– Dette prosjektet er eitt av dei større og prioriterte prosjekta me no har i Statkraft. Og me ser for oss å starte oppgraderingane innan 2030, seier prosjektleiar i Statkraft, Hanne Kristin Husetuft Ommedal.
Statkraft søkjer konsesjon for å modernisere Noreverka i Nore og Uvdal kommune i Buskerud. Moderniseringa har ei ramme på 4 milliardar kroner.
Det nye kraftverket kan levere meir straum når behova er størst, og vil dermed kunne bidra til meir stabile straumprisar.
– Byggetida vil vere på tre til fire år. Får vi innvilga konsesjon, ser me for oss oppstart på byggeplass i 2029, og at anlegget vil vera i drift frå 2033, seier prosjektleiar Hanne Kristin Husetuft Ommedal i Statkraft.
Foto: StatkraftNoreverka består av Nore I kraftverk og Nore II kraftverk.
– Me sikrar Nore og Uvdal som ein kraftverkskommune. Me sikrar drift, arbeidsplassar og inntekter for kommunen, seier Ommedal.
Ved å modernisere kraftverk som uansett treng omfattande rehabilitering, kan ein få meir effekt, og i nokre tilfelle meir energi, ut av det same vatnet. Det er også viktig av omsyn til natur- og miljø, melder Statkraft.
– Dei neste åra skal Statkraft bygge neste generasjon vasskraftsystem og me skal starte på fem store oppgraderingar innan 2030. Konsesjonssøknaden for opprusting og utviding av Noreverka er eit viktig steg i den retninga, seier konsernsjef Birgitte Ringstad Vartdal i Statkraft.
Slottet i Nore og Uvdal
– Me har store mogelegheiter for å oppgradere vasskrafta i Noreg i dag, og eg er veldig glad for at me kan bidra til å utvikle vasskrafta, seier ordførar i Nore og Uvdal, Oddvar Svendsen (Frp).
Ordførar i Nore og Uvdal, Oddvar Svendsen (Frp), er stolt av bygget, og fortel at det er teikna av same arkitekt som står bak Slottet.
Foto: Tordis Gauteplass / ©NRKHan er også veldig stolt over sjølve bygget.
– Kraftstasjonen Nore 1 er konstruert av same arkitekt som teikna Slottet. Dette er jo slottet vårt i Nore og Uvdal. Eit eineståande byggverk å sjå på. Me er veldig glad for at det er freda, slik at det blir bevart. Alle i kommunen er stolte av det.
– Kven er det som får glede av straumen som blir produsert i Nore og Uvdal?
– Den gongen kraftverket her vart bygd, for hundre år sidan, var det for å gi straum til Oslo. Overføringslinjene og regionalnettet, det går jo framleis same vegen. Det går jo til sentrale strøk, svarer Svendsen.
70 gonger meir kraft enn Hammeren i Maridalen
Nore I kraftverk stod ferdig i 1928, mens Nore II begynte å produsere i 1946. Anlegga ligg i Numedalsvassdraget, som startar på Hardangervidda.
Innsjøen Norefjorden ligg i Nore og Uvdal kommune i Buskerud. Norefjorden er uregulert, men kraftverka Nore II og Uvdal II har utløp i nordenden av sjøen.
Foto: Tordis Gauteplass / NRKNore I produserer 70 gonger meir kraft enn Hammeren kraftverk i Maridalen, som forsynte hovudstaden frå 1900 og var bygd for å dekke straumbehovet for heile Oslo.
– Då det første Nore-anlegget vart bygd, var det største i landet, og produserte ein femdel av all straum i Noreg. Kraftverket var også ein katalysator for industrialiseringa av Oslo. Og no, hundre år seinare, skal me sikre at det forsyner samfunnet med straum i hundre år til, seier konserndirektør i Statkraft, Birgitte Ringstad Vardal.
– Vi skal investere titals milliardar kroner i å sikre norske heim og bedrifter straum i stikkontakten, seier konserndirektør i Statkraft, Birgitte Ringstad Vartdal.
Foto: Lars Tore Endresen / NRKFlytte kraftverket inn i fjellet
Nore I er blant Europas eldste kraftverk som framleis er i drift, i tillegg er det eit spektakulært og verna bygg.
Statkraft ser på to alternativ for oppgraderinga:
Det føretrekte alternativet er å samle anlegga til eitt kraftverk inne i fjellet, men det er også laga eit alternativ der dei to kraftverka blir flytta inn i fjell frå der dei ligg no.
Det første alternativet vil nesten doble effekten frå 274 til 500 MW, og auke straumproduksjonen med omtrent 200 GWh til ca. 1700 GWh. Det andre alternativet vil auke den samla effekten med 65 MW og auke produksjonen med over 150 GWh
– I framtida vil det vera stort behov for å kunne regulere kraftproduksjonen, for å levere meir straum på kort tid. Derfor ser me heile tida om det er mogeleg å auke effekten i anlegga. Større effekt kan bidra til å ta ned pristoppar, ettersom stadig meir uregulerbar, fornybar kraft kjem inn i kraftmiksen. Nye Nore kraftverk vil vera viktig for regionen og for Noreg, seier prosjektleiar i Statkraft, Hanne Kristin Husetuft Ommedal.
Store investeringar i norsk vasskraft
Statkraft har ambisjon om å gjennomføre fleire store oppgraderingar dei neste åra. Totalt vil det auke den installerte effekten til Statkraft i Noreg med over 20 prosent, og gi mellom 1500 og 2500 MW auka effekt.
Dette er ein av måtane å møte behova for framtida på. Først etter at konsesjon er gitt, vil det endelege vedtaket om investering i Nore-kraftverka kunne takast.
– Å oppgradere vasskraftverk krev store investeringar og er ofte berre marginalt lønnsame, seier konsernsjef Vartdal.
Ho peikar på at det er mange omsyn som skal takast, inkludert påverking på miljø, grunneigarar og lokalbefolkning.
– Me vil også måtte gjera ei totalvurdering basert på tilgang til kapital og ei vurdering av kva prosjekt som gir mest nytte. Det som uansett er sikkert, er at me skal investere titals milliardar kroner for å sikre norske heimar og bedrifter straum i stikkontakten for kommande generasjonar. Konsesjonssøknaden for opprusting av Noreverka er eit godt eksempel på dette, avsluttar konsernsjef Birgitte Ringstad Vartdal.
Publisert 02.05.2025, kl. 13.47