– Å bli kjæraste med Ebba har vore veldig bra for meg

1 day ago 5



Det er ein travel, men lukkeleg Alexander Rybak som møter NRK i Wien. Han førebur seg til laurdagens store Eurovision-finale i Wiener Stadthalle.

Der han skal stå på scena framfor 250 millionar TV-sjåarar som ein del av pausenummeret.

– Det følast heilt surrealistisk å vere tilbake i dette sirkuset, seier Rybak og smiler.

Nordmannen, som blei fødd i Belarus, blei ei stor stjerne då han vann ESC-finalen i Moskva i 2009 med «Fairytale».

Han var på hitlistene i heile Europa, og i Wien blir han stadig stoppa på gata for ein «selfie».

Rybak var også deltakar i årets Melodi Grand Prix-finale på Lillehammer.

Fekk ny bue

Men ikkje berre skal han tilbake på den store scena, han rakk også å feire 40-årsdagen sin 13. mai i Wien.

– Denne buen er ein gåve frå ho, seier han og syner fram ein flunkande ny fiolinbue som han fekk til bursdagen frå kjærasten Ebba Lejonclou.

For ein verdskjend fiolinist er buen vel så viktig som instrumentet sjølv, og Rybak legg ikkje skjul på at han set stor pris på gåva.

Det er Hans-Peter Rauber frå Motala i Sverige som har laga den.

– Han reparerte buen min før vår første konsert i Linköping. Då såg Ebba kor forelska eg blei i akkurat den buen, fortel Rybak.

Alexander Rybak og Ebba Lejonclu

Alexander Rybak og Ebba Lejonclou har fine dagar saman i Wien.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Har kjøpt husvære i Sverige

I tillegg til buen fekk han også noko meir personleg frå Ebba, ein nyskriven song kalla «Barnet i meg.»

– Teksten handlar om at vi held kvarandre unge, seier ho og smiler.

Operasongaren frå Linköping i Sverige og den norske stjerna har kjend kvar andre i fleire år.

Men det var først no i år det blei søt musikk mellom dei.

No vekslar paret på å bu og arbeide i Noreg og Sverige, og nyleg kjøpte dei ei leilegheit i Stockholm saman.

Snakka ut om rykta

Rybak fortel at det er deilig å endeleg ha funne ein partnar som forstår det spesielle livet som artist.

– Folk som ikkje er artistar, skjønar ikkje alltid kor sliten ein blir. Ebba forstår at ein kan vere ein «zombie» på hotellrommet etter ein dag med prøver.

I eit intervju med NRK i februar, fortalde Rybak korleis vondsinna rykte og «stalking» har gjort dei siste åra vanskelege

– Det var veldig vondt då stalkeren begynte å spreie rykte om meg og heile verda trudde ho, sa han då.

No er det ein langt lukkelegare artist vi møter på eit hotell i Wien.

– Å bli kjæraste med Ebba har vore veldig bra for meg, seier han.

Alexander Rybak og Ebba Lejonclu

Under grøne tre i Wien, syner gjerne Rybak og Lejonclou fram kjærleiken.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Skal feire saman

Sjølv om Rybak seier han drøymer om det rolege livet, er kalenderen framleis full.

I desember skal paret ut på turné saman med «Vår jul», saman med andre kjende artistar.

– Det blir 50 julekonsertar saman. No er det endå meir plass til show og «hæla i taket», i tillegg til dei nære julesongane, seier Rybak.

Dei har også planar om ei heilt spesiell feiring seinare.

Sidan Ebba fyller 30 og Alexander no har fylt 40, planlegg dei eit felles «70-årsjubileum».

– I staden for éin stor fest, vil vi samle familie og vener kring musikken. Vi tenkjer å ha ein konsert i hans heimby og ein i min, fortel Lejonclou.

Lordi backstage i Wien 15. mai 2026

Alexander Rybak skal på scena under ESC-finalen i Wien saman med den finske artisten Lordi. Fredag var Lordi innoom sminkeområdet til artistane.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Ho er unik

Når dei blir bedne om å skildre kvarandre, er det tydeleg at kjemien er sterk.

– Det beste med Ebba er at ho alltid er lyttande. Og så er ho veldig morosam å flørte med. Ho er unik, seier 40-åringen.

Ebba dreg fram deira felles forståing for kunstnarlivet.

– Vi er «sjelsslekta». Ting som andre kanskje har sett på som rart ved meg før, er heilt normalt og akseptert hos han. Det er kjærleik for meg.

Publisert 15.05.2026, kl. 21.31

Read Entire Article