57 ville "på eventyr" i øysamfunnet

1 month ago 27



Myken Seng og Suppe har fått 57 søkarar til sine sommarstillingar, skriv AN.

På øya er det 13 fastbuande.

Sjølv om det er snakk om fleire stillingar, er drivar Odd Steinar Åfar Viseth overraska.

– Dette er mykje meir enn vi våga å håpe på. Dei fleste søkarane er reelle og mange nemner «eventyret» ved å få ein jobb på Myken.

Myken lever av brennevin og turisme. I stillingsutlysinga spelte selskapet bevisst på natur og nærleik til havet.

– Det er tydeleg at folk er interessert i nettopp dette.

Blant dei 57 søkarane er det forskjellar i alder og bakgrunn. Flesteparten er norske, men det er også søkarar frå andre land.

Read Entire Article