KOMMENTAR: Å vera så redd for å gripa inn i barns ytringsfridom at ein lar vera å beskytta dei, er misforstått. Det er å ha manglande respekt for unge menneske.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 30 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Barn treng å få prøva seg, steg for steg, bli meir og meir sjølvstendige, få lov til å ha eit privatliv, få sjansen til å halda ting utanfor mors og fars kontroll. Få sjansen til å ha eit sosialt liv som ikkje er vaksenstyrt.
For å få til det, må dei også bli beskytta. Mot det vaksne ser er skadeleg, det som eit barn eller ein ung tenåring ikkje kan forventast å sjå sjølv. For eksempel ved bruk av aldersgrenser, på ein måte som faktisk fungerer.
Jo, eg veit at unge tenåringar bruker Snapchat og andre sosiale medium til alle avtalar og nærmast all sosial kontakt. Det er også difor vi treng at det er like reglar for lik alder. Elles legg vi til rette for meir utestenging.
Manglande respekt
Alvorlege mobbesaker handlar oftare og oftare om utestenging. Og det skjer slett ikkje berre på sosiale medium. Men dei gjer det verre. Du får aldri fri. Du kan ikkje gå heim og stenga det ute. Du ser kor dei andre er, kor du ikkje får vera med, kven som får likes og at du ikkje får. Alle andre ser det også. Heile tida.
Barn filmar, dei deler, dei legg ut. Også det som er ulovleg. Også det som er djupt skadeleg for den det gjeld.
51 prosent av 9–10-åringar og 74 prosent av 11–12-åringar bruker sosiale medium i 2026, ifølge Medietilsynet. Sjølv om aldersgrensa oftast er 13 år. Den fungerer ikkje.
Hindra kriminelle vaksne
Vi veit at barn blir kontakta og lurt av vaksne som kan gi seg ut for å vera barn. Når – eller viss – barnet sjølv oppdagar det, kan det vera for seint. Bilde kan alt ha blitt delt, overgrep kan alt ha skjedd.
Vi veit også at kriminelle nettverk bruker sosiale medium for å rekruttera barn til alvorleg kriminalitet. Ein kan jo, som Frp vil, flytta den kriminelle lågalderen lenger ned, til 14 år. Noko som sannsynlegvis berre får dei kriminelle nettverka til å rekruttera endå yngre barn. Barn under den kriminelle lågalderen risikerer stort sett ikkje fengsel. Noko som er praktisk for kriminelle nettverk.
Eller ein kan setja opp aldersgrensa for å få vera på sosiale medium, slik regjeringa føreslår, og på den måten hindra at barn er så lett tilgjengelege for rekruttering til kriminalitet.
Eg vil seia at det siste er ei temmeleg klar oppgåve for vaksne lovgivarar. Viss dei nå får aldersgrensa til å fungera. Eg er glad for at dei har begynt den kampen.
Publisert:
Publisert: 24. april 2026 18:07

2 days ago
12



.jpg)





English (US)