– I løpet av nokre veker blei det heilt svart.
Rundt 20 år har gått sidan ein hjernebetennelse endra livet totalt for Arne-Christian Lund.
Frå eit vanleg småbarnsliv med god jobb og ei aktiv rolle i korpsmiljøet, blei han blind og innlagd på sjukehus ein lang periode.
Prognosane var dårlege. Sjukdomen gav også forvirring og angst. Og sjølvtilliten i sosiale situasjonar, forsvann.
– Sjølv om eg i utgangspunktet er ein open og omgjengeleg fyr, blei eg usikker, seier han.
– Det er vel eit kjend fenomen, som eg kallar «gå over gata». Kjem det ein som er alvorleg sjuk, kan folk ha ein tendens til å ikkje ønska eller klara å forhalda seg til det.
– Har du opplevd det?
– Ja, litt. Eg trur folk tenker på korleis det er for meg som blind å vera med på ting, og at dei tenker at det kanskje blir for vanskeleg. Eg vil difor rosa dei som faktisk ikkje «går over gata».
Behandling har gitt Lund litt av synet tilbake. Han har nokre synsfelt der han ser litt, men er avhengig av førarhunden Alva og stokk for å navigera.
Foto: Eli Bjelland / NRKRegjeringa lover handlingsplan innan få år
Einsemd og sosial isolasjon fører til 871.000 dødsfall i verda kvart år, ifølgje Verdshelseorganisasjonen (WHO).
I ein ny rapport skriv WHO at dei helse- og samfunnsmessige konsekvensane knytte til isolasjon og einsemd er undervurderte, og at det er behov for å handla raskt.
Dei siste åra har åtte land innført handlingsplanar og utarbeidd konkrete statlege tiltak mot einsemd: Danmark, Finland, Tyskland, Japan, Nederland, Sverige, Storbritannia og USA.
Ein handlingsplan er på trappene i Noreg også.
Over tre år har gått sidan Stortinget bad om ein slik plan. No lover regjeringa at handlingsplanen mot einsemd kjem i løpet av denne stortingsperioden.
– Einsemd er ei klar folkehelseutfordring. I ein handlingsplan, vil me samla alle tiltaka me har for å skapa eit inkluderande samfunn og motverka einsemd, og laga ny politikk, seier statssekretær Usman Mushtaq (Ap) i helse- og omsorgsdepartementet.
Han understrekar at det allereie er tatt fleire grep, og viser blant anna til at einsemd i vår blei inkludert i folkehelselova.
Statssekretær Usman Mushtaq seier regjeringa har bede Helsedirektoratet om å koma med faglege tilrådingar til ein handlingsplan innan utgangen av 2025.
Foto: Kaia Storvik / HelsedepartementetSosial omgang på resept
Eitt av tiltaka fleire enn 30 land allereie har innført, er sosial resept.
Ordninga går ut på at einsame får tilvising av lege eller anna helsepersonell til hjelp med sosial omgang.
Eit prøveprosjekt med sosial resept er no i gang i Bergen. Ordninga er eit samarbeid mellom helsevesenet og Røde Kors.
Personar som blir tilviste, får hjelp av frivillige i Røde Kors til å testa og finna aktivitetar som kan bli starten på ein meir sosialt aktiv kvardag.
– Det fungerer, og me får tak i ei anna gruppe menneske enn dei som dukkar opp av seg sjølv på ulike tiltak som frivillige organisasjonar har i dag, seier førsteamanuensis Roger Ekeberg Henriksen ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), som forskar på effektane av sosial resept.
Han anslår at mellom 5 og 7 prosent av befolkninga opplever så alvorleg einsemd at det er stor risiko for å utvikla folkesjukdomar.
– Det er så mange tusen menneske det er snakk om, berre i vårt vesle land. Me må jo gjera noko med det. Det er veldig på tide å starta arbeidet med ein handlingsplan.
Blant anna har han funne ein klar samanheng mellom einsemd og diabetes 2.
– Alvorleg einsemd kan samanliknast med effekten av dårleg kosthald og mangel på fysisk aktivitet. Det aktiverer stressresponsane, og betyr også at alle sjukdomar du kan få av stress, kan du få av einsemd.
