Equinor tener framleis pengar, men mindre enn ved same kvartal i fjor.
Det kjem fram i ein ny kvartalsrapport som blei lagt fram i ei børsmelding onsdag morgon.
I andre kvartal i år tente selskapet 6,53 milliardar dollar før skatt.
– Eit godt og solid resultat, og eit resultat som er akkurat som vi venta, seier konsernsjef Anders Opedal til NRK onsdag morgon.
– Det er drive av god produksjon på norsk sokkel, og så har vi også hatt god produksjon av gass i USA der vi har opplevd høgare prisar. Så dette har gitt gode resultat.
– Eit godt og solid resultat, seier konsernsjef Anders Opedal.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTBEquinor tente likevel mindre enn i førre kvartal, og mindre enn same kvartal i fjor.
Selskapet tente 8,65 milliardar dollar i første kvartal i 2025. I andre kvartal i 2024 tente selskapet 7,54 milliardar dollar.
– Det vi ser, er at oljeprisen er lågare enn han var i andre kvartal i fjor, men gassprisen er noko høgare. Det gir eit resultat som er noko lågare enn det vi hadde på same tid i fjor, seier Opedal.
Nedskrivingar på nesten 10 milliardar norske kroner
– Dei er eit olje- og gasselskap, og skal jo svinge med olje- og gassprisen, og blir derfor veldig avhengig av prisutviklinga, seier sjeføkonom Kyrre Knudsen i Sparebank 1 SR-Bank. Han held fram:
– I all hovudsak svingar dei med desse to tinga, altså kva olje- og gassprisen er, og kva dei produserer.
– Dette har kosta dei cirka 10 milliardar kroner, seier sjeføkonom Kyrre Knudsen i Sparebank 1 SR-Bank om USA-satsinga.
Foto: Ole Andreas BøPå førehand var det venta at Equinor ville levere eit svakare resultat enn i førre kvartal, grunna lågare oljepris, ifølge analytikar Teodor Sveen-Nilsen i Sparebank 1 Markets.
I forkant av denne framlegginga har det også vore knytt stor spenning til Empire Wind-prosjektet utanfor New York.
Sveen seier at fleire venta nedskrivingar i selskapet grunna utsettinga av prosjektet.
Analytikar Sveen-Nilsen seier det er venta eit svakare resultat dette kvartalet.
Foto: Johan Sættem / NRKHeile prosjektet Empire Wind var i fare fordi Trump-administrasjonen beordra ein stans i byggjearbeidet, men i mai blei kursen endra.
Equinor har så langt ikkje sagt noko om dei økonomiske konsekvensane av utsettinga.
I børsmeldinga i dag kjem det fram at det blir gjort nedskrivingar på 763 millionar dollar knytt til Empire Wind og South Brooklyn Marine Terminal-prosjektet.
– Dette har kosta dei cirka 10 milliardar kroner. Så det blir jo eit opent spørsmål kor mykje ein får til på havvind i USA framover med den nye presidenten, seier sjeføkonom Knudsen.
Har varsla mindre fornybart
I heile fjor tente Equinor 335,2 milliardar kroner. Det er litt mindre enn i 2023.
Dei varsla då at dei framover ville auke olje- og gassproduksjonen, samstundes som dei senka målet om investeringar i fornybar energi.
– Kvifor klarar de ikkje tene pengar på fornybarsatsninga?
– Vi er inne i ein investeringsfase som gjer at investeringar og utgifter til å drifte vår fornybardivisjon framleis overstig dei inntektene som vi har. Det er fordi vi framleis er i vekst, seier Opedal til NRK i dag.
Han presiserer likevel at Equinor har auka sin fornybare kraftproduksjon samanlikna med same kvartal i fjor.
Publisert 23.07.2025, kl. 06.47 Oppdatert 23.07.2025, kl. 09.00