Ååh du hildrande nynorsk-språket?

2 hours ago 2



I Fædrelandsvennen har det nett vore eit par innlegg ikring nynorsk og kva UiA gjer for språket. Eg kjem attende til det, men fyrst.

Greitt at bokmål var det språket som då rådde i bøkene, men kvifor kalla dei det ikkje dansk? Då kunne dei kalla landsmålet for det det var, og er, norsk, skriv lektor Arne Jørgen Løvland. Foto: Kjartan Bjelland

Som norsklærar i meir enn tretti år, har eg følt meg som ein språkleg hærførar. Kvifor? I botn ligg læreplanen som vert endra med jamne mellomrom av nye regjeringar. Dei herjar med plan og fag og innhald og sånn går det att og fram ved slike skifte. Det er ikkje heilt sant, for nynorsk som fag, vert aldri rørt. Det held fram trass stor motstand. Faktisk er ikkje det heller heilt sant, for nokre år sidan vart det vedteken å take ut skriftleg nynorsk-eksamen i vidaregåande skule, men det vart snøgt endra av Venstre.

Så var det hærføraren. Eg måtte stemne framover utan omhug til borna ikring meg. Av di eg som norsklærar måtte overtyde alle bokmål-elskarar kvart år til å skjøne at å halde fram med å skrive bokmål, var det same som å stø opp under det danske språket.

Eg minnest talrike timar med prat for å overtyde borna om at vi må tenkje på norsk kultur, dei norske gena, det ekte norske, av di vi må take vare på vårt medvit og vår likskap. Eg måtte meine at det var viktig at elevane skjønte at skilnaden på å skrive bokmål og nynorsk, handla om det opphavlege – kven vi var då, kven vi er no og kven vi framover vil vere.

Då eg stod attmed tavla, teikna, skreiv og fortalde om språkkampen ikring 1929, sat elevane som tende ljos(?.) Det har seg slik at for å gjere språka meir einstaka, måtte nemningane riksmål og landsmål verte endra. Riksmål – rike og Landsmål – land, er nemningar ikring det same, og eg skjøner knipa politikarane hadde set seg i.

Det eg ikkje skjøner, er kven for ein tullebukk som kom opp med utvegen; bokmål og nynorsk! Greitt at bokmål var det språket som då rådde i bøkene, men kvifor kalla dei det ikkje dansk? Då kunne dei kalla landsmålet for det det var, og er, norsk. Tenk kor få som ville skrive dansk i dag.

Det verste er at eg har laga nynorsk-hatarar – fleire tusen.

Nok om draumen, for i det røynlege Noreg, vert det stadig færre som vel nynorsk. I ungdomsskulen er det ikring elleve prosent som har nynorsk som hovudmål. Faktisk er det berre i tre fylke vi kan snakke om elevar som skriv nynorsk i større mon. Dess høgare opp i skuleslaga vi kjem, dess færre vel nynorsk. I vaksenopplæringa ikring fem prosent som hadde nynorsk som hovudmål til eksamen i fjor.

Drøftinga ikring nynorsk i denne avisa starta studenten Nora Tangen Aarskog som eit spørsmål til UiA om kven som passar på nynorsken der. Det er eit språkpolitisk utval som gjennom pennen til Pájero og Selås fyrst seier at «Det gjer vi», men les du teksten, er ikkje det sant. Dei skriv at dei lagar eksamensoppgåver på nynorsk, men får ikkje til mykje ut over det, men vonar studentane vil hjelpe.

I dei åra eg har vore norsklærar, har eg aldri klart å konvertere nokre elevar til å verte med meg i kampen for nynorsk. Nokre har gjett meg stø, men berre for ei stutt tid.

Det verste er at eg har laga nynorsk-hatarar – fleire tusen. Eg er sikker på at dei ved middagsbordet saman med mamma og pappa har tala om kor meiningslaust det er av Arne Jørgen å tvinge oss til å skrive eit språk vi aldri meir vil nytte. Dei føresette smilte og kom nok opp med minne om kor øydelagt dei sjølv vart av deira norsklærar. Kan hende hadde dei òg hatt Arne Jørgen, og så har dei rista på hovudet og sagt; «helledussen, holder han ennå på»! Dei rista på hovudet og sa i kor TAKK OG PRIS DET ER OVER. Slik vart eg til nynorsk-døydaren.

(PS – alle ord er lovleg skrivemåte).

Read Entire Article