Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_a9ca5ad9d7f6faf3ef78e6fdb89a359a, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Warholm utklassar Ingebrigtsen på poengliste: – Kjem til å skape diskusjon - NorwayToday

Warholm utklassar Ingebrigtsen på poengliste: – Kjem til å skape diskusjon

22 hours ago 3


Da klokka stoppa på 45.94 sekund etter at Karsten Warholm sprang inn til OL-gull i 2021, innkasserte nordmannen samtidig 1341 poeng for prestasjonen.

Ingen nordmann har nokosinne oppnådd ein så høg poengsum, og berre åtte personar gjennom friidrettshistoria ligg framfor han på lista.

Det synest eg er veldig fint. Eg veit jo at tida 45.94 har vore rangert ganske høgt. Det er eg sjølvsagd fornøgd med at poengtabellen seier, seier Karsten Warholm til NRK.

Det er World Athletics sin offisielle poengtabell som reknar ut kor høg score kvar einaste prestasjon i friidrett er verd, og er rekna som den næraste måten å samanlikne øvingar på tvers av greinene.

Eg synest heller ikkje det er ufortent, for å vere ærleg. Det krev litt å komme seg dit, forklarer Warholm.

Sjå topp-ti-lista lenger ned i saka.

Ingebrigtsen ikkje i nærleiken

Det norske folket har vore bortskjemte dei siste åra når det gjeld norske friidrettsprestasjonar. Jakob Asserson Ingebrigtsen har stått i spissen, og har sett fleire verdsrekordar.

I Monaco i fjor sprang han inn til europeisk rekord på 1500 meter. Likevel er den prestasjonen «eit hav» bak Warholm, ifølge poengsystemet.

– I utgangspunktet, så tenker eg at det er eit bra system for å få ei meir rettferdig kvalifisering til meisterskap, men det å samanlikne prestasjonar med kvarandre på kryss og tvers av øvingar er jo ekstremt vanskeleg, seier Ingebrigtsen til NRK.

et par menn i et løp

REKORD: Her har Jakob Ingebrigtsen nettopp tatt europeisk rekord på 1500 meter i Monaco, med tida 3.26.72. Han er likevel langt unna å oppnå same poengsum som Karsten Warholm.

Foto: Manon Cruz / Reuters / NTB

Om Ingebrigtsen skal oppnå same sum som Warholm, er han nøydde til å springe den raskaste 1500-meteren i verda, og det med god margin. Da må klokka stoppe på 3.23.39 sekund.

Det er verdsrekord med over to og eit halvt sekund, og over tre sekund raskare enn Ingebrigtsens personlege rekord.

24-åringen skryter av prestasjonen til landsmannen.

Når det er sagt, så er jo den prestasjonen usakleg mange prosent betre enn den førre verdsrekorden. Det er litt det som er basert på verdsrekordane, vil eg tru, som utgangspunkt. Om ein forbetrar det med mange prosentpoeng, vil jo det vere sånn.

Dette må Ingebrigtsen springe for å få lik poengsum som Warholm:

  • Jakob Ingebrigtsen

    VALERY HACHE / AFP / NTB

    1500-meter

    Personlig rekord: 3.26.72

    Poeng: 1292

    Må løpe 3.23.39 for å oppnå samme sum som Karsten Warholm

  • en person som løper i et løp

    AFP

    1500-meter innendørs

    Personlig rekord: 3.29.63

    Poeng: 1306.

    Må løpe 3.27.31 for å få like mange poeng som Karsten Warholm.

  • En gruppe menn i et løp

    SERGEI GAPON / AFP / NTB

    3000-meter

    Personlig rekord 7.17.55

    Poeng: 1320

    Må løpe 7.14.36 for å få like mange poeng som Karsten Warholm.

  • TOPSHOT - Norway's Jakob Ingebrigtsen holds the Norwegian flag after breaking the world record during the Mile Men

    DENIS CHARLET / AFP / NTB

    Engels mile innendørs

    Personlig rekord: 3.45.14

    Poeng: 1330 poeng

    Må løpe 3.44.35 for å få like mange poeng som Karsten Warholm.

