Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_fb29b47ef5ad8bd46b9546fdf089c0b6, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Vogntogvelt i Nygårdstunnelen i Bergen – blir stengt lenge - NorwayToday

Vogntogvelt i Nygårdstunnelen i Bergen – blir stengt lenge

2 days ago 2


Det er eit vogntog lasta med ein stor betongkloss som har velta i retning sentrum, melder operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.

Føraren av vogntoget er ein mann i 60-åra. Han er vaken og bevisst, men har skader, og blei frakta til sjukehus for vidare undersøkingar.

Det er ikkje meld at andre køyretøy har vore innblanda i ulykka.

en motorvei med biler på

Det er lange køar mot Bergen sentrum vestfrå. Statens vegvesen ber køyrande vestfrå ta Knappetunnelen sørover mot Rådal og ta E39 inn mot Bergen.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Krevjande oppryddingsarbeid

Politiet fekk melding om vogntogvelten klokka 13.42.

Det er to tungbilbergarar staden, men tunnelen vil truleg vere stengt lenge, melder politiet.

Betongklossen skal vege 24 tonn, og det er òg mykje i vegbana som må ryddast før vegen kan opnast igjen.

en stor betongblokk med en tunnel i bakgrunnen

Lastebilen var lasta med ein stor betongblokk som skal vege 24 tonn.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

– Det er førebels ikkje mogleg å slå fast kor lenge tunnelen blir stengt, men det er eit krevjande oppryddingsarbeid, skriv Dahl-Michelsen.

Òg Damsgårdstunnelen i retning sentrum er stengt etter vogntogvelten i Nygårdstunnelen, på grunn av mykje trafikk. Dei vil òg stenge Løvstakktunnelen frå Fyllingsdalen mot sentrum.

– Det er for tryggleiken, i tilfelle det skulle skje noko der inne no, som til dømes ein bilbrann, seier Jørgen Bødtker i Statens vegvesen.

en person som jobber på en velta lastebil

Føraren av lastebilen, ein mann i 60-åra, er send til sjukehus for vidare undersøkingar. Politiet melde at han var vaken og bevisst.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

– Bilbrann og stilleståande trafikk høyrer ikkje saman, derfor vel me å sende dei ut der trafikken flyt eller i det me kallar «dagsone».

Dei anbefaler køyrande som kjem vestfrå å halde seg unna riksveg 555, og heller køyre Knappetunnelen sørover mot Ytrebygda for så å ta E39 inn mot Bergen.

Publisert 22.10.2025, kl. 14.50 Oppdatert 22.10.2025, kl. 15.57

Read Entire Article