– Æsj! Det var veldig rart og slimete

4 days ago 3



– Æsj!

Det seier Embrik Stormo i det «babyen» kjem ut av fødselskanalen og opp i armane hans.

Han er ein av elevane ved Sandnessjøen ungdomsskule som fekk ein meir verkelegheitsnær naturfagtime enn vanleg.

For elevane blei timen både lærerik, spennande, litt klein – og ganske blodig. Dei fekk prøve å ta imot ein «baby», klippe navlestrengen og ta blodprøve frå ei ekte morkake.

– Det var veldig rart og slimete, seier klassekamerat Storm Vik, før han legg til:

– Men det var spennande å prøve.

Gutt med briller smiler til kamera med en dukke i handen.

Storm Vik synest undervisninga var både annleis og lærerik.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

15. april går søknadsfristen for høgare utdanning ut, og jordmormangel er ei av dei store utfordringane i det norske helsevesenet i 2026.

I løpet av undervisninga fekk ungdommane i Sandnessjøen møte jordmorfaget på nært hald.

Det var ikkje tilfeldig, forklarar lærar Hanne Nora Nilsen. I naturfagundervisninga er eit av kompetansemåla å lære om reproduksjon og fødsel.

Då vart vegen kort til sjukehuset i byen.

Elevane fekk ta blodprøve frå ei ekte morkake i naturfagtimen.

Ole Christian Olsen/NRK

– Skulen har gode erfaringar med samarbeidet med Helgelandssjukehuset, og dei har laga eit kjempebra opplegg, seier ho.

– Mange har eit amerikansk filmbilete

Jordmora Maria Elvetun som leidde undervisninga, meiner slike møte kan gjere mykje med korleis ungdom ser på fødsel.

– Det gjer det litt mindre farleg. Mange har eit amerikansk filmbilete i hovudet når dei tenkjer på fødsel, men det er ikkje slik det går føre seg.

Kvinne med pannelugg ser i kamera og smiler.

Jordmor Maria Elvetun leidde undervisninga om fødsel for elevane i 9. klasse.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Ho lét seg også imponere av klassen.

– Det er ein veldig sporty gjeng, og dei var på med ein gong. Det gløder litt i augo på nokre av dei. Det er nokre jordmortalent her, altså.

– Viktig for rekruttering

Både Den norske Jordmorforening og Jordmorforbundet er imponert over undervisningsopplegget i Sandnessjøen, og meiner det er viktig for framtidig rekruttering til yrket.

Kunne du tenkt deg å bli jordmor?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Lena Henriksen i Den norske Jordmorforening seier at vi kjem til å trenge mange fleire jordmødrer framover.

Tal frå fjoråret viser at norske sjukehus truleg manglar så mange som 100 jordmødrer i dag. Størst mangel er det i Nord-Noreg.

– Fødeavdelingar i nord rapporterer om rekrutteringsproblem, men også fleire av sjukehusa elles i landet. Det same gjeld enkelte kommunar. Det er dei same utfordringane i heile Europa, seier ho.

  • Lena Henriksen, Den norske jordmorforeining

    Lena Henriksen, politisk leder i Den norske jordmorforeining

    –  Veldig gøy å se så sporty ungdom. 

Henriksen forklarer jordmormangelen med at arbeidsstokken drar på åra.

Når arbeidsforholda i tillegg er såpass krevjande, blir det ein dobbel smell: Det er tungt å rekruttere nye folk, og minst like vrient å få dei som alt jobbar der til å bli verande.

Sara Fugledal Wiik er leiar i Jordmorforbundet NSF. Ho trur slike møte kan få fleire til å få opp auga for jordmoryrket.

Elever får undervisning om fødsler

Jordmor Maria Elvetun håpar undervisninga kan gi ungdom eit meir realistisk bilete av fødsel.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

– Absolutt. Når ungdom får møte jordmødrer i praksis og får sjå kor variert, krevjande og meiningsfullt faget er, kan det vekkje interesse hos dei som ikkje visste så mykje om yrket frå før.

Ho er ikkje overraska over at jordmora i Sandnessjøen snakkar om «jordmortalent» i klasserommet.

– Vi veit at mange som vel jordmoryrket, gjer det fordi dei har blitt inspirerte av eit møte med faget – og slike undervisningsopplegg kan vere nettopp den typen møte.

Vil ha fleire jordmødrer inn i skulen

Wiik peikar også på at ungdom får eit meir realistisk bilete av kropp, graviditet og fødsel når jordmødrer kjem inn i skulen.

– Når jordmødrer samarbeider med skular blir tema som mange unge synest er litt skumle, normalisert. Det gir rom for gode samtalar om både biologi og helsekompetanse.

  • En kvinne i rød skjorte (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Sara Fugledal Wiik

    Leiar i Jordmorforbundet NSF

Ifølgje forbundet skjer det slike skulebesøk fleire stader i landet, men ikkje overalt.

– Det skjer, men det er ikkje systematisert eller likt fordelt i landet. Nokre sjukehus og kommunar har etablert faste undervisningsopplegg for ungdomsskular og vidaregåande skular, medan andre stader er det meir avhengig av enkeltjordmødrer som engasjerer seg.

Elever får undervisning om fødsler

Elevane i 9. klasse ved Sandnessjøen ungdomsskule fekk både sjå, prøve og lære då jordmorfaget flytta inn i naturfagtimen.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Wiik håpar det blir meir av denne typen samarbeid.

– Å styrkje ungdom sin kunnskap om reproduktiv helse er eit viktig folkehelsetiltak. Jordmødrer har ein unik kompetanse som kan bidra til at undervisninga blir både fagleg solid og praktisk relevant.

– Ein attraktiv arbeidsplass

Einingsleiar ved føde- og gynekologavdelinga ved Helgelandssjukehuset i Sandnessjøen, Sølvi Hestnes, seier sjukehuset samarbeider godt med skulane i nærområdet.

– Vi set stor pris på eit slikt samarbeid.

Elevane fekk prøve utstyr som blir brukt i opplæring om fødsel.

Ole Christian Olsen/NRK

Ho seier slike opplegg er viktige av fleire grunnar, men eitt av hovudmåla er å møte ungdommen.

For sjukehuset handlar det både om å gi kunnskap og å vise fram yrket.

– Vi gir dei allmennkunnskap og viser at dette er ein normal del av livet, og ikkje noko skummelt eller farleg. Vi ønskjer også å vise at Helgelandssjukehuset er ein attraktiv arbeidsplass.

Tilbake i klasserommet i Sandnessjøen har ikkje Storm Vik nokre planar om å bli jordmor i framtida.

– Nei, eg er nok ikkje heilt der. Det er ikkje noko for meg.

Publisert 08.04.2026, kl. 11.43

Read Entire Article