– Både Palestina og Ukraina påverkar kva parti eg skal stemme på, seier Matea Ruhlin Saltvedt (21).
Ho og tre andre sit og førebur eksamen på Norges handelshøyskole (NHH).
– Eg er opptatt av kva partiet eg stemmer på vil gjere med den konflikten. Men eg kjenner at eg ikkje har nok kunnskap om kvart parti, seier venninna og namnesøstera Mathea Indahl (22).
Pro-israelsk markering og pro-palestinsk motdemonstrasjon framføre Stortinget.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTBVegrar seg for å flagge synspunkt
Mange NHH-studentar seier det ikkje er så kjekt å flagge synspunkt for eller mot Israel eller Palestina.
«Vi skal bli leiarar» og «vil ikkje bli googla om Israel om ti år», får vi høyre.
Matea og Mathea er derimot klare i talen.
– Eg er veldig mot Israel, dersom det er mogleg å seie det så enkelt. Denne konflikten er viktig for meg når eg skal velje parti.
Sjekk kva partia meiner om konflikten i Partiguiden til NRK.
– Store, viktige tema
I sola utanfor skulen sit Martin Løes (21) og William Kvalheim (20). Martin har ikkje bestemt seg for parti. William har, men vil berre avsløre at det blir «høgresida».
– Det er dei store, viktige temaa eg vil bry meg om. Helse og skattar, seier Martin.
– Skattar og avgifter, seier William.
NHH-studentane Martin Løes (til høgre) og William Kvalheim helsar Partiguiden til NRK velkommen.
Foto: Leif Rune Løland / NRKGaza, boikott og oljefondet er ikkje blant hovudsakene desse to legg vekt på. Dei seier også at økonomi dominerer diskusjonane blant medstudentane.
– Men det er vel palestinastøtte generelt i Noreg. Eg høyrde ei jente i ein diskusjon her i stad. Kvar våpen frå Kongsberg-gruppa hamnar var viktig for henne, seier Martin.
– Eg er veldig mot Israel. Dersom det er mogleg å seie det så enkelt, seier NHH-student Matea Ruhlin Saltvedt (til venstre), saman med Mathea Indahl og Kristine Strøm.
Foto: Leif Rune Løland / NRKUtanriks er blitt «populært»
Generelt har utanrikspolitikk ikkje vore eit viktig valkamptema i Noreg, i alle fall ikkje etter den kalde krigen og Murens fall.
Men nordmenn si vektlegging av utanriks- og forsvarspolitikk har blitt tidobla på tre år.
Det viser dei ferskaste resultata frå den store meiningsmålinga Norsk medborgarpanel, som har blitt gjennomført to-tre gonger i året sidan 2013.
Før Russland sin fullskala invasjon av Ukraina i 2023, svarte berre éin prosent av dei spurde at utanriks- og forsvarspolitikk var det viktigaste for dei personleg.
Nå i år svarer 10 prosent dette.
Valforskar Åsta Dyrnes Nordø fortel at nordmenn si vektlegging av utanriks- og forsvarspolitikk har blitt tidobla på tre år.
Foto: Leif Rune Løland / NRK– Vi ser ein markant auke etter at krigen i Ukraina starta i 2023, og ikkje minst nå etter at Trump kom til makta igjen i år.
Det seier førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, Åsta Dyrnes Nordø, som jobbar med Norsk medborgarpanel.
– Det er ganske unikt at dette har skjedd på så kort tid. Vi såg ein liknande auke i vektlegging av klima tidlegare, men det skjedde saktare enn vi ser for utanriks og forsvar nå.
– Også krigen i Gaza er noko mange nordmenn er opptatte av. Vi trur det bidrar til å auke utanriksinteressa.
Organisasjonen «Med Israel For Fred» (MIFF) markerte i mai Israels uavhengigheitsdag utanfor Stortinget, med ein pro-palestinsk motdemonstrasjon i bakgrunnen.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTBSærleg blant menn og eldre
Men trass i det kraftige oppsvinget, er utanriks framleis ikkje det viktigaste politiske temaet for veljarane.
– Helse ligg på topp, som vanleg. Deretter økonomi, og klima på tredjeplass. Utanriks og forsvar er nå den fjerde viktigaste saka i våre data, seier Nordø.
Spesielt eldre, middelaldrande og menn er opptekne av dette.
Klima er mindre viktig enn i 2021-valet, men framleis viktig for mange, særleg unge.
John Petter Stevik syns Gaza-krigen er eitt blant mange viktige spørsmål, men kanskje ikkje det mest avgjerande for kva parti han skal stemma på.
Foto: Leif Rune Løland / NRKValforskar: – Gaza-saka kan tvinge seg fram
Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking trur at Gaza-krigen og spørsmål om oljefondsinvestering og Israel-boikott kan bli viktige tema i årets stortingsval.
– Mange veljarar er engasjerte i dette, særleg unge. Uavhengig av kva politikarane gjer, kan saka tvinge seg fram. Men saka har ikkje dei klaraste politiske konfliktlinjene mellom partia.
Valforskaren meiner denne konflikten først og fremst skil Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet frå resten.
– Men også KrF og Frp vil jo vere veldig kritiske til Israels krigføring på Gaza. Så det er ulike nyansar.
– Gaza-krigen engasjerer, men me snakkar meir om politikk som er nærmare. Partiguiden blir nyttig, seier NHH-student Ingrid Fuglestad i sola saman med Maria Nedregård.
Foto: Leif Rune Løland / NRKFrp-suksess
Frp seglar nå høgt på meiningsmålingane, mens KrF framleis er under sperregrensa.
– Det kan nok vere at nokon spesielt Israel-vennlege går til KrF eller Frp. Men det er ikkje det som driv oppslutninga om Framstegspartiet nå, meiner Bergh.
Han trur heller at framgangen til Frp handlar om økonomisk politikk, skattepolitikk, og ei generell høgrebølge som har slått inn.
– Særleg blant unge veljarar som reagerer på progressiv politikk og «det politisk korrekte».
– Blir det eit større alvor over stortingsvalet i år?
– Ja, eg trur det. Vi lever i ei litt meir alvorleg tid enn vi har gjort dei siste to-tre tiåra, seier Bergh.
Ei kvinne sørgar over eit lik ved Al-Ahli-sjukehuset i Gaza.
Foto: APSjå kva partia meiner om fleire tema i Partiguiden til NRK.
Publisert 10.06.2025, kl. 06.25