Det sa Kellogg då han onsdag besøkte Kyiv for første gong.
– Vi forstår behovet for sikkerheitsgaranti. Vi er veldig klare på at det er viktig for suvereniteten av denne nasjonen, seier han ifølgje Reuters.
Han sa at ein del av hans arbeid vil vere å sitte å høyre på kva leiarane har å seie.
Det er venta at han skal vere til stade i to dagar, der han blant anna vil møte Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj og sjefen for dei væpna styrkane Oleksandr Syrskyi.
TRAVELT: Tysdag møtte Kellogg den polske presidenten Andrzej Duda, samt leiaren for EU-kommisjonen Ursula vond der Leyen.
Foto: ReutersPå tysdag møtte Russland og USA i Saudi-Arabia for å diskutere korleis krigen kan stanse, men utan Ukraina til stades. Dette har vekt store reaksjonar frå det krigsråka landet.
Ukraina har gjentatte gongar understreka at dei må få ein sikkerheitsgaranti frå USA som gjer at Russland ikkje vil invadere Ukraina igjen etter ein fredsavtale er inngått.
Publisert 19.02.2025, kl. 10.04 Oppdatert 19.02.2025, kl. 10.26