Aktivistgruppe i båt på veg til Gaza: Israel har kome med trugslar

1 week ago 9



Klimaaktivisten Greta Thunberg er saman med elleve andre på veg på Gazastripa i seglbåten «Madleen». Operasjonen er organisert av Freedom Flotilla Coalition (FFC).

Til antisemitten Greta og følgevennene hennar, Hamas sine propagandaforkjemparar, seier eg tydeleg: vend tilbake, for dykk kjem ikkje til å nå Gaza, seier Katz i ei utsegn.

en mann som holder en mikrofon og en kvinne som klapper

Thunberg har engasjert seg i saka mot Israel si krigføring i Gaza. Her er ho avbilda i Italia for ei veke sidan, før ferda til Gaza starta.

Foto: Salvatore Cavalli / AP / NTB

Nyhendebyrået Reuters melder at Israels forsvarsminister Israel Katz har beordra forsvaret (IDF) til å hindre at ein båt med naudhjelp når Gaza.

På søndag skreiv FFC på Instagram at dei opplever problem med kommunikasjonsverktøya sine. Problema meiner dei er målretta frå Israel.

Båten reiste frå hamna i Catania, på Sicilia i Italia, søndag for ei veke sidan. Då rekna dei med reisa ville ta ei veke.

No er dei litt under 300 km frå Gaza.

Før avreisa sa aktivistgruppa at dei reiser til Gaza med naudhjelp med to hovudmål: å hjelpe befolkninga i Gaza og å få internasjonal merksemd rundt den humanitære krisa i Gaza.

Også den en franske EU-parlamentarikaren Rima Hassan er av dei 12 om bord i båten.

Tidlegare angrep

FFC arbeider for å få ein slutt på Israel si ulovlege blokade av Gaza, ifølgje nettstaden deira.

Også førre månad sette dei kursen mot Gaza med naudhjelp, men blei utsett for eit droneangrep utanfor kysten av Malta. Dette skjedde medan båten framleis var i internasjonalt farvatn.

Ingen har sagt at dei stod bak angrepet, men FFC meiner Israel stod bak.

Fleire ekspertar har hevda at Israel brukar svolt som våpen ved å blokkere tilstrekkeleg naudhjelp frå å kome fram til palestinarar i Gaza.

Publisert 08.06.2025, kl. 13.55 Oppdatert 08.06.2025, kl. 15.29

Read Entire Article