Ane Margrethe er ein av få som gidd å møte opp: – Eg kan slite med å ikkje sovne

19 hours ago 4



– Smerte er ein essensiell del av det å vere menneske.

Det kunne ha vore teksten frå eit album med The Cure, men akkurat denne fredagen er det ein mann i kvite klede som seier det.

Med gestikulerande hender og ei imponerande mengde kunnskap på rams, står forelesaren framfor andreårsstudentane på medisinstudiet.

Klokka er kvart over ti, på friområdet utanfor skin sola. Men studentane skal inn i «Store auditorium» for å få den viktigaste forelesinga i nevrofysiologi som dei skal ha dette semesteret.

Brage Håheim skal halde den framfor ei glissen forsamling.

Av 150 studentar har under ein tredjedel møtt opp.

Kor har det blitt av alle dei andre?

Tomt på medisinsk fakultet ved UiT

Det er nokså tomt i MH-bygget på UiT ein solfylt fredag i april.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Er det ein lege her?

Medisinstudiet tar seks år, og endar med at du kan vere lege. Det er den korte oppsummeringa av eit av dei viktigaste og mest prestisjefylte studia vi har her til lands.

Vi treng legen. TV-seriar om kvardagen til legar har vore populære sidan konseptet kom. I desse dagar går NRK-serien «LIS» for fulle muggar.

Men viss så mange vil bli lege, korfor er det så få som møter opp til undervisning?

– Eg kan slite med å ikkje sovne

På forelesinga om smerte har 45 av rundt 150 andreårsstudentar møtt opp. Ein av dei er Ane Margrethe Ugelvik, som poengterer at dette var godt oppmøte.

Det er slett ikkje alltid tilfelle.

– Av og til så har eg litt inntrykk av at forelesaren kanskje ikkje har så lyst til å vere i rommet. At det er ei arbeidsoppgåve hen har, og hen må gjere det fordi kontrakten seier at ein må ha dei forelesingane.

Ane Margrethe Ugelvik, ei kvinne med briller som sit på ein benk og smiler

Ane Margrethe Ugelvik går andreåret på medisinstudiet i Tromsø. Denne dagen er ho på plass på forelesing, men det hender ho vel det bort når ho veit det blir monotont og lite engasjerande.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Ho skryt av dagens forelesar, som ho meiner er energisk og snakkar om stoffet på ein folkeleg måte. Han er engasjert og beveger seg i rommet, og bruker bilde og referansar studentane kjenner.

Men ho har også møtt det motsette. «PowerPoint»-forelesingar ho heller kunne ha lese seg opp på sjølv. Ofte startar dei klokka kvart over åtte.

– Eg kan slite med å ikkje sovne. Viss det er ei sånn låg og litt monoton stemme som berre seier det som du allereie har lese på skjermen, så du veit kva dei skal seie, av og til før dei seier det.

Det har fått konsekvensar for legestudenten.

– Det har ført til at eg ein del gongar har latt vere å dra på forelesing klokka åtte.

Ho ønsker seg litt meir aktiv undervisning, kor ein sjølv deltar meir.

– Eg opplever ikkje at eg lærer veldig mykje av å sitje passivt og lytte til ei forelesing. Eg lærer meir av å måtte diskutere, å lese og gjere oppgåver.

Dette året er fleire av forelesingane tilgjengeleg via strøyming. Neste studieår er det slutt på det, med mål om at fleire møter opp.

– Då skal ein på ein måte tvinge studentane til å vere fysisk til stades. Eg veit ikkje om det er det beste, seier Ane Margrethe.

– Viss universitetet vil at vi skal møte meir opp, kunne dei satsa på meir pedagogiske undervisningsformer. Kanskje studentane sitt låge oppmøte er eit resultat av lågt læringsutbytte i undervisninga? Eg håpar universitetet ser litt på seg sjølv.

Nokre dagar seinare kjem det ei melding frå Ane Margrethe.

AM

Ane Margrethe:I dag e vi 20 stk fra mårran 😅

2000 år med forelesing

Mannen som sjølv fekk skryt frå studenten, var ein gong like fersk som dei unge han i dag står framfor.

For snart 20 år sidan starta Brage Håheim på medisinstudiet. No jobbar han 50 prosent på Universitetssykehuset Nord-Norge og 50 prosent som førsteamanuensis på universitetet rett over vegen.

  • Ein mann med alvorleg blikk og skjegg ser i kamera. Har på seg legeklær.

    Brage Håheim

    Førsteamanuensis ved medisinstudiet, UiT Norges arktiske universitet.

Han seier diskusjonen om oppmøte og undervisningsmetode er høgaktuell i akademia for tida.

– Ein har jo forelest i langt over 2000 år. Samtidig viser er ikkje forelesing nødvendigvis den beste måten å lære på.

