15-åringen levde isolert og kunne ikkje gå på do – mora vart frifunnen for mishandling

4 hours ago 2



7. januar 2022 blir ein svært underernært 15-åring henta av barnevernet i Bergen og lagt inn på Haukeland universitetssjukehus.

Avmagra, med svært dårlege tenner, skittent og flokete hår, skitne, holete og altfor små klede.

Mora hans blir tiltalt for grov, mangeårig mishandling av sonen sin gjennom det meste av oppveksten hans.

Det kjem fram at guten har levd isolert i heimen i 13 år, aldri gått i barnehage eller skule eller vore til tannlege, ikkje fått anna helsehjelp, og for eksempel ikkje lært å gå på do eller vaske seg på eiga hand.

Påtalemakta meiner gjentatte fysiske og psykiske krenkingar – og tilfelle av vald – førte til betydeleg skade for sonen og skjedde over lang tid.

Kan mora haldast strafferettsleg ansvarleg for at det enda slik?

I mai i år svarte Hordaland tingrett nei på det.

Gav mora ein klem

Mora blei einstemmig frifunne etter ei seks veker lang rettssak.

Sonen, som nå er 19 år og framleis bur heime, var letta og gav henne ein klem der i rettssalen.

I dommen heiter det at mora dels har undervurdert alvoret i sonen si psykiske helse, dels har meint å gjere sitt beste for å skaffe han hjelp.

At ho understimulerte han og ikkje tok han med til helseundersøking og tannlege var ifølge tingretten ikkje nok til å dømme henne for alvorleg eller gjentatt mishandling.

For ei rekke andre tiltalepunkt meinte tingretten «at tiltalte rent objektivt ikke er å bebreide, alternativt manglet forsett.»

Men påtalemakta anka saka. I morgon måndag må kvinna i 50-åra møte i Gulating lagmannsrett til ein «repetisjon» i seks nye veker.

– Dette er ei ekstrem belastning for henne og resten av familie, seier forsvararen hennar, Rolf Knudsen.

Barnevernsskandale

Denne saka fekk også store politiske konsekvensar i Bergen.

Utpå hausten 2022 kom ein knusande rapport frå Statsforvaltaren i Vestland om kommunen sine manglande handlingar overfor familien. Barnevernet greip først inn etter 17 bekymringsmeldingar.

Samtidig blei Bergen skaka av ein annan barnevernsskandale der ein far heldt ein 7-åring innesperra og fastbunden.

Desse to sakene førte til at byrådet i Bergen gjekk av 7. oktober 2022, nøyaktig ni månadar etter at 15-åringen blei henta ut frå heimen.

– Frifinninga er feil

Sonen har hatt symptom på tvangslidingar sidan seksårsalderen. Dette har utvikla seg fordi han ikkje har fått hjelp, meinte aktor i tingretten.

Etter at guten blei henta ut av heimen, fekk han diagnosen aspergers syndrom. Forsvararane til mora meinte at det er grunnen til utfordringane hans, ikkje kva mora har gjort eller ikkje gjort.

Aktor May-Britt Erstad meiner det er viktig å få prøvd saka på nytt.

– Vi meiner tingretten har kome til gale resultat. Frifinninga er feil, seier ho til NRK i det ho gjer seg klar for ein ny rettsrunde.

Erstad seier det finst få tidlegare saker som kan samanliknast med denne.

– Det er ei alvorleg og viktig sak å få prøvd for ein høgare rettsinstans.

May-Britt Erstad i svart kappe

Aktor May-Britt Erstad meiner frifinninga var feil og at saka er alvorleg og prinsipielt viktig å prøve på nytt.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

– Ikkje mishandling

Forsvarar Knudsen seier han og klienten håpa at saka ikkje ville bli anka av påtalemakta.

– Vi meiner at tingretten kom med ein svært grundig og i det vesentlege korrekt dom.

Han oppfattar frikjenninga som at mora ikkje hadde fått hjelpa ho trong og bad om.

– Ho ønskte å ta imot hjelp, men det var vanskeleg å få rett hjelp og ta imot den hjelpa som blei gitt. Ho var i ein vanskeleg situasjon, særleg siste halvåret.

Knudsen samanfattar årsakene til frifinninga slik:

– Fleire av punkta i tiltalen kan ikkje reknast som mishandling, verken enkeltvis eller sett samla. Og mora har ikkje handla med nødvendig grad av skuld. Vi vil halde fast på at ho samla sett ikkje er straffskuldig.

– Prinsipiell sak

Forsvararen forstår likevel at påtalemakta anka saka.

– Det må aktor sjølv svare for, men vi er einige om at dette er ei spesiell sak som også har prinsipielle sider. Det finst ikkje mange samanliknbare saker som passar med vår sak, som handlar om unnlatingshandlingar eller påståtte unnlatingshandlingar, seier han.

I lagmannsretten kjem det ikkje til å bli lagt fram nye bevis, ifølge både aktor og forsvarar. I dei seks vekene blir det dermed ein full gjennomgang av dei same bevisa som i tingretten.

Rolf Knudsen er en av forsvareren til moren som er tiltalt for grov mishandling mot sin egen sønn.

Forsvarar Rolf Knudsen håpa å unngå ankesaka men er einig i at saka er spesiell og prinsipiell.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

– Ikkje «fornærma»

Men både mora og sonen vil kunne fortelje retten korleis dei har det nå.

– Det blir sjølvsagt viktig å ha fokus på familien og guten sin situasjon i desse siste åra, seier Knudsen.

– Sonen er i stadig framgang, slik vi oppfattar det. Han går på skule. Vi får utdjupe dette nærare i lagmannsretten.

Sonen sin bistandsadvokat, Beate Hamre, seier før ankesaka startar at han ikkje ønsker at ho uttaler seg til media.

Men ho viser til at han tidlegare har uttalt at han tar det som ei fornærming å bli omtalt som «den fornærma» i saka.

Publisert 26.10.2025, kl. 13.01

Read Entire Article