– Ann Kristin er utruleg impulsiv og kreativ. Så når ho får planar, så set ho i gang, seier Per Gjeldnes (61) om kona si.
Han og Ann Kristin Nerland Bruset (61) er svært forskjellege.
Han beskriv seg sjølv som litt tilbakehalden og trivst godt med å vere i bakgrunnen. Ho, derimot, er energisk, høglydt og pratar i eitt sett.
Det er nettopp denne kontrasten Ann Kristin treng i sitt liv. Ho lever nemleg med ADHD og beskriv diagnosen som ein motor som aldri slår seg heilt av. Derfor er det rolege lynnet til mannen ei tryggheit i kvardagen hennar.
– Eg har møtt den mest fantastiske mannen, som roar og dempar meg litt.
Ekteparet har vore i lag i 17 år, og i 2023 gifta dei seg.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKDu og eg og ADHD
De to har funne ein balanse i forholdet, men det er ikkje like lett for alle par å leve med utfordringane ADHD kan gi.
Nettopp derfor arrangerer Bufetat ADHD-kurs for par rundt om i heile landet.
– Vi har hatt ordentleg trøkk på påmelding. Så det verkar som det i alle fall foreløpig er ein ganske umetta marknad for parkurs, seier Svanhild Lillebostad, familie- og parterapeut hos familievernkontoret Romsdal.
Lillebostad har fått tilbakemelding frå par om at dei er flinkare til å snakke saman, og til å takle utfordringar i kvardagen, etter å ha gått på kurs.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKHO seier at dei utfordringane personar med ADHD har spelar ei stor rolle også i eit parforhold. Desse utfordringane kan skape mykje dårleg dynamikk, krangling og kanskje vanskelege leveforhold, ifølge Lillebostad.
– Eg trur det at ein ikkje forstår kvarandre og forstår kvifor ein reagerer som eIn gjer, og kanskje kranglar om bagateller, er no ikkje nødvendigvis spesielt for parforhold med ADHD, men ein gjer det meir, er vår erfaring.
Ho håper par blir flinkare til å takle desse konfliktane gjennom å lære gode verktøy.
– Auka risiko for skilsmisse
ADHD Norge har vore med på å utarbeide kurset og bekreftar problematikken i parforhold.
– Vaksne med ADHD har jo ein auka risiko for samlivsbrot og skilsmisse, og mange opplever mykje utfordringar med konfliktar og kommunikasjon, fortel Gry Lunde, generalsekretær i ADHD Norge.
Lunde meiner at det er viktig med kurs som adresserer vanskane vaksne med ADHD har.
Foto: Anita Sælø / Anita SæløHo meiner at merksemda rundt ADHD kan gjere at folk trur dei har eit visst bilde av korleis diagnosen er. Men at det er dei som lever tett på diagnosen, som veit at ADHD kan gi betydelege utfordringar i kvardagen.
– Det er krevjande å leve med nokon som for eksempel har vanskar med å planlegge, organisere seg og følgje avtalar. Det er jo ei mye større kvardagsbelastning enn det det kanskje blir snakka om.
Å ta ein pause i tide
Først ved fylte 56 år fekk Ann Kristin diagnosen. Då ble ektemannen veldig motivert til å forstå henne bedre og lære meir om diagnosen. Saman deltok dei derfor på ADHD-kurs for par. Her fann Per stor verdi i å dele erfaringar med andre i samme situasjon.
– Når dei blir litt styrete og vanskelege, så gå ut ein tur. For ofte har det gått over når du kjem inn igjen. Det er eit tips eg tok imot, fortel Per.
Per har innreia ei stue på garasjeloftet, som er ein friplass han går til når Ann Kristin treng tid åleine.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKI slike situasjonar har Per lært seg å tolke signala og då tar han ofte turen til garasjen. Ann Krisin forstår godt at Per ønsker litt åleinetid av og til, fordi:
– Når eg blir frustrert, då går det ut over Per. Då kommanderer eg han til å gjere ganske mykje, fortel Ann Kristin.
Ann Kristin trur mangel på forståing og tolmod i parforhold kan føre til kritikk og skam.
– Negativ kritikk, det gjør så vondt, seier ho.
Ekteparet er glad i å slappe av i sofaen saman og sjå på Netflix
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKÅ hente seg inn er spesielt viktig etter ein lang dag på treningsstudioet som Ann Kristin jobbar på.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRK
– Absolutt den rette for ei med ADHD
Ekteparet i Surnadal på Nordmøre har lært seg å leve med forskjellane og Per meiner dei møtest på midten.
– Det er veldig store forskjellar mellom oss, men samtidig så veks vi saman, legg Ann Kristin til.
Kreative Ann Kristin er alltid i gang med nye prosjekt og hobbyar.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKNo held ho på med eit portrett av barnebarnet sitt.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKHo har også laga ein eventyrskog i hagen som ungane i nabolaget kan komme og besøke.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKHo er glad i å strikke, men fortel at tolmodet ikkje rekk til å lage ein heil genser.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKOg ho byr stadig på ein heimelaga drink når familie og vennar kjem på besøk.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRK
På kveldane er Ann Kristin avhengig av å roe seg ned etter dagens tankekøyr. Her spelar Per ei viktig rolle, seier ho.
– Han held rundt meg helt til eg kjenner pulsen min går ned. Det er ein fantastisk fin måte for hjernen min å roe seg ned på.
– Han er jo absolutt den rette for ei med ADHD.
Kvar kveld set dei seg ned ved bordet for å avslutte dagen med brettspel.
Publisert 05.01.2026, kl. 06.04














.jpg)


English (US)