Dette er konklusjonen i eit notat utarbeidd av samfunnsøkonom Haakon Riekeles som er hyra inn av den liberale tenkjetanken Civita. Notatet er utarbeidd på eige initiativ av Civita.
Fokuset blir retta spesielt mot dei vel 20 småflyplassane og kva det vil bety for reisetid og kostnader dersom nokon av dei blir lagde ned.
– Noreg skil seg ut med svært mange få flyplassar som er dyre å drive og sterkt subsidierte. Her ligg det eit potensial for spare staten store summar, fortel Riekeles til NRK.
Det vil vere mykje å spare for staten ved å leggje ned små lufthamner i distrikta, meiner Haakon Riekeles i tenkjetanken Civita.
Foto: Olav Juven / NRKI notatet går det fram at desse flyplassane bør vurderast for nedlegging:
- Vestlandet: Stord, Sandane, og éin av Førde eller Florø
- Nord-Noreg: Mosjøen, Sandnessjøen, og ein eller to av Stokmarknes, Svolvær eller Leknes.
- Trøndelag: Røros og Namsos
Lokale reagerer sterkt
På Stord lufthamn står Tuva Aga Skibenes og vinkar farvel til kjærasten sin, som bur på Austlandet. Ho reagere sterkt på forslaget om å leggje ned flyplassen.
– Det ville vore veldig kjedeleg om flyplassen blir lagt ned. Det øydelegg mykje. Eg reiser ofte for å besøke kjærasten og vener. Då er det godt å ha ein flyplass i nærleiken, og å sleppe lange reiser for å kome seg av garde.
Tuva Aga Skibenes meiner det blir mykje meir tungvint å reise viss ein legger ned Stord lufthamn.
Foto: Eli Bjelland / NRK– Då må eg enten reise til Bergen eller Haugesund. Det tar jo tid, seier ho.
Fleire flypassasjerar NRK snakka med ved Stord og Sandane lufthamn meiner forslaget om nedlegging er uforståeleg og dårleg. Også lufthamndirektøren på Stord stiller seg kritisk til framlegget.
Bård Siem / NRK
Thomas Falck Eide
Han brukar flyplassen på Sandane mykje i jobbsamanheng.
– For meg er flyplassen ekstremt viktig. Det tek berre ein time til Oslo og då blir det lettvint. Eg håper verkeleg dette ikkje blir noko av. Vi ser jo no at flya er smekkfulle omtrent heile tida, det er faktisk problem med å få billettar innimellom. Så eg tenker det betyr at det er kjempebehov for flyplassen.
Eli Bjelland / NRK
Sigurd Andre Maraas
NRK møter Maraas som skal ut å fly ved Stord lufthamn
– Utrekningane får jo svare for seg. For oss handlar det om at denne flyplassen, som eg skal reise med no, er utruleg viktig for heile distriktet og for alle saman – både for arbeidsliv og privatpersonar. Det er langt til Flesland, og det er langt til Haugesund. Så det er veldig viktig å ha ein lokal og god flyplass.
Bård Siem / NRK
Alfred Bjørlo, tidlegare stortingsrepresentant
Alfred Bjørlo er provosert over forslaget om å legge ned fleire mindre flyplassar.
– Denne type notat har vi sett før frå såkalla ekspertar bak skrivebord i Oslo. Kortbanenettet har aldri vore meir brukt enn no og det er gull verdt for distrikta. Fleire må nok flytte til sentrale strok dersom småflyplassar blir lagde ned.
Eli Bjelland / NRK
Jan Morten Myklebust, lufthamndirektør ved Stord lufthamn
– Nei, eg synest ikkje så mykje om at dei skal legge ned flyplassar. Og flyplassen på Stord burde i alle fall ikkje leggjast ned. For viss vi ser på kabinfaktor, som vi meiner er viktig – altså kor mange personar som faktisk er om bord i flya – så har vi no så langt i år hatt 73 prosent av seta med passasjerar i. At vi har flyplass på Stord, trur eg blir viktig i mange år framover.