Sjølv skulle han gjerne sett at så mange studentar som mogleg kom på forelesingane. På same tid ser han at det er krevjande for dei.

– Dei kan gjerne ha fire timar på rappen, og vi veit jo at ein mistar konsentrasjonen etter 20 minutt, seier Håheim.

Skjelett på UiT

Er det slik studentar føler seg når dei sit på forelesing om farmakologi?

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Han meiner studentane får meir enn berre tung teori når dei entrar auditoriet og campus. Her treff ein andre studentar og forelesarar, og ein blir på eit vis sosialisert inn i studiet og rolla som lege. Dette forsvinn når forelesingane kan følgjast via strøyming.

– Eg trur nok også at det at vi tilgjengeleggjer strøyming, gjer at folk blir heime.

Smerteforelesninga blei følgd av 71 personar på nett, opplyser han.

Håheim peikar på den store straumen av informasjon som ligg fritt tilgjengeleg på internett.

– Det er jo tusen forelesarar på YouTube. Både farmakologi og fysiologi finn du der. Det er kanskje ein del av forklaringa.

Samtidig er det eit stort «men» her:

– Vi er ein institusjon som har ansvar for det vi skal undervise i og kva studentane skal kunne som ferdige leger, seier Håheim.

Millionstudentar

Kunnskapsdepartementet tildeler pengar for studieplassar, og medisin er studiet som får høgast sum utbetalt.

Det kostar i overkant av 3 millionar kroner å utdanne ein lege.

Departementet opplyser at universitetets kostnadar med å utdanne ein medisinstudent blir rekna til 3.111.900 kroner. Altså litt over 500.000 kvart år.

Til samanlikning kostar eitt års utdanning om lag 170.000 for ein litteraturvitar, og knapt 200.000 for ein lærar.

Kort sagt: Staten bruker atskilleg meir pengar på å utdanne ein lege enn ein litteraturvitar.

Bruk hodet, en beskjed som står på veggen på Medisinsk fakultet i Tromsø

Beskjeden er tydeleg til alle som er innom MH-bygget i Tromsø: «Bruk hodet!»

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

I fjor gjorde NOKUT den første evalueringa av utdanningskvaliteten ved dei fire norske medisinutdanningane.

Den peiker på fleire utfordringar: Legestudiet har proppfulle studieplanar, det er auke i studenttal og det har vore ein kunnskapseksplosjon i medisinfaget.

Rapporten seier også heilt konkret at noko må skje.

« ... det er stadig behov for å sette ei øvre grense for antal forelesingar og sørgje for at forelesingane blir meir studentaktiviserande», seier rapporten.

Etter besøket på Universitetet i Tromsø, står det i rapporten at dei har snakka med studentar:

«Dei fortalde at dei opplever mykje forelesingar, særleg i starten av studiet, med høgtlesing frå PowerPoint og lite tid til diskusjon, spørsmål og rettleiing.»

Både NTNU og UiO får skryt av komiteen for å setje eit øvre tak på kor mykje av undervisninga som skal vere forelesing. NTNU set av 10 av 20 timar i veka til dette, medan UiO har maksimalt 8 av 20.

I UiT sine eigne lokale pedagogiske føringar er det anbefalt maksimalt 12 timar forelesing per veke.

Finst det håp om at studentane skal få ein studiekvardag utan høgtlesing frå PowerPoint, og er det eit mål?

Eller må studentane berre skjerpe seg og sjå det som ein del av danninga og vegen mot å bli lege?

Tomt på medisinsk fakultet ved UiT

Som Jan Eggum kunne ha sagt: Kor e' alle medisinstudentane hen?

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

– Eg blir heilt flau. Har vi slikt?

«La oss snakke sammen om medisinutdanninga.»

Det står skrive på kontorvindauget til Kirsten Brun Kjelstrup.

Ho er studieleiar for medisinstudiet i Tromsø, og er ei energipille i menneskeform.

Kan ho skrive ein resept på den energien til legestudentane?

Først må vi snakke litt om smerte.

Som leiar for studiet ser ho heilt klart at studentane vel bort forelesning, gjerne til fordel for å sjå innhaldet på YouTube eller ved å bruke kunstig intelligens.

– Det synest eg er skummelt, for du blir så lat. For at du skal lære noko, må du bruke hjernen. Det må koste, og viss det ikkje kostar noko å lære, så har du ikkje lært. Det skal rett og slett gjere litt vondt. Vi må streve for å forstå det.

Kirsten Brun Kjelstrup, studieleiar ved medisinstudiet, UiT. Kvinne med briller, nøkkelband rundt halsen og eit forsiktig smil.

Kirsten Brun Kjelstrup har jobben med å slanke planen for kva legestudentane skal gjennom, og for å avgjere korleis dei skal kome seg gjennom den.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Samtidig ser ho at studiet er i ein kinkig situasjon, med ein læreplan der alt skal inn og det er vanskeleg å prioritere. Dessutan blir mykje løyst som forelesing, også fordi ein del tilsette må undervise for å få forskartid.

