– Kennedy Center blir brukt som eit PR-verktøy for Trumps administrasjon. Det har blitt politisk. Det handlar ikkje om å sette spelarane, supporterane og sporten i fokus. Det handlar om å promotere ein politisk person som aldri har sett sine føter på ein fotballbane.
Det seier Jamal Watkins til NRK.
Han er visepresident i det amerikanske nasjonale forbundet for farga menneskes interesser (NAACP), ein av dei mest innverknadsrike borgarrettsorganisasjonane i USA.
Watkins reagerer sterkt på kor VM-trekninga fredag skal gå føre seg.
– På mange måtar undergrev dette kva idretten handlar om, fordi det heller skal handle om individet som blei valt som president.
Han og fleire andre ekspertar NRK har snakka med meiner Fifas val berre er ein forsmak på kva vi har i vente fram til VM startar i juni.
– Sensur på nasjonalt nivå
Kennedy Center er det nasjonale senteret for kulturarv i USA. Alt frå opera til folkemusikk og teater har vore ein viktig del av senterets historie.
Ifølge ABC News betaler Fifa 75 millionar kroner for å leige Kennedy Center.
Da NRK var inne på senteret onsdag, blei det jobba på spreng for å få alt klart til den storslåtte seremonien fredag.
RAUD LØPAR: Her inne skal ei rekke prominente gjester gå inn til VM-trekkinga fredag.
Foto: Rahmat Gul / AP / NTBHøgt oppunder taket heng både historiske amerikanske flagg og ei lang rekke nasjonale flagg, mens inngangen til trekningssalen nå blir prega av eit gigantisk neonskilt med Fifa-logoen.
Artistar som Tina Turner, The Who og U2 har fått æresprisen på senteret.
Fredag skal Fifa-president Gianni Infantino og Donald Trump stå på scena med idrettsgigantar som Tom Brady, Rio Ferdinand, Shaquille O’Neal og Wayne Gretzky.
SKAL PÅ SCENA: Tom Brady vant Super Bowl sju gonger. Her er quarterbacken med troféet etter sin siste triumf i 2021.
Foto: Ashley Landis / AP / NTBSTOPPARLEGENDE: Rio Ferdinand vann Premier League seks gonger i sin tid i Manchester United mellom 2002 og 2014.
Foto: ROBERTO SCHMIDT / AFP / NTBBASKETLEGENDE: Shaquille O’Neal var på All-Star laget til NBA 15 gonger mellom 1993 og 2009 – berre tre spelarar har vore der fleire gonger i historia.
Foto: Kevin Kolczynski / AP / NTBHOCKEYLEGENDE: Wayne Gretzky er av dei fleste regna som den beste ishockeyspelaren i historia. Her er han på tennisturneringa US Open i New York i 2019.
Foto: Greg Allen / AP / NTB
Senteret har i mange år stått for inkludering og mangfald. Så overtok Donald Trump det ovale kontoret for sin andre periode som president.
I vår fekk styret og store delar av administrasjonen sparken. Trump sette inn eit nytt styre, før han utnemnde seg sjølv som styreleiar.
KRITISK: Daniel Noroña er direktør i Amnesty USA.
Foto: Halvor Ekeland / NRK– Da han sparka styret der, sende han eit signal om at det var hans stad, hans tid og bodskapen hans som skulle framhevast. Dessverre har dette ført til at Kennedy Center ikkje er det same som det var, seier Daniel Noroña i Amnesty USA til NRK.
– Det er tatt over av dagens administrasjon og blitt politisert av eit parti som om dei eig det. Dei bestemmer kven som kan opptre, kven kunsten sin som skal framhevast. Det er sensur på nasjonalt nivå, seier Watkins i NAACP.
– Autoritære haldningar i fri utfalding
Da Trump blei styreleiar, endra han også kurs for senteret. Ifølge nyheitsbyrået AP har fleire av Trumps nære allierte kritiserte senteret for å vere for liberale og «woke».
– Styret deler ikkje vårt syn for ein ny gullalder for kunst og kultur, skreiv Trump i sosiale medium ifølge AP.
PRESIDENTAR: Ein stor byste av John F. Kennedy har fått heidersplassen inne i Kennedy Center, senteret der Donald Trump nå er styreleiar.
Foto: Carlos Barria / Reuters / NTB– Eg vil beskrive det som autoritære haldningar i fri utfalding. Du har eit individ som trur han er ein konge og den eineherskaren som kan bestemme korleis bra kunst og kultur skal sjå ut i eit heilt land. Det er ikkje det eit demokrati skal representere. Det undergrev inkludering fullstendig, seier Watkins i NAACP.
Kursendringa førte til at fleire artistar trekte seg i protest og nektar å opptre i senteret.
NRK har stilt fleire spørsmål til Fifa om denne saka. Dei har foreløpig ikkje svart.
VM: Donald Trump får overrekt VM-trofeet av Fifa-president Gianni Infantino. Normalt er det berre lov for Fifa-presidenten og VM-vinnarar å halde trofeet, men Trump fekk unntak frå den regelen i sommar.
Foto: AFPVil skifte namn frå Kennedy Center til Trump Center
Opphavleg skulle trekninga vere i Las Vegas, der ho gjekk føre seg førre gong USA arrangerte fotball-VM, men i haust endra Fifa lokasjon. Utan at nokon har fått noka grunngiving for kvifor.
I sommar foreslo ein av Trumps partikollegaer å skifte namn på senteret frå John F. Kennedy Memorial Center for the Performing Arts til Donald J. Trump Center for the Performing Arts.
Trump sjølv sa at dei gjerne ville endre namnet, men at dei ikkje var heilt klare for å gjere det enda.
Den amerikanske borgarrettsunionen (ACLU) har gått til fleire søksmål mot Trump for blant anna ekskludering av enkelte artistar og organisasjonar.
Nokre av sakene har dei vunne. Direktør i ACLU, Jamil Dakwar, meiner Fifa lèt seg bruke av Trump når VM-trekninga skjer der ho skjer.
– Vi tenker at Fifa må vite kva som skjer. Når Trump-administrasjonen drar Fifa med til Kennedy Center så prøver dei eigentleg også å knyte Fifa til dei same haldningane som dei sjølv står for, seier Dakwar til NRK.
BORGARRETT: Jamal Watkins (til venstre) og Jamil Dakwar jobbar begge i organisasjonar som tar vare på amerikanske borgarars rettar.
Foto: Halvor Ekeland / NRKAlle dei tre ekspertane fryktar at VM 2026 vil bli brukt av Trump for å vise amerikansk suverenitet. Og dei fryktar at Fifa kjem til å heie fram akkurat det.
– Det vi ser er at Infantino og Fifa lukkar auga for kva som skjer her i USA. Vi ser ikkje at Fifa markerer kva dei står for. Det må handle om rettane til arbeidarane, menneskerettar og rettane til spelarane. Det ser ut som om det heilt blir gløymt og at dei berre ser på kven som sit i Det kvite hus, seier Watkins.
VM-trekninga frå Kennedy Center ser du på NRK1 fredag frå klokka 17.30.
Publisert 05.12.2025, kl. 12.27 Oppdatert 05.12.2025, kl. 12.47













English (US)