Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_dd88ace881d27fa51064ae2bac823a5c, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Vanskelege køyreforhold – bilane sklir sakte, men sikkert av vegen - NorwayToday

Vanskelege køyreforhold – bilane sklir sakte, men sikkert av vegen

1 week ago 18


– Det er spesielt Innlandet som har merka glatte vegar der det regnar på minusgrader i bakken, seier trafikkoperatør Barbro Evensen Venhagen i Vegtrafikksentralen Aust til NRK rundt midnatt natt til søndag.

Det er spesielt områda Elverum, Hamar og nord for Hamar og Gjøvik-traktene der det er veldig vanskelege køyreforhold.

Alle entreprenørar har både saltbilar og strøbilar ute.

– Problemet er at der det ikkje er nok trafikk, så held ikkje saltet altfor lenge. Og der dei har strødd har ein del regna bort, seier Evensen Venhagen.

– Bilane sklir sakte, men sikkert av vegen og blir ståande i grøfta. Ved fleire vegar, som rv. 3 og rv. 2, har bilane stansa langs vegen og ventar på strøbil, seier ho.

Som legg til at dersom du ikkje må ut og køyre, så er det best å la bilen stå.

Vegtrafikksentralen seier at dette ikkje er natta for å køyre ut med halv tank verken på drivstoff eller straum.

– Sørg for å ha full tank og ikkje minst ha varme klede i bilen, seier ho.

Publisert 23.11.2025, kl. 00.49 Oppdatert 23.11.2025, kl. 00.59

Read Entire Article