20-åringen scora hat-trick i serieopninga på heimebane: – Det betyr alt

13 hours ago 4



– Det betyr alt. Eg vil ikkje gjera det nokon annan stad enn her heime. Å kunna visa kjærleik til litt fanst og klubben, det er fantastisk, seier Jens Hjertø-Dahl til NRK etter kampen.

Sjå alle måla i videovinduet øverst.

Jens Hjertø-Dahl.

Kva gjorde du i dag? Søndag kveld kunne Jens Hjertø-Dahl til dømes ha svara: «Scora hat-trick i andre omgang!»

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

Alle fotballinteresserte kunne sjå mot Tromsø seint søndag kveld. Då spelte nemleg TIL mot FFK, som einaste kamp klokka 19.15.

Og for ein kamp det skulle bli.

Det hadde ikkje gått meir enn tre minutt før heimelaget kunne juble for første mål. Heine Åsen Larsen fekk krangla ballen i mål etter litt hjelp frå Tobias Guddal.

Fram til pause halde heimelaget på 1-0-leiinga.

Show frå Hjertø-Dahl

Så skulle det bli betre.

Ikkje berre betre, men enormt mykje betre.

Jens Hjertø-Dahl, 20-åringen som har rukke å bli ein favoritt hos supporterane, kunne nemleg signere heile tre mål da andre omgang skulle spelast.

Etter 64 minutt kom det første målet.

Ni minutt seinare tok han ein reprise og sette ballen inn hos Fredrikstad-laget ein gong til.

Etter 86 minutt kunne Hjertø-Dahl kalle seg «hat-trick-mannen».

Og måla? Dei kom på hovudet.

– Eg er ganske overraska. Eg har vore ikkje så god på hovudet, eigentleg, men eg får ganske fine innlegg som eg berre kan styra inn, held Hjertø-Dahl fram.

Tromsøs Jens Hjertø-Dahl jubler for 3-0 under eliteseriekampen i fotball mellom Tromsø og Fredrikstad på Romssa Arena.

TIL slo FFK 4–0 heime på Romssa Arena i seriestarten.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

Tre poeng

Det blei med andre ord ein draumestart med tre poeng rett i kassa for heimelaget, med ein av dei beste serieopningane TIL nokon gong har hatt.

– Ein eventyrleg kamp av Jens Hjertø-Dahl, sa NRK sin fotballkommentator Gunnar Grindstein etter at den unge spelaren hadde mottatt jubel frå publikum.

Jubling på Romssa Arena

Tre minutt etter kampstart, sende Heine Åsen Larsen heimelaget rett i leiinga.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

Etter kampen var over, var det også eit svært nøgd heimepublikum som hylla laget for godt levert førstekamp i Eliteserien:

Jubelscener på Romssa Arena etter 4-0-seieren mot FFK.

– Ubeskriveleg. Å setja eiit ord på det er heilt utruleg. Får nokon fans som stiller opp, det er laga ei vanvitig fin ramme som me utnyttar og får energi av, seier Hjertø-Dahl om supporterane.

Det er Jørgen Vik sin tredje sesong som trenar for «Gutan», etter at han tok over for Gaute Helstrup.

I forkant av seriestarten sa han til NRK at han såg for seg ein «tett og tøff kamp».

Etter 4-0-sigaren var eit faktum, var Vik roleg og avbalansert i intervju med TV 2. Han minna om at det framleis er mange kampar som skal spelast, men:

– Eg er glad for at vi løfta oss frå førre helg, seier Jørgen Vik.

Da blei nemleg TIL slått ut av cupen, i eit møte med KFUM i Oslo.

Du lurer kanskje på korleis kjem det til å gå med TIL i år? Det har NRK sin sportsjournalist Gunnar Grindstein analysert her:

Publisert 15.03.2026, kl. 21.08 Oppdatert 15.03.2026, kl. 23.50

Read Entire Article