Striden står om dei 35 milliardane i statsstøtte som er tiltenkt havvindprosjektet Utsira nord.
Prosjektet er sjølve flaggskipet for Noregs ambisjonar innan flytande havvind.
To grupperingar har fått tildelt prosjektområde, og er klare for å starte satsinga utanfor rogalandskysten.
Men no varslar Høgre at dei vil sette på bremsen.
Flytande havvindturbinane på METCentre sett frå Utsira.
Foto: Øystein Otterdal / NRKStortinget må få høve til å vurdere dette på nytt, meiner Nikolai Astrup (H). Denne veka fremma han eit stortingsforslag om ny gjennomgang av støtte til flytande havvind.
Bør kunne vente eit ordentleg avgjerdsgrunnlag
– Vi ber om dette no fordi vi ønsker meir fakta på bordet, seier Astrup til NRK.
Høgre etterlyser svar på kva prosjektet faktisk vil gi av kraft, omfanget av teknologiutvikling og dei samfunnsøkonomiske effektane av å bruke 35 milliardar kroner.
– Vi meiner at regjeringa bør legge informasjon på bordet, og at dette også er i aktørane si interesse at dei får synleggjort ovanfor Stortinget kva samfunnet får igjen for dei 35 milliardane av skattebetalarane sine pengar, seier Astrup.
Foto: William Jobling / NRK– Det er viktig at vi får denne informasjonen til Stortinget før regjeringa forpliktar seg ytterlegare, held han fram.
Prosjektet har blitt greia ut i 15 år. Er det ikkje dumt å ta omkamp no?
– Vi meiner ikkje det, tvert imot. Når det er slik at regjeringa forpliktar seg til å bruke 35 milliardar kroner, så bør Stortinget kunne vente å få eit ordentleg avgjerdsgrunnlag, som er i samsvar med utgreiingsinstruksen.
– Vi er veldig engstelege
Utspelet skapar uro hos aktørane som har investert tungt i prosjektet.
– Vi er veldig engstelege for at Høgre no skapar utryggleik rundt rammevilkåra for havvind i Noreg. Det har vore ein lang prosess med å utvikle desse prosjekta, og det å sikre stabilitet for rammevilkåra er vesentleg for å mobilisere den private kapitalen for å gjennomføre så store prosjekt, seier Erik Dugstad i Vårgrønn.
Saman med Equinor, utgjer dei ein av to grupperingar som har fått tildelt prosjektområde utanfor rogalandskysten.
– Det bety at ein ikkje får framdrift på prosjekta og at ting strandar, seier Erik Dugstad i Vårgrønn.
Foto: NRK– Vi treng ytterlegare investeringar i heile verdikjeda. Då treng vi tryggleik om rammevilkåra for at den private kapitalen skal stille opp, seier Dugstad.
Vårgrøn blei etablert i kjølvatnet av at Solberg-regjeringa i 2020 opna områda Utsira nord og Sørlege Nordsjø II for havvind.
– Viss ein skapar ein for stor usikkerheit rundt rammevilkåra, så kan det bety at ein ikkje får framdrift på prosjekta og at ting strandar, seier han.
Uvissa blir også merka hos partnar Equinor.
Equinor har også merka uvissa. – Klart det blir endå vanskelegare, seier talsperson Frantzen Eidsvold.
Foto: Arne Reidar Mortensen– Utsira nord er eit krevjande prosjekt som er avhengig av støtte frå styresmaktene for å
kunne gjennomførast. Når det blir skapt uvisse rundt rammevilkåra, er det klart det
blir endå vanskelegare, var utsegna frå talsperson for Equinor, Magnus Frantzen Eidsvold til Energy Watch tidlegare denne veka.
To grupperingar har søkt
Energiminister Terje Aasland (Ap) stiller seg uforståande til Høgres krav om omkamp. Han meiner rammene for prosjektet allereie er tilstrekkeleg forankra i Stortinget.
– Det reagerer eg kraftfullt på. Det Høgre no vel å gjere gjennom sitt forslag er å skape betydeleg utryggleik, og slå tvil om det som Stortinget allereie har vedtatt. Dette er klare rammer, som har fått tilslutning i Stortinget, og som vi har jobba ut frå, seier Aasland.
Energiminister Terje Aasland (Ap) reagerer kraftig på Høgres forslag.
Foto: NTBEr du særleg overraska over at dette kjem frå Høgre?
– Ja, spesielt. Dei har ein tradisjon som underbygger nettopp stabilitet og føreseielegheit, ikkje minst ovanfor næringslivet.
– Det Høgre no gjer, føyer seg inn i det Stortinget har gjort i det siste, mellom anna i Melkøya-saka. Dei prøver å ta tilbake gitte tillatingar eller omgjere vedtak gjort i Stortinget ovanfor næringslivet, som er av stor betyding, seier Aasland.
Det er snakk om 35 milliardar kroner i statsstøtte. Forstår du ikkje at det må bli behandla veldig grundig av Stortinget?
– Jo, og det er nettopp det som har blitt gjort, seier Aasland.
Publisert 29.03.2026, kl. 09.28











English (US)