Årleg reiser over 2000 fødande kvinner til sjukehuset med jordmor i bilen, fordi dei bur over halvannan time frå sjukehuset.
Sjukepleiarforbundet vil senke terskelen for å få følgejordmor til dei som bur 60 minutt unna sjukehus, og doble talet på kvinner som får følgejordmor.
– Dersom du reduserer grensa frå 90 til 60 minutt kan ein førebygge ein del uhensiktsmessige hendingar, seier fylkesleiar i Norsk Sjukepleiarforbund i Møre og Romsdal Trine Bruseth Sevaldsen.
Sevaldsen seier at Noreg har ei fallande fødselsrate. I dag ligg den på 1,4 barn per kvinne. Ho meiner at betre fødetilbod kan føre til eit auke.
Foto: PrivatDersom grensa vert senka til 60 minutt vil forventa fødande som omfattast av tilbodet auke frå 2197 personar til 4143 personar. Altså eit auke på 90 prosent viser ei utgreiing av Helsedirektoratet.
– Vi ønsker at fødslar skal gå føre seg på ein trygg måte med kvalifisert helsepersonell. Noreg er eit langstrekt land og då må vi sørge for å legge til rette for at det skal fødast fleire i distrikta, seier Sevaldsen
Meiner avstand aukar risikoen
Sevaldsen seier at ikkje assisterte fødslar har større risiko enn assisterte, og ønsker at jordmor skal verte kopla på snarast mogleg.
– Du kan få blødingar, oksygenmangel til barnet og både mor og barn kan bli skada, seier Sevaldsen.
Avstanden vert rekna frå nærmaste fødeinstutisjon til sentrum i kommunen – ikkje der ein faktisk bur. Sevaldsen meiner det er problematisk.
– Om du bur langt opp i Rauma reknar ein likevel avstanden til Åndalsnes sentrum. Dei som bur utanfor sentrum får lengre enn 1,5 timar reiseveg då, seier ho.
Handlar om kvinnehelse
– Kvinnehelse er eit undervurdert samfunnsproblem. Vi ser at kvinnehelse vert forska mindre på, seier Sevaldsen.
Ho meiner at kvinnehelse bør verte prioritert, og at det byrjar med betre tilbod for fødande.
– Jordmødrer er det første du møter i livet, som nybakte foreldre og i svangerskapet som gir dei ei viktig rolle i kvinnehelsa, seier ho.
Ikkje ei aktuell løysing
Statssekretær Karl Kristian Bekeng er einig i at ei god følgeteneste for gravide er viktig, men meiner det ikkje er nødvendig å endre på grensa.
– Helsedirektoratet har greidd ut konsekvensane ved å endre rett til følgeteneste frå 90 minutt til 60 minutt reiseveg og kome fram til at det ikkje er grunnlag for å endre grensa til 60 minutt, seier han.
Karl Kristian Bekeng seier at tal frå medisinsk fødselsregister viser at andelen ikkje-planlagde fødslar utanfor institusjon har vore stabil på om lag 0.6 prosent sidan 1999.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRKBekeng seier at det ikkje er god nok dokumentasjon på at det gir redusert risiko for mor og barn dersom grensa senkast, og at det heller gir større problem om grensa vert endra.
– Tilgang på jordmødrer er ei betydeleg utfordring, og rett til følgjeteneste ved 60 minutts reiseveg vil gå på kostnad av andre delar av svangerskaps-, fødsel- og barselomsorga, seier han.
Den årlege kostnaden på følgetenesta når grensa er 90 minutt er på omtrent 82,2 millionar kroner i året. Senking av grensa vil føre til kostnadar på om lag 143 million kroner i året viser utgreiinga frå Helsedirektoratet.
Publisert 12.05.2025, kl. 16.50