Han sa under generalforsamlinga i selskapet Berkshire Hathaway om å erstatte han som administrerande direktør med den alt utpeikte etterfølgjaren, Greg Abel, ved årsskiftet.
Buffett understreka at han framleis vil «halde seg i nærleiken» for å hjelpe til, men at det er Abel som vil ha det siste ordet.
Buffett, som er 94 år gammal, er for tida både administrerande direktør og styreleiar i det store konglomeratet.
Den legendariske investoren sa unde generalforsamlinga laurdag – som markerte 60 år med han ved roret i Berkshire – at han ikkje ville selje ein einaste aksje.
– Eg vil leggje til dette: avgjerda om å behalde kvar einaste aksje er ei økonomisk avgjerd, fordi eg meiner utsiktene for Berkshire vil vere betre under Greg si leiing enn under mi, sa Buffett under generalforsamlinga.
Publisert 03.05.2025, kl. 20.18 Oppdatert 03.05.2025, kl. 20.19