«Vesle Gaza» ulmar i skuggen av våpenkvila

2 months ago 23


I flyktningleiren Jenin kan ein høyre dronane dag og natt.

Leiren er omtrent tømt for menneske. Dei fekk ordre om å reise frå heimane sine.

Så kom bombene, og deretter bulldosarane.

No blir flyktningleiren kalla «vesle Gaza».

– Dette er ein alvorleg situasjon. Å tømme ein heil flyktningleir er mørkt. Vi har sett det skje i Gaza, men det har ikkje skjedd her på Vestbreidda før, seier Allegra Pacheco. Ho er leiar i West Bank Protection Consortium.

Gatene i Jenin-leiren etter israelske angrep.

– Jenin bør sjå ut som Gaza

Då familiefaren Adnan Naghnagha kom heim frå jobb for eit par veker sidan, kunne han knappast kjenne seg att.

– Dei gav oss ingen forvarsel, og heller ingen forklaring i etterkant. Eg kom berre heim til at huset var endevendt, seier han.

Slik såg huset til Adnan Naghnagha og familien ut då dei kom heim.

Naghnagha var ein av mange i Jenin som fekk kjenne på Israel sin nye strategi for Jenin.

Omtrent samstundes som våpenkvila mellom Israel og Hamas trådde i kraft, sette Israel i gang operasjonen «Jernmuren».

To veker tidlegare hadde finansminister Bezalel Smotrich gått ut og sagt at Jenin og andre byar på Vestbreidda, bør sjå ut som Jabalia på Gazastripa.

Operasjonane går føre seg i flyktningleirar, byar og på landsbygda. Det israelske militæret går inn i heimane til folk, slepp bomber over nabolag og set opp kontrollpostar i og rundt landsbyane.

Infrastruktur i flyktningleirer og landsbyer blir øydelagde av bulldosarar.

IDF køyrer inn bulldosarar i flyktningleiren.

IDF seier til NRK at dei ser seg naudsynt med å auke aktiviteten på Vestbreidda fordi dei meiner terrortrusselen har auka den siste tida. Samstundes seier dei at dei prøver å avgrense øydeleggingane så mykje som mogeleg.

Du kan lese heile IDF sitt tilsvar nedst i saka.

Røyk stiger etter eksplosjon.

Droneangrep blir stadig meir vanleg på Vestbreidda.

Foto: AFP

Meir enn berre eit hus

Berre dagar seinare kom fleire dronar fykande over familiefaren i Jenin. Men i staden for å bombe, kom dronane med ei kunngjering over høgtalarar.

Livet hans var i fare og han måtte evakuere, var beskjeden.

Sjølv har Naghnagha reist ut frå leiren, medan kona og dottera er igjen heime i huset. Han tør ikkje bevege seg inn igjen, dei tør ikkje bevege seg ut.

– Alle som rører seg der inne no, er mål for dronane og skarpskyttarane, seier han.

Historia til Naghnagha er ikkje unik.

Farha Abu Al-Haija jobbar og bur i Jenin og skildrar situasjonen som den verste på lang tid.

– Situasjonen er svært krevjande. Infrastrukturen blir øydelagt, hus blir øydelagde, institusjonar blir øydelagde. Det vere institusjonar for utdanning, helse, eller medisin, seier Al-Haija.

Leiar organisasjonen Not to forget women

Farha Abu Al-Haija er leiar i organisasjonen Not to forget women.

Foto: Privat

Til dagleg jobbar ho som leiar i den ikkje-statlege organisasjonen Not to forget women.

For Al-Haija handlar ikkje tvangsforflyttinga berre om å miste sine fysiske heimar.

– Folk sit igjen med ei kjensle av å ha forlate heimane sine, historia si, minna sine, seier ho.

«Gazafisering»

Dosent i Midtaustenstudium ved UiO, Dag Henrik Tuastad, peikar på at Israel no øydelegg hus og heile bustadområde. Droneangrep og skarpskyttarar set også palestinarar i Jenin i akutt fare. IDF går inn i husa til folk, stel og drep.

Dag Henrik Tuastad på Marienlyst.

Dosent i midtaustenstudium ved Universitet i Oslo, Dag Henrik Tuastad.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Det er særskilt i Jenin at Israel no brukar metodar som dei tidlegare berre har brukt på Gaza, seier dosent Tuastad.

Så langt i år har 40.000 menneske blitt internt fordrivne frå den nordlege delen av Vestbreidda.

I tillegg har valden frå dei israelske busettarane mot palestinarane auka.

FNs generalsekretær, António Guterres, har sagt at han er uroa over utviklinga i Jenin. Han oppmoda Israel om å vere så tilbakehalden som mogeleg.

Store område er no forlatne. Då snakkar ein jo om ei «gazafisering» av Jenin, hevdar Tuastad.

Det er omsynsløysa Israel viser i Jenin som får han til å trekke parallellar til Gaza.

– I Jenin lev palestinarar i ekstrem utryggleik i skuggen av Gaza, seier han.

Publisert 15.02.2025, kl. 23.03

Read Entire Article