Aftenbladet er ikkje skurken her

2 days ago 3



DEBATT: Mange abonnentar er sinte på Aftenbladet for tida, men avisa er ikkje skurken her.

Innsendaren vil halda fram som abonnent av Aftenbladet. Bildet viser det som 17. juni i fjor blei lagt ned i boksen som er grunnsteinen i Mediebyen i Stavanger. Foto: Kristian Jacobsen
  • Birger Lindanger

    Stavanger

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

På ny stormar det kring Aftenbladet. Alle abonnentane har fått eit rundskriv frå avisa at me må betala 39 kroner månaden for å sleppa å dela personlege data med avisa. Det galdt å leggja opp til personleg tilpassa annonser for å auka annonseinntektene til avisa.

I eit innslag i NRK vart ein representant for Schibstedgruppa spurd om kvifor dette var nødvendig. Svaret var at den digitale utviklinga hadde ført annonseinntektene vekk som inntektskjelde for journalistikken.

Finn, ei gullgruve

Tidlegare Schibsted-sjef Kristin Skogen Lund fekk elles ein total lønspakke på 45,8 millionar kroner i fjor.Det svarar til 1,66 millionar 39-kronings abonnement!

At den digitale utviklinga utfordra annonseinntektene til avisene, er ikkje noko nytt. Dette bekymra dei tilsette i Stavanger Aftenblad alt for 30 år sidan, og i 1997 arrangerte avisa ei samling der temaet nett var koss ein kunne behalda annonseinntekter som finansiering av journalistikken.

På denne samlinga oppstod då ideen til det som sidan vart utvikla til Finn.no. . For å utvikla konseptet vidare til fordel for dei store regionsavisene, kontakta Aftenbladet Bergens Tidende og Adresseavisen. Resultatet vart altså Finn.no, eit opplegg som svara seg betre enn narkotikahandel, som ein av dei involverte uttrykte det.

Så skjedde det i 2007 at Schibsted-gruppa tok over Stavanger Aftenbladet. Der fann dei raskt ut at Finn.no var ei gullgruve, og skilde ut tiltaket frå avisene til seg. Schibstedgruppa stakk altså av med overskotet frå nettsuksessen i staden for å pløya det tilbake i avisdrifta.

Ikkje rik onkel, men narkoman fetter

Som klubbleiar Harald Birkevold omtala eigarskapen til Schibsted: «Da de kom, trodde vi at vi hadde fått en rik onkel, men nå er de mer som en narkoman fetter. Du låser ned sølvtøyet når de er på besøk.» Eller som Svein Egil Omdal omtalte eigarskapen: «Men vi visste jo at hvis vi klarte å lage noe digitalt vellykket, så ville også dette tiltaket bli skilt ut som eget selskap og inntektene forsvinne fra avisregnskapet. Slik kuttes den ene etter den andre av de gamle inntektskildene, og til slutt sitter avisa igjen med bare utgiftene.» (Klassekampen, 2/1 2016)

Når det gjeld kva som skjedde med annonseavdelinga, viser eg til Christian Wedlers artikkel SA 30/1 2016: Nå forstår jeg det slik at Schibsted i sin visdom har bestemt at det er best for Aftenbladet at avisen ikke selv skal selge sine annonser. (…..) Annonseoverskuddet kommer til å havne utenom avisen og direkte på Schibsteds konto. (…..) Fra en annonse som koster annonsøren i Stavanger 4500 kr, vil f.eks. 3000 kr havne hos annonseselskapet i Oslo, mens 1500 kr havner hos Aftenbladet her i Stavanger.

Han skriv vidare: Jeg mistenker at Schibsted er mer opptatt av å få penger fra oss i Stavanger, enn å bevare Aftenbladets kvalitet og betydning for samfunnet. Dette vert understreka av at eigedommane til Aftenbladet både i avishuset sentrum og trykkeriet på Forus vart fjerna utan vederlag til avisa.

Me treng ei livskraftig avis

Tidlegare Schibsted-sjef Kristin Skogen Lund fekk elles ein total lønspakke på 45,8 millionar kroner i fjor, ifølgje Schibsteds årsrapport for 2024. Det svarar til 1,66 millionar 39-kronings abonnement!

Eigentleg burde journalistar ha drive gravande gransking av kva som her skjedd her, men me kan ikkje venta at dei skal vera kritiske til sin eigen arbeidsgjevar.

Me treng eit vitalt Aftenblad som nyheitsformidlar og med kvalifisert gravande og kritisk journalistikk. Ho skal vera talerøyr utåt, lim innåt og basert på ein grunnfesta tillit hjå lesarane! Men tilliten er i ferd med å forvitra. Når samtalen kjem inn på Aftenbladet, møter eg ein generell frustrasjon over avisa. Alt for mange tenkjer på å seia opp abonnementet. Men å angripa Aftenbladet er å ta offeret og ikkje årsaka til at folk er provoserte. Dette er eit pålegg frå Oslo, ikkje frå Stavanger.

For min del held eg fram som abonnent, me treng eit vake og livskraftig Aftenblad!

Publisert:

Publisert: 8. mai 2026 13:49

Read Entire Article