– Det har vore ein del telefonar om mykje vatn og flaum enkelte stader. Vatn som renn gjennom tunnelar og vatn som gjer at den eine køyrebana er stengd. Og så har det gått nokre jord- og steinskred, seier trafikkoperatør John Andreas Omdal i Vegtrafikksentralen.
Fleire vegar er stengde på grunn av skred:
- I Oldedalen i Nordfjord har det gått eit skred som er 20 meter breitt og to meter høgt. Vegen litt lenger nede, mot Olden, er stengd.
- På Fv. 57 i Dale i Sunnfjord, rett aust for Nishammartunnelen, har det gått eit skred og vegen er stengd.
- Fv. 49 Nordrepollen i Ullensvang er stengd på grunn av jordskred.
- Tysdag kveld gjekk det eit jordskred over E39 langs Hornindalsvatnet i Nordfjord. Her kan det bli stengd gjennom heile dagen.
- Fleire vegar er også stengde på grunn av skredfaren.
Det er meldt ekstreme mengder nedbør og det er sendt ut raudt farevarsel for både flaum og skred. Det er venta mellom 80 og 120 millimeter nedbør i løpet av eit døgn i store deler av Vestland også ondag.
Meteorologane har sendt ut oransje farevarsel for nedbør for store delar av Vestlandet. Lokalt kan det komme opp mot 150 millimeter nedbør.
Grafikk: skjermdump / Meteorologisk instituttJobbar på spreng for å redda bygg
På Kaupanger i Sogn har fleire næringsbygg fått vatn inn i lokala. Blant dei er ein bilverkstad. Mannskapar frå brannvesenet og Sivilforsvaret er på staden.
– Me jobbar på spreng for at ikkje fleire bygg skal bli råka. Det er mykje vatn, sa Dan Inge Gjesdal, som er fungarande vaktkommandør i brannvesenet, onsdag morgon.
Mannskapa skal no ha kontroll på situasjonen, ifølgje brannvesenet.
Vatn har trengt inn i fleire næringsbygg på Kaupanger i Sogn.
Foto: Vidar Trettenes / brannvesenetOgså i Møre og Romsdal var brannvesenet ute fleire stader tysdag kveld for å handtera overfløymingar.
Fleire fjellovergangar er stengde på gurnn av uvêr ondag også:
Opp mot 150 millimeter nedbør
Det er venta at regnet roar seg onsdag morgon, men at det tek seg opp igjen utover dagen. Nokre stader blir det kraftig nedbør. Verst blir det i indre strøk på Vestlandet.
Lokalt kan det koma ekstreme nedbørsmengder på mellom 120 til 150 millimeter regn i løpet av 24 timar.
– Dette er nedbørsmengder som er på nivå med ekstremvêret Jakob, sa Ivar Berthling, vaktsjef i NVE til NRK tysdag.
Publisert 05.03.2025, kl. 06.55 Oppdatert 05.03.2025, kl. 07.05