Bård Siem / NRK
Jan Vestby
Han er fastbuande på Sandane, og er i dag ute å reiser med familien.
– Det er tragisk viss flyplassen på Sandane vert lagt ned, vi brukar den til ferie og arbeid. Så det synest eg ingenting om. Lokale flyplassar er ein stor fordel for oss i næringslivet. Viss det blir nedlagt, må vi planlegge annleis, reise lenger, ta fri frå jobb osv.
Eli Bjelland / NRK
Bjørn Tore Grutle
Grutle brukar flyplassen på Stord, når han skal reise på ferie til Bømlo. Han støttar ikkje nedlegging av dei utvalde flyplassane.
– Nei, det synest eg ikkje noko om. Dei gongane eg reiser hit, så er det alltid fullt på flyet. Så det er ofte i bruk. Og så er den viktig med tanke på beredskapsmessige omsyn.
Berre fire lufthamner har overskot
Inntektene til Avinor er skeivt fordelt mellom dei 43 flyplassane.
Ifølgje rapporten har dei fire største, Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim lufthamn, eit samla overskot på 2,5 milliardar kroner, medan dei andre regionale flyplassane har eit samla underskot på nær 1,4 milliardar kroner.
I tillegg kjem det fram at statens direkte kjøp av bedriftsøkonomisk ulønsame flyruter, dei såkalla FOT-rutene, utgjer ein stor kostnad. Det er i år sett av 2,4 milliardar kroner i statsbudsjettet til denne type kjøp.
Avinor har lenge slite økonomisk, og har sidan etter pandemien måtte motta ekstraordinære tilskot over statsbudsjettet.
Riekeles har rekna seg fram til at dei føreslåtte nedleggingane kan gje ei innsparing på nærare 1 milliard kroner i året.
Stord lufthamn, «Sørstokken», er ein av flyplassane som blir nemnt i rapporten om nedlegging.
Foto: Eli Bjelland / NRKIkkje problem på Austlandet
Mange delar av Austlandet og Sørlandet har ein reiseveg til næraste flyplass på ein til to timar. Dette «utan at det bli sett på som eit stort problem», ifølgje Civita-notatet.
I rapporten står det at «I Noreg er vi i stor grad stolte av den distriktsvenlege kortbanestrukturen vår», men realiteten er ifølgje Riekeles ein annan. Det blir vist til at strukturen er «ineffektiv» og gir «høgare kostnader for staten og flypassasjerane».
Riekeles meiner minst fire flyplassar må leggast ned, men opnar for at heile ni kan forsvinne med minimale negative effektar for dei reisene.
Mosjøen Lufthamn er ein av flyplassane som ein må vurdere å legge ned, ifølgje eit Civita-notat.
Foto: Jan Skillestad/Mosjøen LufthavnIfølgje Riekeles kan innsparinga brukast til betre infrastruktur i dei råka regionane. Det kan til dømes innebere fleire avgangar på dei attverande flyplassane eller betre vegtilkomst, slikt at reisetida til flyplassen blir kortare.
Politisk motstand mot nedlegging
Forslaget har møtt kritikk frå politikarar. Parlamentarisk nestleiar i Senterpartiet, Erling Sande, meiner forslaget i Civita-notatet er distriktsfiendtleg.
– Det er veldig interessant at dei ikkje tek inn over seg at bruken av småflyplassane aukar. Folk har fått større rørslefridom grunna lågare prisar, og småflya utgjer no ein viktig del av kollektivnettet i store delar av landet, seier han.
Trond Helleland, samferdslepolitisk talsperson i Høgre, seier det er uaktuelt å legge ned fleire flyplassar i distrikts-Noreg.
– Så Høgre vil ikkje legge ned ein einaste flyplass?
– Jau, det kan skje på sikt. Men då må det vere ein større flyplass i nærleiken og det må vere gode vegsamband dit.
Publisert 08.10.2025, kl. 21.18