Vil Trump trosse domstolane?

3 months ago 20


– I tida framover får vi vite kvar grensene til kva Trump kan og vil gjere går.

Det seier førsteamanuensis i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo, Sofie Høgestøl. Dei siste dagana har dommarar forsøkt å setje ein stoppar for nokre av presidentordrane til Trump.

Seinast laurdag morgon norsk tid vedtok ein dommar i New York ein rettsordre for å stansen DOGE sin tilgang på finansdepartementet sine dokument. Det skriv Reuters.

Om Trump vel å følgje ordren, står att å sjå.

Eit forsøk på stoppe Trump

Dommarar har også vedteke tilsvarande mellombels stans av andre presidentordrar som Trump har signert i løpet av hans tre første veker som president.

Blant anna har dei forsøkt å stoppe at transkvinner må bli sendt til herrefengsel, få tilgang til føderale betalingssystem, stoppe amerikansk bistand og fjerne retten til automatisk amerikansk statsborgarskap til born som er fødde på amerikansk jord.

Høgestøl er spent på korleis Trump kjem til å reagere på at dommarar har mellombels stansa presidentordrane hans. Ho peikar på at om Trump går i mot dommarane, sender dette USA i ei ny retning.

Sofie Høgestøl smiler

Førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, Sofie Høgestøl.

Foto: Ole Reinert Omvik / NRK

– Då er ein inne i ein heilt anna situasjon, for då er der inga maktfordeling i statsapparatet, seier Høgestøl.

Prinsippet om maktfordeling i statsapparatet stod svært sentralt då den amerikanske grunnlova blei skriven i 1787. Styringa av det nye landet blei delt mellom den utøvande (presidenten), den lovgivande (kongressen) og den dømmande makta (høgsterett).

Om han set til sides og ikkje respekterer avgjerder i høgsterett, kan linjene mellom den utøvande og den dømmande makta bli viska ut.

Trump har allereie valt å sanksjonere den internasjonale straffedomstolen i Haag.

Visepresidenten hardt ut mot dommarane

Etter at ein føderal amerikansk dommar laurdag stansa Elon Musks effektiviseringsorgan DOGE si tilgang til sensitivt materiale frå USAs finansdepartement, gjekk Musk hardt ut mot dommarane på X.

– Denne rettsavgjerda er heilt vanvitig! Korleis i all verda skal vi kunne stoppe svindel og sløsing med skattebetalarane sine pengar utan å sjå korleis pengane blir brukte? Det er bokstaveleg talt umogleg, skreiv Musk i ein post på X.

Samtidig oppmoda visepresident JD Vance Trump til å stå opp mot domstolane.

– Dersom ein dommar prøver å fortelje ein general korleis han skal gjennomføre ein militæroperasjon, ville det vore ulovleg. Dersom ein dommar prøver å instruere justisministeren i korleis ho skal bruke sitt skjønn som aktor, ville også det vore ulovleg.

Det skreiv Vance i ei melding på X.

JD Vance

USAs visepresident JD Vance ber Trump om å stå opp mot domstolane.

Foto: GAELEN MORSE

Store protestar i helga

Det er ikkje berre rettsvesenet som har uttrykt bekymring rundt Trump sine presidentordrar.

Protestar mot Trump sin immigrasjonspolitikk. Her i Sacramento, California.

Foto: AFP

I helga tok folk til gatene. Det er særleg ordren om å gjerne støtta til USAID og immigrasjonspolitikken til Trump som har skote fart på protestar i USA.

Protestane starta på sosiale medium under emneknaggane #buildtheresistance og #50501, som står for 50 protestar, 50 statar, éin dag. Der har folk oppmoda om å «avvise fascismen» og «forsvar demokratiet vårt».

US Political Protests

Protestar mot Trump-administrasjonen ved Washington State Capitol førre veke.

Foto: AP

Det kan vere ei grense

Om Trump vel å ikkje lytte til rettssystemet, er der enno nokre måtar å regulere Trump på, meiner Høgestøl.

– Det finst to på måtar å avsetje ein amerikansk president på: riksrett og at hans eige kabinett stemmer for at han ikkje lenger skal vere president.

Likevel er ho i tvil om desse ynskjer å avsetje presidenten, sjølv om han vel å gå i mot den dømmande makta.

For å bli dømd av riksrett må han bli dømd av to tredjedel av Senatet. Det blir han nok ikkje. Det har blitt prøvd før. I kabinettet sitt har han berre valt folk som er lojale mot han.

Publisert 10.02.2025, kl. 22.37 Oppdatert 10.02.2025, kl. 22.37

Read Entire Article