«Utfordrar lyttevanane våre»

5 months ago 50


Lange­leiken feirar 500 år, og Ingrid Lingaas Fossum nyttar høvet til å gi ut sitt første solo­album.

Ho har vakse opp i Valdres, ein av få stader med ein levande langeleik­tradisjon, og byrja å spela langeleik tidleg i barndomen.

På det omfattande albumet speler ho på heile tolv gamle lange­leikar, den eldste datert 1524. I tillegg speler ho på ein kopi av langeleiken til Olav H. Hauge.

Det er sjukt mange langeleikar.

Eg veit knapt om nokon som har gjort noko liknande. Kva er så poenget med å spela på så mange instrument?

Å syna fram mangfaldet som finst i langeleik­tradisjonen verkar å vera ein viktig motivasjon.

Ingrid Lingaas Fossum viser frem tre ulike langeleik-instrumenter

UTHOLA PLANKE: Kort fortalt er langeleiken ein uthola planke med strengar festa i kvar ende. Ein slår strengane med eit plekter, ein såkalla snert, medan ein speler melodien med venstre handa, hovudsakeleg på éin streng. Dei resterande strengane, såkalla bordunstrengar, kling konstant med, og skapar ein kvilande tekstur som pregar lydbilde med forskjellige stemningar. Her visar Ingrid Lingaas Fossum fram tre langeleikar.

Foto: Cathrine Dokken Belshei

Mektig spel

Langeleiken hadde truleg si stordomstid på 1500- og 1600-talet, men er i dag å rekna som eit totalt underutforska instrument.

Han har fått langt mindre merksemd enn den perlemor­dekte hardingfela. Og det trass i at langeleikar er å finna i nesten heile Noreg.

I si opphaveleg form er langeleiken ganske still­ferdig. Han gjer ikkje mykje ut av seg der han kviler på bordet, men Fossum viser at instrumentet kan ha brøytande kraft og mana fram sterk uro.

Krafta kjem til dømes tydeleg fram når Fossum speler på den største langeleiken i instrument­arsenalet.

Langeleiken har ein tung og mektig kropp, og Fossum har funne to låtar som eignar seg godt til det digre instrumentet.

Til dømes på siste spor på albumet, som er to beinharde gang­låtar.

Spelet til Fossum er heftig og temperaments­fullt. Det er nesten skremmande å høyra på:

Samstundes viser Fossum at ho kan ta melodiane heilt ned til det skjøre.

«Tolvtalsvisa», den einaste låten kor Fossum òg syng, er til dømes ei fantastisk fin aukevise med eit forførande, religiøst drag over seg:

Rørande

Det mest særeigne med dei eldre langeleikane er deira individuelle tonalitet. Avstanden mellom notane varierer frå leik til leik, noko som gir forskjellige skala­typar og variasjonar.

Desse variasjonane var nok vanlege før, men me er mindre vande med å høyra dei i dag.

Det gjer dei spennande å høyra på. Dei eldre skala­typane gir heilt andre lytte­opplevingar enn kva dei standardiserte skalaane gjer.

Det kan vera mange grunner til at opplevinga kjennest så annleis, men eg trur ei viktig årsak er at den særskilde friksjonen som oppstår mellom tonane vekker noko sart, kanskje vemodig, i oss.

Det er all grunn til å vera glad for desse variasjonane Fossum løftar fram. Ho gjer det tydeleg at det finst eit stort, tonalt mangfald i langeleik­tradisjonen.

Lær mer om langeleik i dette innslaget frå «Studio 2»:

Færrast mogleg inngrep

Saman med langeleik­makar Oddrun Hegge har Fossum reist rundt i Noreg for å finna gamle langeleikar. Så har ho fått låna dei til dette prosjektet.

Fossum har tukla minst mogleg med langeleikane. Det er både for å ikkje skada dei gamle instrumenta, men òg for å få eit meir sannsynleg inntrykk av korleis dei faktisk har låte før.

Visse langeleikar hadde klirrelydar og ulydar som var så dominerande at ho likevel har gjort justeringar. Til dømes har ho lagt eit stykke filt under strengen for å heva han litt.

Det gjer meg nysgjerrig: Kva slags ulyd kom frå denne strengen? Kan det hende at det ikkje blei forstått som ulyd før?

Dei estetiske stil­idealane er i dag heilt annleis enn dei var før. Me får aldri heilt vita kva dei i gamle dagar rekna som ulydar.

Ingrid Lingaas Fossum utfordrar lytte­vanane våre med uvande skalaar, men så gjer ho visse inngrep for å fjerna det ho reknar som ulyd, klirring og støy.

Om noko av målet var å visa lyden til dei eldre instrumenta, burde ikkje då somme av ulydane òg få vera med?

Eg lurer på om det ikkje hadde vore betre om å ho lét oss høyra meir av skavankar og elding.

Det kunne på same tid gitt lyttaren eit større innblikk i dei spennande, musikalske prosessane ho har vore gjennom.

Uhyrleg viktig

Ingrid Lingaas Fossum har gjort ein solid innsats for å velja ut låtar som kler langeleikane og deira historie. Dette arbeidet er uhyrleg viktig.

Det framstår for meg som at Fossum ønsker inspirera, motivera, og visa fram moglegheiter på langeleiken, noko ho absolutt har lukkast med.

Albumet ber preg av å ville visa fram mykje, og fungerer kanskje aller best som eit referanseverk for tonalitets­forskarar og langeleik­tilhengarar.

Som dokumentasjon av langeleikar er dette albumet fenomenalt, men mengda låtar og leikar gjer at eg ikkje sit att med ei heilt samla album­oppleving.

Hei!

Eg er frilansar og folkemusikkritikar i NRK. Har du tips til noko eg burde høyrt, eller tilbakemelding på noko eg har skrive? Send meg gjerne ein e-post! 

Publisert 01.12.2024, kl. 10.44

Read Entire Article