– Eg får godt betalt

Warholm viser til at han måtte senke den tidlegare verdsrekorden til Kevin Young med 84 hundredelar for å oppnå den poengsummen.

Da kan ein begynne å regne kor mykje prosent forbetring i det å samanlikne det med andre. Veldig mange vil seie at nesten eit sekund på 400 meter er ganske mykje. Og det er det, seier Warholm.

Dette er dei ti høgast poengsummane gjennom tidene:

  • en mann i basketballuniform

    STF / AP / NTB

    1. plass

    Gabriele Reinsch:

    Diskos - 76.80 meter

    9. juli 1988

    1382 poeng

  • 2. plass

    Natalya Lisovskaya

    Kulestøt - 22.63 meter

    7.juni 1987

    1372 poeng

  • Jan Železn holder en hockeykølle

    THOMAS KIENZLE / AP / NTB

    3. plass

    Jan Železný

    Spydkast - 98.48 meter

    25. mai 1996

    1365 poeng

  • Usain Bolt of Jamaica celebrates after winning the men's 100 metres final at the world athletics championships at the Olympic stadium in Berlin August 16, 2009. Bolt won the race in a time of 9.58 seconds setting a new world record.  (GERMANY). Usain Bolt of Jamaica celebrates after winning the men's 100 metres final at the world athletics championships at the Olympic stadium in Berlin August 16, 2009. Bolt won the race in a time of 9.58 seconds setting a new world record. REUTERS/Kai Pfaffenbach (GERMANY)

    KAI PFAFFENBACH / REUTERS

    4. plass

    Usain Bolt

    100 meter - 9.58 sekunder

    16. august 2009

    1356 poeng

  • Jamaica's Usain Bolt competes with Zimbabwe's Brian Dzingai, left, and United States' Shawn Crawford on his way to winning the men's 200-meter final  with a world record during the athletics competitions in the National Stadium  at the Beijing 2008 Olympics in Beijing, Wednesday, Aug. 20, 2008.  (AP Photo/Petr David Josek)

    Petr David Josek / AP

    5. plass

    Usain Bolt

    200 meter - 19.19 sekunder

    20. august 2009

    1352 poeng

  • Mike Powell

    Anders Holmström / TT NYHETSBYRÅN

    7. plass

    Mike Powell

    Lengdehopp - 8.95 meter

    30. august 1991

    1346 poeng

  • en person som holder et skilt foran en folkemengde

    OLIVIER CHASSIGNOLE / AFP / NTB

    8. plass

    Arman Duplantis

    Stavsprang - 6.27 meter

    28. februar 2025

    1342 poeng

  • Karsten Warholm er sjokkert

    Heiko Junge / NTB

    9. plass

    Karsten Warholm

    400 meter hekk - 45.94 sekunder

    3. august 2021

    1341 poeng

  • World Athletics Championship

    ALINA SMUTKO / Reuters / NTB

    10. plass

    Ryan Crouser

    Kulestøt - 23,56 meter

    27. mai 2023

    1334 poeng

  • en mann som løper i et løp

    TIZIANA FABI / AFP / NTB

    6. plass

    Mykolas Alekna

    Diskos - 75.56

    13. april 2025

    1347 poeng

NRKs friidrettsekspert, Vebjørn Rodal trur ikkje utøvarane tenker altfor mykje på poenga dei oppnår.

Det er rettferdig innanfor kvar øving. Så trur eg dei fleste utøvarane er meir opptatte av resultat, rekordar og medaljar enn dei er av poenga som resultata gir.

Warholms sprang på 45.94 er eit heilt enormt friidrettsresultat, men eg meiner ikkje at det er betre enn 3.23.39 på 1500, som Jakob Ingebrigtsen må ha for å oppnå tilsvarande poengsum, seier Rodal.

At sånne tabellar kjem til å skape diskusjon, det er eg heilt overtydd om, men det er jo ikkje eg som har laga tabellen. Sånn sett får eg berre takke og bukke, for eg får godt betalt, svarer Karsten Warholm.

  • NRK har spurt World Athletics om ein kommentar om poengsystemet, men har ikkje fått svar på førespurnaden.

Publisert 12.06.2025, kl. 16.57 Oppdatert 12.06.2025, kl. 17.03

Read Entire Article