– Hvis en møtte onger etter væga, som gjorde narr og ville vera med, så sku en hatt en bror i femte klassen, som rødda væg så folk fekk gå i fred.
Slik oppsummerer advokat Helge Skogseth Berg det han meiner denne saka handlar om.
Milliardær og investor Christen Sveeas har fått med seg 46 små og store aksjonærar i eit søksmål mot blant andre Kjell Inge Røkkes Aker.
Saksøkarane meiner leiinga i selskapet grovt forskjellsbehandla han og dei godt over 10 000 små og store aksjonærane i selskapet, ved å legge til rette for at Røkke kunne sikre seg større kontroll og andel i verdiane i Solstad.
– Denne strofa frå Prøysen tenker eg er illustrerande for samansetninga av saksøkarane, seier Berg.
Røkke meiner på si side ingen har tapt verdiar som følgje av refinansieringa. Han kallar saka som no er oppe i Oslo tingrett for «noregshistoria si største erstatningssak der ingen har lidd økonomisk tap».
Meiner det handlar om maktmisbruk
Berg meiner på si side saka handlar om maktmisbruk.
– Sidan vi vedtok Grunnlova for meir enn 200 år sidan, har det vore kjent at grådige menn kan vere eit problem for samfunnet, seier Berg.
Kistefos-sjef Bengt A. Rem helser på to av dei saksøkte, dagleg leiar Lars Peder Solstad i Solstad Offshore og styreleiar Harald Espedal.
Foto: Ragnhild Vartdal / NRKDifor har vi mekanismar i lovverket for å verne folk mot misbruket av slik makt, meiner Berg.
– Når verken Finanstilsynet eller Oslo Børs grip inn, så må den alminnelege mann og kvinne normalt bøye nakken. Men ikkje alltid, ikke i denne saka, seier Berg.
Første rettsdag startar med at advokatane til alle partane i saka skal halde korte innleiingar.
– Dramatisk nyheit
Først ut var advokat Olav Fr. Perland, som også representerer saksøkarane.
– Den 23. oktober (2023, journ. anm.) vakna aksjonærane i Solstad Offshore til ei dramatisk nyheit. Den gjekk ut på at selskapet hadde inngått ein avtale med Aker Capital, kor den største delen av verksemda i selskapet skulle bli overdradd til Aker.
Sveeas si høgre hand, Kistefos-sjef Bengt. A Rem, er til stades i retten. Seinare i saka skal han halde partsforklaring.
Foto: Ragnhild Vartdal / NRK35 av Solstad Offshore sine 43 skip på den tida, skulle flyttast over til eitt nytt unotert selskap som fekk namnet Solstad Maritime.
– Det skjedde til ei verdsetting som var ein betydeleg underpris, seier Perland.
Aker og Røkke-kontrollerte AMSC skulle skyte inn 3,25 milliardar kroner i eigenkapital, medan dei resterande aksjonærane i Solstad Offshore skulle få teikne aksjar til ein verdi av 750 millionar kroner.
Aker-sjef Øyvind Eriksen var i godt humør då han møtte i retten tysdag morgon. Han skal ha etter kvart halde partsforklaring i saka.
Foto: Ragnhild Vartdal / NRK– Dei resterande aksjonærane fekk vere med i ei svært avgrensa utstrekning. Dette meiner saksøkarane utgjer ei grov forskjellsbehandling av aksjonærane og ei formidabel overføring på fellesskapet si kostnad, seier Perland.
Selskapet kunne hamne i økonomisk krise
Og dei meiner leiinga og styret har deler av skulda.
– Styret prøvde ikkje å finne reelle alternativ som ikkje innebar ei slik forskjellsbehandling, seier Perland.
Advokat Erlend W. Holstrøm representerer fleire styremedlemmar og dagleg leiar i Solstad Offshore, som alle er saksøkte.
– Styret opplevde ikkje at det var sannsynleg at ein kunne kome fram til ei alternativ refinansiering i tide, seier Holstrøm.
Han seier selskapet var i økonomisk krise dersom dei ikkje lukkast i pengejakta før selskapet hadde eit milliardforfall i mars 2024.
Og trass optimisme i marknaden på den tida, meiner Holstrøm at det ikkje var flust av kapital å finne.
– Dersom det var så enkelt og så gode utsikter, kvifor sprang ikkje bankane etter Solstad og tilbaud pengar? Det ein hadde var nokre få nysgjerrige og interesserte investorar, seier Holstrøm.
Han avviser at Sveeas sitt selskap Kistefos skal ha tatt kontakt fleire gonger med forslag til alternative løysingar.
– Realiteten er at styret og dagleg leiar berga Solstad Offshore og aksjonærverdiane gjennom den løysinga dei klarte å forhandle fram med Aker. Og Aker fekk ikkje ein urimeleg fordel, seier Holstrøm.
Publisert 07.10.2025, kl. 10.19 Oppdatert 07.10.2025, kl. 10.45