Dette er forskingsfunn som har kome først dei siste åra, og han er difor forbausa over kor raskt landa no innfører handlingsplanar.
– Eg trur nok at både forskarsamfunnet og politikarar er blitt litt overraska over den sterke samanhengen mellom einsemd og sjukdomar. Det er sjeldan me ser at det går så kort tid frå forskingsfunn blir publiserte, til det blir global helsepolitikk.
Forskar Roger Ekeberg Henriksen ved HVL har tidlegare meint at Noreg er bakpå i arbeidet mot einsemd. No er han forbausa over kor raskt mange land lagar handlingsplanar.
Foto: Eli Bjelland / NRKUsikre effektar av tiltak
Sosial resept er aktuelt å føreslå som eit nasjonalt tiltak, ifølgje seniorforskar Thomas Hansen i Folkehelseinstituttet (FHI).
Han deltek i arbeidet med å laga tilrådingar til kva ein handlingsplan bør innehalda. Fordi einsemd er så individuelt, er det vanskeleg å finna gode løysingar som treff alle.
– Forskinga viser generelt at tiltak ofte har avgrensa eller usikre effektar. Det er store variasjonar, og det trengst meir forsking på førebyggande, strukturelle og langvarige tiltak, særleg i nordisk kontekst.
– Fleire unge seier dei er einsame no enn før. Blant dei eldre, har andelen gått ned. Men fordi me blir stadig eldre, vil også fleire få problem med einsemd, seier Hansen.
– Dette er eit problem som aukar og kjem til å auka meir, og som kostar staten ganske mykje pengar. I tillegg sjølvsagt til at det kostar store lidingar for den enkelte som blir ramma.
Terje Bendiksby / NTB
Kirkens SOS, generalsekretær Johannes Heggland:
Svært mange som kontaktar oss, fortel om djup einsemd. Til no i år har me svart på over 21.000 førespurnader der einsemd har vore eit sentralt tema.
Styresmaktene kan absolutt gjera meir for å redusera einsemd. Til dømes satsa på førebyggande arbeid, gode nærmiljø med møteplassar og butilbod som gir eldre tilgang til fellesskap. Samtidig må sivilsamfunnet delta i dugnaden som trengst.
Mental Helse
Mental Helse, kommunikasjonssjef Kristin Bergersen:
Det er ein liten auke i talet på telefonar og meldingar der einsemd er registrert som hovudutfordringa. Dei utgjer så langt i år 12,4 prosent av fleire enn 200.000 samtalar.
For å førebygga einsemd, må det jobbast på tvers av ulike fagfelt. Det handlar om å starta tidleg, i barnehage og skule, og med både foreldre og barn. Me har også tatt til orde for ein førebyggingsminister.
Roy Kenneth S Jacobsen / NRK
Mental Helse Ungdom, generalsekretær Adrian Lorentsson:
Me opplever ein jamn pågang av meldingar som handlar om einsemd. Talet utgjer rundt 10 prosent av alle meldingar til vår hjelpechat. I arbeidet mot einsemd er det viktig å fokusera på utanforskap. Når talet på unge uføre aukar, aukar også problema med einsemd i den gruppa.
– Har for mykje tid til overs
Arne-Christian Lund er ein av dei som har fått sosial resept av legen.
– Eg fall utanfor det nettverket eg hadde, og det er vanskeleg å finna noko nytt. Eg har familie og driv blant anna med klatring, men eg kjenner likevel på at eg har for mykje tid.
Han veit ikkje enno om sosial resept vil gi han den aktiviteten som kan få han heilt ut av den einsemda han framleis kan kjenna på. Men han trur tiltak og ordningar som dette er naudsynte for å prøva å redda fleire.
– Det er nok mange som burde ha vore plukka opp, meiner han.
Arne-Christian Lund driv med klatring, blant anna i ei paratreningsgruppe i Bergen.
Foto: Eli Bjelland / NRKPublisert 28.10.2025, kl. 05.09
























English (US) ·