Ankesak etter lærardrap startar i Frankrike

1 hour ago 1



Ankesaka mot fire personar som blei dømde for medverknad til drapet på læraren Samuel Paty, startar måndag i Paris.

Åtte dømde blei kjende skuldige i å ha bidratt til hatkampanjen mot Samuel Paty før angrepet, og blei alle dømde i slutten av 2024.

No skal ein ankedomstol ta stilling til om dommane blir fire av desse blir ståande.

Utfallet kan få betydning for korleis domstolar vurderer ansvar for medverknad til terror på nett.

Drapet som skaka Frankrike

Læraren Samuel Paty blei knivstukken og halshogd i oktober 2020.

Gjerningsmannen var ein 18 år gammal islamistisk radikalisert mann med tsjetsjensk bakgrunn.

Paty hadde vist karikaturteikningar av profeten Muhammed i undervisninga.

Ifølge France 24 skjedde det under ein undervisningstime om ytringsfridom.

Bilde av Samuel Paty

Frå ei minnemarkering for læraren Samuel Paty i Éragny-sur-Oise i 2021, eitt år etter drapet. Paty blei drepen etter å ha vist karikaturar i undervisninga om ytringsfridom.

Foto: AFP

Paty blei 47 år gammal.

Gjerningsmannen, Abdoullakh Anzorov, blei skoten og drepen i ei skotveksling med politiet kort tid etter angrepet.

Les meir om saka her:

Åtte dømde for medverknad

I desember 2024 blei til saman åtte personar dømde i saka.

Ingen av dei blei dømde for sjølve drapshandlinga, men for rolla dei spelte i forkant.

To av dei dømde, på 22 og 23 år, var vener av gjerningsmannen. No ankar dei dommen.

Dei fekk 16 år i fengsel for medverknad til terror­drap. Dei skal ha hjelpt til med planlegginga, mellom anna med å skaffe våpen.

Rettsbilete av dei tiltalte frå retten i 2024.

Ein rettsteikning frå desember 2024 viser fleire av dei tiltalte som lyttar til dommen i saka om drapet på læraren Samuel Paty.

Foto: BENOIT PEYRUCQ / AFP / NTB

Seks andre blei dømde for terrorrelatert kriminelt samarbeid, mellom anna for å ha spreidd løgner og bidratt til ein hatkampanje mot Paty på sosiale medium.

Ein av dei er far til ei jente som feilaktig hevda at Paty bad muslimske elevar forlate klasserommet før han viste teikningane, ifølge AFP.

Jenta var ikkje til stades i timen, og det kom fram at ho hadde lauge.

Forsvararane til mannen seier rolla hans vil bli sett «i eit anna lys» i ankesaka, og at han aldri har vore involvert i terrorverksemd, ifølgje AFP.

Dei fire andre som blei dømde i saka, har ikkje anka dommane sine.

Blei utsett for netthets

Før drapet blei Paty hengt ut i sosiale medium.

Meldingar med namn, bilete og skuldingar blei spreidde i fleire miljø.

Aktor sa i retten at dei tiltalte ikkje nødvendigvis ønskte at Paty skulle døy.

– Men ved å tenne tusenvis av lunter på nett, visste dei at nokon kunne føre til vald, sa aktor Nicolas Braconnay.

Minner om Charlie Hebdo

Under gravferda blei Paty kalla ein stille «helt» av den franske presidenten Emmanuel Macron, ifølge BBC.

Karikaturane han viste, var fyrst publiserte i satiremagasinet Charlie Hebdo.

Paty blei drepen berre veker etter at Charlie Hebdo hadde trykt teikningane på nytt.

Fleire ser drapet på Paty i samanheng med Charlie Hebdo.

A combination of file photos made on January 7, 2015 shows (from L up) French satirical weekly Charlie Hebdo's deputy chief editor Bernard Maris and cartoonists Georges Wolinski, Jean Cabut, aka Cabu, Charb, Tignous and Honore (Philippe Honore). At least 12 people were killed, including cartoonists Charb, WolinsKi, Cabu and Tignous and deputy chief editor Bernard Maris when gunmen armed with Kalashnikovs and a rocket-launcher opened fire in the Paris offices of French satirical weekly Charlie Hebdo on January 7, 2015. AFP PHOTO / GUILLAUME BAPTISTE / BERTRAND GUAY / FRANCOIS GUILLOT / FRANCOIS GUILLOT -

Fleire av ofra for Charlie Hebdo-angrepet i 2015, mellom anna teiknarane Charb, Wolinski, Cabu, Tignous og Honoré, og nestleiaren i redaksjonen Bernard Maris.

Foto: Afp

I 2015 blei tolv personar drepne i angrepet på Charlie Hebdo-redaksjonen i Paris.

Angrepa blei utførte dei fransk-algeriske brørne Said Kouachi og Chérif Kouachi.

Kouachi-brørne blei drepne av politiet, og blei rekna som islamistiske terroristar.

I tillegg til dei to, stod Amedy Coulibaly bak gisselaksjonen i ein jødisk butikk i Paris dagen etter Charlie Hebdo-angrepet.

(FILES) This file combo shows handout photos released by French Police in Paris early on January 8, 2015 of suspects Cherif Kouachi (L), then aged 32, and his brother Said Kouachi (R), then aged 34, in connection with an attack at the satirical weekly Charlie Hebdo in Paris. - The trial of the January 2015 attacks on Charlie Hebdo, Montrouge and Hyper Cacher will take place from September 2 to November 10, 2020 in Paris. (Photo by Handout / FRENCH POLICE / AFP) / RESTRICTED TO EDITORIAL USE - MANDATORY CREDIT "AFP PHOTO / FRENCH POLICE" - NO MARKETING - NO ADVERTISING CAMPAIGNS - DISTRIBUTED AS A SERVICE TO CLIENTS

Angrepa blei utførte brørne Said Kouachi og Chérif Kouachi.

Foto: AFP

Hans partnar Hayat Boumeddiene var mistenkt for å ha hjelpt til i førebuingane og rømde landet.

Publisert 26.01.2026, kl. 18.22

Read Entire Article