Air France og Airbus funne skuldige i aktlaust drap etter flystyrt i 2009

1 day ago 3



Kvart av selskapa er no dømd til å betale 225.000 euro for flyulukka som kravde 228 menneskeliv, skriv Reuters.

Fire nordmenn var blant dei omkomne.

Både Air France og Airbus vart frikjende i 2023, men ein ankedomstol i Paris har funne begge selskapa skuldige i aktlaust drap etter flystyrten.

Ifølgje Reuters, er det er forventa at saka vert anka vidare.

Mista far og bror

Kristian Berg Andersen, Karsten Moholt og Karsten Aleksander Moholt omkom. I tillegg døydde ein 11 år gamal gut som hadde både norsk og britisk statsborgarskap.

Linn Cecilie Moholt mista faren og broren i ulukka. Ho fortel til NRK at dommen er eit steg i riktig retning.

– For oss i familien er det viktigaste at ein snur alle steinar og gjer alt for å forhindre at slike tragiske ulukker gjentar seg, seier Moholt.

Menneskeleg og teknisk svikt

Flyet var på veg frå Rio de Janeiro til Paris då det styrta i Atlanteren i 2009. Styrten skjedde på grunn av menneskeleg og teknisk svikt.

Det var kraftig uvêr, som gjorde at instrumenta svika, og flygarane gjorde fleire feil. Flyet stegla, mista oppdrifta og styrta.

Søket etter flyvraket var krevjande og tok lang tid. Først etter to år vart vraket av Airbus A330-flyet og det tekniske utstyret funne – på 4000 meter djupne.

Handout picture given by Brazil's Navy showing an Air Force pilot searching for debris of the Air France flight 447 over the Atlantic Ocean, on board of a Hercules C-130 on June 03, 2009 150 km from Sao Pedro and Sao Paulo islands, northern Brazil. Brazil began Thursday recovering debris from an Air France jetliner that came down in the Atlantic, as conflicting clues emerged as to the cause of the disaster. AFP PHOTO BRAZIL NAVY JOHNSON BARROS

Brasiliansk Hercules-pilot leiter etter vrakdelar frå det sakna Air France-flyet.

Foto: AFP

Publisert 21.05.2026, kl. 14.24 Oppdatert 21.05.2026, kl. 14.58

Read Entire Article