«Absurd bondeteater»

1 month ago 32



Å gå inn til intim­scenen på Rogaland Teater er for tida som å gå inn i ei kjellarstove frå 80- eller 90-talet. Vegger og golv er dekte med furu­panel, og fille­ryene ligg strødde bortetter.

På ein haug av slike ryer ligg to venninner (Malin Landa og Mari Strand Ferstad). Dei er 18 år, bestevenner, begge odels­jenter i Gjesdal utanfor Stavanger.

Den eine har ein klar plan for gards­drifta. Den andre har det ikkje.

Fra forestillingen «Du er bonde» ved Rogaland Teater

TENÅRINGSDRAUMAR: Dei drøymer om odel, gutar og Jesus. Samspelet mellom Mari Strand Ferstad (øvst) og Malin Landa (nedst) er fint i framsyninga «Du er bonde». Filleryene er donerte frå folk i Stavanger.

Foto: Hanne Nygaard/Rogaland Teater

Surrealistisk heimstad­dikting

Framsyninga er basert på Kristin Auestad Danielsen sin roman «Du er bonde».

Maria Drangeid har dramatisert romanen og regissert framsyninga, og mykje av tonen og stemninga frå den vellaga jule­framsyninga «Stargate» ved Trøndelag Teater er med her òg.

Rogaland Teater presenterer lokalt, humørfylt og absurd bonde­teater med sin eigen signatur.

Danielsen og Drangeid er ikkje ein dum kombinasjon. Begge er frå Stavanger-området (Danielsen frå bygda, Drangeid frå byen).

Romanen er absurd og surrealistisk heimstad­dikting, noko som kler Drangeid si tilnærming i fleire av oppsetjingane eg har sett av ho.

Fra forestillingen «Du er bonde» ved Rogaland Teater

ROADTRIP-VIBBAR: På tokt som Thelma & Louise. Alt går ikkje heilt etter planen.

Foto: Hanne Nygaard/Rogaland Teater

Hemnskog

Dei to atten­åringane er beste­venner på eit Thelma & Louise-aktig vis. Dei er fulle av liv, men samstundes tynga av kjensla av ansvar.

Det er ikkje berre, berre å driva gard. Særleg om ein ikkje vil.

Roman­universet er fullt av absurde vendingar som teateret grip med båe hender. Snart kjem engelen Gabriel til ho eine, ho som ikkje vil driva garden, og gjev ho eit oppdrag: Ho skal føda eike­nøtter, og ho skal planta ein skog.

Vips har ho pressa ut ein heil del nøtter, vips er dei planta. Og vips har ho hemna seg på heile Jæren og dekt land­skapet med lauv­skog.

Fra forestillingen «Du er bonde» ved Rogaland Teater

NØTTESKOG: Snart er heile Jæren dekka av skog. Alt for å driva antidrift og la naturen kjempa seg tilbake.

Foto: Hanne Nygaard/Rogaland Teater

Å bondelere

Kristin Auestad Danielsen har i fleire verk skrive eit portrett av generasjonen kalla snøfnuggenerasjonen.

Teater­stykket «Vår vesle» vart nominert til Ibsen­prisen i 2019, og sidan har ho mellom anna skrive dramatikk om olje­eventyret sine mange sider i «Soga om oss».

Både «Soga om oss» og «Du er bonde» er ekte heimstaddikting, og Rogaland Teater skal vera glade for at dei har slike gode krefter i nærleiken av seg.

Når du heller vil klemma ku, sjå på film og ete i chips i staden for å driva gard, er du ganske langt unna biletet av ideal­bonden.

Når du ikkje vil bondelere, som dei seier i fram­syninga, men berre la naturen ta alt tilbake. «Frivillig vern» ville ein kanskje kalla det i dag, om ikkje omgrepet rewilding er meir treffande.

  • Fra forestillingen «Du er bonde» ved Rogaland Teater

    ANTIDRIFT: Ho (Malin Landa) vil driva antidrift på garden og helst berre ete chips, sjå på film og ikkje tenka så mykje på røynda.

    Foto: Hanne Nygaard/Rogaland Teater
  • Fra forestillingen «Du er bonde» ved Rogaland Teater

    PÅ TOKT: Når nokon har hogd ned skogen, må ein hemna seg. Her er jentene på veg.

    Foto: Hanne Nygaard/Rogaland Teater
  • Fra forestillingen «Du er bonde» ved Rogaland Teater

    TÅKESKOG: Det absurde og uverkelege vert godt ivareteke i manus og scenografi i «Du er bonde».

    Foto: Hanne Nygaard/Rogaland Teater

Kombinerer det symbolske og handfaste

Maria Drangeid si iscene­setting leikar seg med dei absurde elementa i boka i ein svært konkret, furu­panelert kjellar­stove-sceno­grafi.

Men kjellar­stova opnar for nett dette, Drangeid lar ho sprekka opp og gje rom for opningar som både symboliserer trea som veks, men som òg lagar rom for at verda og røynda kan vera meir enn det ein berre ser.

Og at det kjem an på korleis du ser.

Miksen mellom det symbolske og det handfaste i sceno­grafien er god. Drangeid varetek fabelen og det surrealistiske i «Du er bonde» godt.

Samspelet er fint, og særleg skapar skodespelar Malin Landa eit stort rom for at det ulogiske kan vera logisk og opnar denne delen av handlinga fint opp for publikum.

Fra forestillingen «Du er bonde» ved Rogaland Teater

FURU: Tidskoloritten til scenografi og kostyme treff godt.

Foto: Hanne Nygaard/Rogaland Teater

Saknar tyngda

Det Drangeid ikkje legg like stor vekt på, er tyngda i odelen, ansvaret og kjenslene rundt det å ikkje villa føra garden vidare.

Børa i å skuffa ei heil slekt får ikkje så stor plass. Med det mister framsyninga noko av tyngda som boka har.

Likevel står ho godt i sine eigne premiss, og som underhaldning og vennskaps­skildring fungerer dette godt.

Den som sørga over Kong Olav og Lady Diana i ei kjellar­stove av furu, vil absolutt kunna kjenna seg att.

«Du er bonde» er eit tids­portrett, kan hende også eit generasjons­portrett, ei vennskaps­historie og skrudd heimstad­dikting på same tid.

Publisert 21.03.2025, kl. 14.55

Read Entire Article