Uvanleg redningsaksjon: Slik låg Emma Emmeline (2) i eit døgn

1 hour ago 3


– Det var ikkje veldig lovande ved aller første augekast, men trua auka då vi byrja å rydde, fortel Ole Arild Aa, konstabel i Gloppen Brann og Redning.

Varsellampa blinka då Emma Emmeline ikkje var å sjå saman med dei andre hestane måndag kveld.

Til vanleg går ho i utmarka saman med tre andre hestar i Gjengedal i Gloppen.

Både måndag kveld og tysdag søkte grunneigaren blant skog og kratt i vestlandsterrenget, før han høyrde ei spesiell pusting.

Sjå video av redningsaksjonen.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med grunneigaren, men fleire som NRK har snakka med, skildrar funnet som flaks.

– Hadde ikkje grunneigaren høyrt henne puste, så hadde han nok ikkje oppdaga henne, fortel Aa.

For i ein sprekk låg den 2 år gamle hesten i eitt med terrenget. Kilt under ei steinhelle, nedanfor skrent. Og med ei stor steinblokk i bakkant. Der har ho truleg lege i eitt døgn.

  • Menn i skogen

    Her sat hesten Emma Emmeline bom fast.

    Foto: Anders Ommedal
  • Menn i skogen og en hest

    Redningsmennene jobba med å få henne ut.

    Foto: Anders Ommedal
  • En gruppe menn i gule vester som jobber i en skog

    Mange deltok i det spesielle oppdraget.

    Foto: Kjell Aske
  • En gruppe mennesker som redder en hest i skogen Foto: Anders Ommedal
  • En gruppe mennesker i gule vester med en hest i skogen

    Til slutt gjekk det bra.

    Foto: Kjell Aske

Henta utstyr på bygda

Gloppen brann og redning såg raskt at dei ville trenge heilt andre ting enn brannslange, øks og brannstige.

– Vi såg biletet før vi reiste ut, og det såg litt vanskeleg ut, fortel Aa.

– Dette var i utmark, langt frå sentrum og utanfor telefondekning. Det var i alle fall viktig å ta med det ein ville få bruk for, held han fram og legg til:

– Vi måtte på bygda for å hente vinsjar og stroppar og slikt som vi ikkje har i bilane våre.

En gruppe menn i gule vester som jobber i en skog
En gruppe mennesker som redder en hest i skogen

Mange i sving for å redde hesten.

Det viste seg fort å komme veldig godt med. Vel framme såg konstablane berre i bakparten og i ryggen på Emma Emmeline.

Steinblokka i bakkant måtte vinsjast vekk. Og stroppar måtte både festast rundt hoppa for å skånsamt kunne få henne laus. Men først måtte det både gravast og jekkast.

– Så var det å vinsje forsiktig. Hesten var samarbeidsvillig, og låg i ro heile tida. Smått om senn, med list og lempe, så kom ho forsiktig tilbake og opp, seier Aa.

Gjekk for eiga maskin

Sjølv om brannmannskapet såg mørkt på det i starten, auka trua litt etter litt etter kvart som dei såg effekten av det dei gjorde for å frigjere hesten.

Etter ein par timar lang aksjon var hoppa frigjort. Etter nokre minuttar tok ho til seg både gras og vatn før ho for eiga maskin gjekk dei vel 200 meterane tilbake til stølsvollen.

Hoppa Emma Emmeline berga.

Bergingsaksjonen tok kring to timar.

Foto: Gloppen brann og redning

Veterinær Eivind Reed seier til Firda Tidend, som omtala saka først, at hoppa har fått ein del skrubbsår og nokre djupe sår, men ser ut til å vere i høvesvis fin form.

– Men korleis har hesten klart å plassere seg slik?

– Alt tyder på at den har falle utfor skrenten, og så sklidd og ramla med beina inn i den tørrlagde bekkefaret. Slikt kan skje på utmarksbeite, seier Reed.

Hoppa Emma Emmeline gjekk for eiga maskin tilbake til stølen etter eitt døgn fastkilt under ei steinhelle i Gjengedalen.

Hoppa gjekk for eiga maskin tilbake til stølen. – Det var ei stor lette og ei god kjensle å sjå ho reise seg å gå for eiga maskin, seier Ole Arild Aa.

Foto: Gloppen brann og redning

Takksam og imponert

Onsdag var både han og hesteeigaren tilbake i Gjengedal for å ta hoppa i nærare augesyn. Emma Emmeline er allereie under behandling, og skal fortsette denne heime i Hornindal.

Seljeset frykta det verste då han først fekk bilete av hesten. Sjølv om ingenting er gjeve, håpar han på det beste.

Emma Emmeline får behandling etter at ho kilte seg fast i utmarka i Gjengedal.

Emma Emmeline tilbake blant hestane på stølen ho har halde til på sommar. Behandlinga av skadane er allereie i gang.

Foto: Eivind Reed

– Førebels ser det bra ut. Vi såg til henne tysdag kveld, og fekk på henne dekke, og ho ville ha både grønt og drikke. Det er gode teikn, seier han og er både takksam og imponert over innsatsen med å få hoppa laus.

– Når du ser på bileta korleis hesten låg, det er berre heilt utruleg kva innsats og resultat dei fekk.

– All honnør

– Her gjorde både grunneigar og brannvesenet ein kjempejobb, legg Reed til.

Varabrannsjef i Gloppen Brann og Redning, Arne Mykland, stiller seg bak skrytet som går i retning brannmannskapet i Hyen etter oppdraget.

– Som overordna, så er eg veldig nøgd med å ha gardbrukarar i brannvesenet. Både når det kjem til improvisasjon, kreativitet og det å handtere dyr, seier han.

– Litt erfaring med dyr skadar ikkje, men ho var bra enkel å ha med å gjere, svarar Aa.

Eigar Olav Rune Seljeset saman med Emma Emmiline

Onsdag henta Olav Rune Seljeset hoppa heim frå sommarbeitet i Gjengedalen.

Foto: Eivind Reed

Publisert 20.08.2025, kl. 19.38 Oppdatert 20.08.2025, kl. 19.45

Read Entire Article