Vil endre BSU-ordninga: – Har gått ut på dato

1 day ago 7


– Da eg skulle kjøpe bustad for første gong kom inntekta mi frå studielån og deltidsjobben min som servitør, fortel leiar for personmarknad Maria Ervik Løvold i DNB.

Ho har tatt turen til Gamlebyen i Oslo der ho kjøpte sin aller første leilegheit i 2003.

Da fekk ho låne heile kjøpesummen av banken.

Kvinne i mørk blå blazer går over gata i Gamlebyen.

Løvold kjøpte sjølv leilegheit her i Gamlebyen i Oslo.

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Prislappen den gongen låg berre på éin million.

– Tenk på det, 48 kvadrat, stukkatur, bad, soverom og open stove-kjøkkenløysing, seier ho fornøgd.

Men Løvold merkar at fleire unge slit med å få kjøpt bustad no.

Ho meiner at det er på tide med ei oppdatering av spareordninga for unge.

– Vi synest at ordninga har gått litt ut på dato, seier DNB-leiaren.

Vil doble alt

– Ei leilegheit på 50 kvadratmeter kostar oppunder 5 millionar no. Da må ein ha ein halv million i eigenkapital, seier ho.

I dag er det eit krav om at alle som vil ha bustadlån må ha spart opp 10 prosent av kjøpesummen.

En kvinne i mørk blazer går ute. Bak henne står en bil parkert ved en bygning. En mann går på fortauet i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Løvold meiner BSU ikkje hjelper unge med å kjøpe seg stad å bu.

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Derfor vil ho både doble maksgrensa og auke skattefrådraget tilbake til 20 prosent.

Først da meiner ho at BSU blir eit tiltak som kan hjelpe unge inn på bustadmarknaden.

– Dei treng eit ordentleg skattefrådrag, å få lov til å spare meir kvart år og at totalbeløpet heng saman med prisutviklinga vi har sett i dei store byane, meiner ho.

En uskarpt kvinne i forgrunnen smiler til siden. I bakgrunnen er en grå bil parkert utenfor en hvit bygning. Bygningen har tradisjonelle vinduer og detaljer. Utenfor bygningen er det et gjerde og stillaser. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

– No kostar leilegheitene fem gonger så mykje som da eg kjøpte, men lønna har ikkje auka like mykje, seier Løvold.

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

I 2023 senka Støre-regjeringa skattefrådraget til 10 prosent.

Dette fall ikkje i god jord hos Framstegspartiet (Frp), som nyleg bad regjeringa om å auke frådraget igjen.

– Det er heilt meiningslaust at regjeringa har valt å kutte i BSU-ordninga. Vi vil gjere det enklare å oppfordre unge til å spare pengar, seier stortingsrepresentant Erlend Wiborg (Frp).

Fra et intervju med Erlend Wiborg angående flyktninger, 15. mars 2023

Stortingsrepresentant Erlend Wiborg (Frp) vil legge til rette for at unge får maks ut av å spare til bustad.

Foto: Kristoffer Steffensen Lenes / NRK

Foreldrebanken

Wiborg peiker på at mange treng hjelp av foreldra sine for å få kjøpt bustad.

– Dei som ikkje har foreldre som kan hjelpe til, slit ekstra mykje.

Også Løvold i DNB ser at dei fleste må ha hjelp av foreldra til å kjøpe bustad, spesielt etter kravet om eigenkapital kom i 2011.

En kvinne med blondt hår holder opp en finger mens hun går over en gate. Hun bærer en mørkeblå jakke og en stor veske. I bakgrunnen er det bygninger og biler. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

– Venninna mi lånte faktisk 110 prosent av kjøpesummen, for ho måtte ha pengar til sofa, seier Løvold.

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

– Det er ikkje gitt at vi skal heilt tilbake dit at folk kan låne heile kjøpesummen, men den gongen såg bankane at vi både hadde betalingsvilje og evne, fortel Løvold.

Samstundes ønsker Frp seg at reglane blir som dei var før.

Med sitt liberale økonomisyn meiner dei at det skal vere heilt opp til bankane kven som skal få lån og ikkje.

Derfor vil dei fjerne kravet om eigenkapital heilt.

– I dag er det sånn at mange menneske kan betale 25 000 kr i husleige, men bli nekta eit bustadlån på 20 000, og det meiner vi ikkje heng på greip.

– Feil bruk av pengar

Men kva som er riktig tiltak for å hjelpe unge inn på bustadmarknaden er politikarane ueinig i.

– Vi meiner at det å bruke pengar på å auke BSU-ordninga er feil politikk, seier finanspolitisk talsperson Marthe Hammer i SV.

En kvinne med blondt hår og et smil poserer foran et kamera. Hun har på seg en hvit skjorte med en liten rund knapp med grønn og rød tekst på venstre side av brystet. Bakgrunnen er uskarp, men viser en bygning med lyse vegger og noe som kan være kunst på veggen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Finanspolitisk talsperson Marthe Hammer i SV vil heller bruke pengar på å styrke den statlege Husbanken enn BSU-ordninga.

Foto: William Jobling / NRK

Ifølge SV bidrog ordninga mest til at dei som allereie hadde god råd, fekk enda betre råd.

Men er det problematisk at unge får gode sparevilkår?

– Det er veldig viktig at unge får gode sparevilkår, men da må vi gjere det på ein sånn måte at dei som treng det mest faktisk får dra nytte av det, seier Hammer.

Om partiet fekk bestemme skulle ordninga helst vore kutta.

– No har bustadprisane løpt så løpsk at vi ikkje kan kompensere det med ei bustadsparing for ungdom-ordning, seier Hammer som heller vil styrke Husbanken.

NRK har prøvd å få ein kommentar frå Finansdepartementet sidan måndag, men dei har ikkje kunna svare over telefon eller møtast fysisk til intervju.

I staden for skriv statssekretær Ellen Reitan mellom anna dette i ein e-post til NRK:

«[BSU] kjem mest til gode for dei som allereie kan spare opp mot maksimalgrensene, samstundes som ho kostar i tapte skatteinntekter.

Forslaget til Frp kan forsterke desse svakheitene framfor å rette dei opp. Ein auke i satsen for skattefrådraget i BSU-ordninga frå 10 til 20 prosent gir størst gevinst til dei som kan spare mest, og fjerning av eigenkapitalkravet i utlånsforskrifta vil svekke eit viktig tiltak for å sikre at gjelda i norske hushaldningar ikkje blir for høg».

Publisert 11.06.2026, kl. 05.16

Read Entire Article