Ein eksplosiv vekst. Slik skildrar dei som jobbar med eteforstyrringar utviklinga dei siste åra.
– Vi ser at dei som vert tilvist til behandling vert yngre og yngre. Oftast er dei 12–13 år gamle, men dei kan vere så unge som åtte, fortel overlege Svetlana Raknes ved Haukeland universitetssjukehus.
– Det kan vere fleire årsaker til dette. Eg tenker at sosiale medium er ein av dei.
Raknes opplever at krava til å vere perfekte ofte er ein utløysande faktor til alvorlege problem kring mat, trening og kropp.
Auka til dei som treng hjelp kring dette er på 75 prosent på få år.
Svetlana Raknes er overlege på RAS Haukeland. Her får dei inn dei mest sjuke pasientane som lir av eteforstyrringar.
Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRKHeier kvarandre fram
Sundag fortalde NRK historia til 21 år gamle Linn Ulvatn.
Ho kjempar for å bli frisk frå sjukdommen, men er no utskriven frå sjukehuset. Ikkje fordi ho er frisk, men fordi sjukehuset må prioritere dei som er endå sjukare enn ho.
Då Thea Eline Amundsen sjølv lei av anoreksi, opplevde ho at det ho såg på sosiale medium gjorde det vanskeleg å bli frisk.
– Ein blir heilt avhengig av responsen og meldingane. Når ein vert friskare avtar den. Då vil ein oppretthalde eigen sjukdom for å halde på merksemda.
Etter at ho vart frisk har Amundsen skrive bachelor-oppgåve om sosiale medium og eteforstyrringar.
– Sosiale medium er ein veldig stor pådrivar for at yngre og yngre har blitt eksponert for sjukdom. Det vil eg tørre å påstå har vore avgjerande for at fleire har blitt sjuke.
Amundsen seier utfordringa med sosiale medium er todelt. Det eine er at dei skaper eit større press på at ting må vere perfekte.
Det andre er at dei som utviklar problem kring mat kan heie kvarandre fram i lukka nettverk. Menneske med alvorlege eteforstyrringar kan nesten bli som influensarar, førebilete for andre.
Ein konkurranse om å vere sjuk nok
Dette kjenner Madelén Langeland Martinsen seg att i.
Ho har i ti år vore sjuk med anoreksi. Og i ti år har ho jobba for å bli frisk.
Martinsen seier ho alltid er særs forsiktig med kva ho legg ut frå sitt eige liv.
– Eg er veldig redd for å vere eit ideal for andre. Eg har sjølv opplevd korleis sosiale medium kan trigge. Det vert fort ein slags konkurranse.
Madelén Langeland Martinsen seier ho er særs forsiktig med kva ho legg ut frå eige liv.
Foto: Oddgeir Øystese / NRKPå sosiale medium søker mange ein stadfesting på at ein er sjuk nok, tynn nok.
Ho viser oss korleis mange bruker kodeord for spreie bilde av sjukeleg undervekt eller inspirasjon til korleis ein kan ete lite.
– Det er veldig alarmerande det som kjem opp, seier 23-åringen.
Ho seier at alle kommentarar kan gjere eteforstyrringane sterkare, både dei som kjem med uro og beundring.
– Enten tenker ein at ein ikkje er tynn nok. Eller så tenker så får ein stadfesta at no ser eg bra ut, seier Martinsen.
Alarmen går
Hjå ROS – Senter for eteforstyrringar meiner dei det hastar med å ta grep.
– Heile samfunnet vårt er eteforstyrra, seier Marianne Håheim som er fagansvarleg i organisasjonen.
Ho viser til ein undersøking frå Oslo universitetsykehus som viser at 1 av 10 ungdommar i vidaregåande skule har ei eteforstyrring.
– Det er eit ekstremt høgt tal. Det heng saman med det kroppsidealet vi har.
Marianne Håheim i ROS er sterkt uroa for at stadig fleire unge slit med eteforstyrringar.
Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRKSosiale medium får unge til å føle seg dårleg med kroppen sin, seier Håheim.
Ho meiner det bør bli strengare reglar for mediebruk blant barn.
Det er Amundsen samd i. Ho meiner og foreldre må ta meir grep.
Ho viser NRK at det er store nettverk av sjuke barn som finn kvarandre på nett. Og som kan forsterke sjukdomane til kvarandre.
– Sosiale medium har jo og positive sider. Men vi kan jo rett og slett ikkje berre sjå på at utviklinga held fram. Vi er nøydd til å ta grep.
Publisert 27.01.2026, kl. 21.10 Oppdatert 27.01.2026, kl. 21.32










English (US)