Reglane har fungert stikk i strid med hovudreklamen for pensjonsreforma.
Publisert: 17.03.2026 21:00
Statssekretær Edvin Søvik prøver i Aftenposten 13. mars å «oppklare og rydde» i den årelange debatten om offentleg tenestepensjon og den såkalla «samordningsfella». Han får det ikkje til.
Statssekretæren bygger vidare på den gamle Arbeiderparti-bløffen om at denne fella var eit resultat av forhandlingane mellom partane for meir enn 15 år sidan.
Det stemmer at forhandlingsresultatet vidareførte «bruttoprinsippet» og ei anstendig AFP-ordning. Dette likte statsminister Jens Stoltenberg og regjeringa svært dårleg. Difor blei det etter forhandlingane laga eit regelverk som skulle gi kutt i offentleg tenestepensjon for dei som stod i arbeid etter 67 år. Ei samla arbeidstakarside protesterte, men regjeringa fekk fleirtal for straffetiltaket i Stortinget.
Ikkje underleg at mange reagerer
Statssekretæren forstår at somme av utslaga «opplevdes urimelige». Dei var og er urimelege! Reglane har fungert stikk i strid med hovudreklamen for pensjonsreforma: «Det skal lønne seg å stå lenge i arbeid.»
Når systemet i tillegg er komplisert og informasjonen mangelfull, er det ikkje underleg at mange reagerer.
Vi som deltok i prosessen den gongen, visste at offentleg tilsette ikkje ville få same opptening som i privat sektor ved å stå i arbeid utover 67 år. Men det var aldri snakk om at dei skulle bli økonomisk straffa for å gjere det.
Dette kunne ha vore løyst på andre måtar. Men Arbeiderparti-regjeringa ville ikkje lytte, verken då eller seinare. Dei held fast på ein sjølvskapt myte.

5 hours ago
5








English (US)