Andreas (28) er sjeldan vare på fødestova: Færre menn blir jordmor

1 month ago 39



– Eg blir jordmor, og synest yrkestittelen er fin. Men eg skulle gjerne hatt mannlege kollegaer eg kunne ha lufta utfordringar eg kjenner på fordi eg er mann.

Andreas Agasøster frå Stord har tatt eit uvanleg yrkesval. Nesten ingen menn blir jordmødrer i Noreg.

Frå 2017 til 2023 gjekk talet på mannlege jordmødrer ned frå 14 til 10, viser tal frå Statistisk sentralbyrå, SSB.

Etter «strikkehandverkar», er jordmor det minst likestilte yrket i Noreg når det kjem til kjønn, viser ei oversikt på utdanning.no.

Mor og veslesøster er inspirasjonskjelder

Andreas har fire søsken, og blei interessert i yrket då han som 14-åring blei storebror for siste gong.

Veslesøster Pernille blei fødd med downs syndrom, og måtte blant anna hjarteopererast.

– Det gjorde eit sterkt inntrykk og vekte ei interesse i meg. Mor mi viste stor styrke i det som skjedde.

– Lite er meir akutt enn ein fødsel, og lite er meir helsefremjande enn å legga grunnlaget for eit godt familieliv. Eg tenker det er fint, seier 28-åringen.

Jordmorstudent Andreas Agasøster saman med veslesøstera.

Andreas var 14 år då veslesøstera Pernille kom til verda. Ho har inspirert han til å satsa på jordmoryrket.

Foto: Privat

No er Andreas Agasøster jordmorstudent. Han har vore med på 50 fødslar så langt, og etter planen er han ferdig utdanna til sommaren.

– Folk blir overraska, men det er ingen som har avvist meg fordi eg er ein mann.

Han utelukkar ikkje at det kan oppstå situasjonar der kjønn kan spela inn.

– Religion og livshistorier er faktorar som kan spela inn og som eg må retta meg etter. Då må me jo gjera ei god vurdering om kor naudsynt det er at eg går inn. Kanskje får ikkje kvinna best omsorg ved at eg er der.

NRK-serien Barnesykehuset følgjer han i praksisen på Kvinneklinikken i Bergen.

Der hjelper han blant andre Ida Rivenes Arnø då vesle Storm kom til verda:

– Andreas var veldig flink og respektfull, og eg tenkte ikkje over det at han er mann, seier Arnø.

Ho jobbar sjølv som helsefagarbeidar, og meiner mange helseyrke kunne trengt fleire menn.

  • Sjå heile serien og følg praksisen til Andreas her:

Fleire menn blir helsesjukepleiarar etter endra yrkestittel

I 2018 blei yrkestittelen helsesøster endra til helsesjukepleiar.

Tal frå SSB viser at talet på menn i det kvinnedominerte yrket stige frå 21 til 38 frå 2017 til 2023.

Tala er såpass små at det er vanskeleg å fastslå noko, men viser ein auke på over 80 prosent.

Helsesjukepleiarar NSF trur namneendringa har bidrege positivt.

– Utviklinga er gledeleg. Me ser ein ganske stor auke i mannlege søkarar til utdanninga etter namneendringa, så eg er ikkje i tvil om at det har vore positivt, seier leiar i gruppa, Ann Karin Swang.

Ho vil ikkje meina så mykje om jordmor-tittelen bør endrast.

– Men eg trur nok det ville ha ført til at fleire menn ville vald yrket.

Jordmødrene tviheld på yrkestittelen sin

Jordmor er den einaste statlege yrkestittelen som ikkje er blitt endra, og som har fått unnatak frå reglar om kjønnsnøytralitet.

Verken Den norske jordmorforeining eller Jordmorforbundet vil endra tittelen.

– Det må vera eit ønskje blant dei som jobbar som jordmødrer, og det finst ikkje. Det er ein yrkestittel me er stolte av og ønskjer å behalda, seier leiar i Jordmorforbundet, Hanne Charlotte Schjelderup.

Det er usemje om opphavet til namnet jordmor. Ifølgje Schelderup er det kjønnsnøytralt, og viser til at ei jordmor løftar barnet frå jord til mor.

Men ekspertane er ikkje samde:

– Kvifor trur du det er så få menn som blir jordmødrer?

– Nei, det lurer me jo på. Me ser jo at det er mange menn som er gynekologar, og eg håpar at fleire menn vil gjera som Andreas og bli jordmødrer. Han er ein flott representant og kan bidra til at fleire menn får augene opp for yrket.

– Det er også viktig at alle sjukepleiarstudentar får bli med på ei fødeavdeling. Det er det i dag ikkje alle som får i løpet av studietida si, og det påverkar rekrutteringa, meiner Schjelderup.

Jordmorstudent Andreas Agasøster er med i NRK-serien Barnesykehuset.

– Kjønn er eit tema no, men mange år fram i tid håpar eg det ikkje er det, seier jordmorstudent Andreas Agasøster.

Foto: Eivind Senneset / NRK

Publisert 16.03.2025, kl. 21.25

Read Entire Article