn, ved Diriyah-palasset i Riyadh, Saudi-Arabia, den 18. februar 2025.

USAs utanriksminister Marco Rubio i Riyadh, Saudi-Arabia, den 18. februar 2025.

Foto: AFP

Mange ekspertar, blant dei Nupi-forskar Øyvind Svendsen, meiner dette ikkje kan reknast som reelle fredsforhandlingar.

– Det som har skjedd i Saudi-Arabia er ikkje fredsforhandlingar. Det er umogleg å diktere ei løysing utan at Ukraina sit ved bordet, seier Svendsen.

Kvifor blei ikkje Ukraina invitert?

Ukraina har kritisert at dei ikkje fekk delta på møtet i Saudi-Arabia. Det har mange europeiske land òg.

Den ukrainske presidenten, Volodymyr Zelenskyj understrekar at landet ikkje vil akseptere ei fredsavtale dei ikkje har vore med å forhandle om.

Møte mellom USA og Russland i Saudi-Arabia

USA, Russland og saudiarabiske styresmakter på møte om vegen vidare i krigen i Ukraina.

Foto: - / AFP / NTB

USA har ikkje gitt eit klart svar på kvifor Ukraina vart halden utanfor, men utanriksminister Marco Rubio hevdar at alle partar i konflikten må vere «ok» med ei eventuell fredsavtale, skriv BBC.

Rubio har òg uttala at europeiske land får delta etter kvart på grunn av sanksjonane dei har sat mot Russland som følge av krigen.

Korleis har Europa reagert?

Frankrikes president Emmanuel Macron heldt eit krisemøte med europeiske leiarar måndag.

Noreg var ikkje invitert, men vart representert av Danmark.

Onsdag vert eit nytt møte halde, denne gongen med Noregs statsminister Jonas Gahr Støre som deltok digitalt.

Nupi-forskar Svendsen meiner relasjonen mellom USA og Europa har blitt svekka.

– Det er ganske dårleg. Det Trump har gjort med samtalane i Saudi-Arabia er å sette USA og Europa på sidelinja. Det er ei strategisk utfordring for Europa, seier han.

Kva seier Russland om utviklinga dei siste dagane?

Onsdag melder russiske medium at den russiske presidenten, Vladimir Putin er nøgd med utfallet av møtet i Saudi-Arabia.

– Eg vurderer dei høgt. Det er resultat, seier Putin ifølgje det russiske nyheitsbyrået Interfax.

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov representerte Russland i Riyadh. Der møtte han den amerikanske utanriksministeren Marco Rubio.

Sergej Lavrov og Jurij Usjakov på møtet i Saudi-Arabia.

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov og Putin-rådgivar Jurij Usjakov på møtet i Saudi-Arabia.

Foto: Evelyn Hockstein / AP / NTB

Lavrov rosa Trump for å ha peika på at USAs tidlegare administrasjon forsøkte «å dra Ukraina inn i Nato».

– Han er den fyrste vestlege leiaren som offentleg og høglydt har sagt at ei av dei underliggjande årsakene til situasjonen i Ukraina er den førre administrasjonen sin påtrengande linje for å dra Ukraina inn i Nato, seier Lavrov.

Kva er status i krigen nå?

Krigen held fram, men kampane var i januar mindre intense enn tidlegare, ifølgje hovudlærar Palle Ydstebø ved Krigsskulen.

Russland kontrollerer no om lag 20 prosent av Ukraina, inkludert Krim-halvøya og delar av regionane Donetsk, Kharkiv, Kherson, Luhansk, Mykolajiv og Zaporizjzja.

Samstundes har Ukraina tatt kontroll over ein liten del av Kursk-regionen i Russland.

– I praksis er det ein stillingskrig, seier Ydstebø.

Det stripa området på kartet viser område som blir kontrollert av Russland. Den raude streken og dei lysare områda viser område som Ukraina har.

Forsvarsprofessor Tormod Heier seier Ukraina no satsar meir på dronar for å unngå tap i nærstrid og for å svekke russisk infrastruktur.

– Dei har gradvis begynt å tære ned på den militære og sivile infrastrukturen i Russland for å minke noko av trykket frå frontlinjene, legg han til.

Kva skjer vidare?

Det er framleis uklart kva som skjer vidare.

Trump seier han reknar med å møte Putin i februar, noko talsperson til Kreml, Dmitrij Peskov stadfestar kan vere mogleg.

Samstundes seier Putin at han er open for samtalar med Zelenskyj dersom det vert naudsynt.

Frankrikes president Emmanuel Macron og Storbritannias statsminister Keir Starmer skal til Det kvite hus neste veke.

Interessert i utanriks? Lytt til utanriksredaksjonen si podkast:

Publisert 19.02.2025, kl. 21.06

Read Entire Article