– Vi har nok berre pøst på med litt meir av alt heile tida.

– Men kven er det sin jobb å seie «no har vi ikkje plass til meir»?

– Ja, det er min jobb, då. Å vere strengare.

Studieleiaren seier det er ein viktig jobb å få fleire til å kome på forelesing.

– Vi kan ikkje prøve å konkurrere direkte med dei morsomme, flinke påverkarane. Vi skal ikkje drive stand-up-show. Men vi kan tilby dei pasientmøter og den faglege diskusjonen. Når du får prøve di eiga meining mot nokon andre, det er då du lærer.

Vindauget på kontoret til Kirsten Brun Kjelstrup, UiT, MH-bygget. Det står "La oss snakke sammen om medisinstudiet" speilvendt.

Denne beskjeden er skrive spegelvend. Kirsten Brun Kjelstrup har gjort det for å pynte litt på kontoret sitt. Alt desse legane kan!

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Studentar NRK har snakka med, som Ane Margrethe, har sagt at PowerPoint-forelesingar er eit problem, og at det går på motivasjonen laus. NOKUT-rapporten har observert det same.

– Det høyrest jo ut som litt misbruk av tid å lese opp det som står på ein PowerPoint?

– Ja, eg blir heilt flau. Har vi slikt? Vi har veldig mange utruleg flinke og engasjerte og dyktige forelesarar. Og så har vi kanskje nokre som ikkje har revolusjonert seg sidan mange år tilbake. Det er ikkje lett å rydde opp i det, det kan eg love deg, seier Kjelstrup.

Samtidig skryt ho av studentane. Ho seier dei er effektive og seriøse. Dei stiller høge krav til undervisninga når dei først møter opp.

– Men når dei skal velje mellom den tradisjonelle forelesinga eller Ninja Nerd, så tar dei Ninja Nerd.

– Kva synest du om det?

– Det tenker eg er ein ganske tydeleg beskjed til den forelesaren vi allereie tilbyr, om at dette er kjedeleg.

Ninja Nerd: Ikkje ein trussel

Langt frå ishavsbyen i nord skal vi til eit heilt anna kontinent. I USA sit nemleg Zachary Murphy og tilbyr opplæring til studentane som heller vil vere heime.

Gjennom aliaset «Ninja Nerd» har han blitt ein snakkis blant både studentar og tilsette. 4,2 millionar følgjarar er ein tydeleg beskjed om at det han gjer, funkar.

Ninja Nerd sin YouTube-kanal

Meir enn fire millionar følger videoane Ninja Nerd legg ut på YouTube.

Grafikk: Ninja Nerd, YouTube

Han fortel at alt tok av i 2020, då pandemien endra undervisninga verda over. I dag er det ti tilsette som jobbar med Ninja Nerd.

– Kva tenker du om at studentar droppar forelesingar og heller ser på dine videoar?

– Vi vil ikkje at studentar skal droppe timar og berre lene seg på våre videoar. Målet vårt har alltid vore at dette skal vere eit supplement til det dei lærer, ikkje ei erstatning.

– Vi er alltid takksame når studentar seier videoane hjelper dei å forstå det dei ikkje skjønte på forelesinga, for alle lærer ulikt.

Murphy meiner dette er til hjelp for studentane, men:

– Eg trur ikkje våre forelesingar, eller nett-forelesingar i seg sjølv, kan erstatte fysisk opplæring i klasserom. Det er viktige delar av utdanninga, som labarbeid, praksis, gruppestudiar og direkte samtalar som rett og slett ikkje kan bli gjenskapt på same måte på nett.

Det er viktig at eg er på universitetet

Ane Margrethe Ugelvik skal vidare frå forelesing til kollokviegruppe. Ho har bestilt grupperom. Å diskutere pensum er ein god måte for ho å lære på.

– Kan ein bli ein god lege av å studere heime på eiga hand, trur du?

– Det er vanskeleg å seie ja eller nei til det. Eg trur jo at for å bli ein god lege så treng du å kunne kommunisere godt med andre, og kunne forhalde deg til all slags type menneske. Det er viktig at du har dei der sosiale ferdigheitene, absolutt, seier legestudenten.

Samtidig ser ho at medstudentar som sit heime og les og jobbar for seg sjølv, også får det til. Det er berre ikkje for ho.

– Det blir vanskeleg å seie at nokon som sit heime alle åra ikkje kan bli ein god lege. Men for min del så trur eg det er viktig at eg er på universitetet.

Og berre sjå kor blid ho blir av praktisk undervisning!

Heia!

Kva synest om det du las no? Har du innspel eller idear til andre ting eg burde skrive om?

Eg liker å skrive om folk og kvardagen deira.

Meld meg gjerne!

Read Entire Article