Åtvarar etter uvanleg mange dødsulukker

5 hours ago 4



Thor Erik Strand svevde lenge mellom liv og død. No har han eitt klart råd til dei som set seg på motorsykkelen.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
OVERLEVDE: – Eg hadde mykje flaks i det heile, seier Thor Erik Strand om den alvorlege ulukka han var ute for. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Publisert 05.05.2025 22:52

– Eg er meir enn handballmann, seier Thor Erik Strand. Han tar sats, men bommar på basketballkorga. 

– Det er så vanskeleg å treffe når korga er så liten!

Den smørblide 50-åringen er ikkje redd for ei utfordring. No er han i Bergen for å delta på si første basketballturnering, spelt i rullestol.

 Trine Svanholm Misje / TV 2
FØRSTE GANG: Thor Erik Strand har spelt mykje handball, men litt mindre basketball. Størrelsen på målet skapar utfordringar, men han traff til slutt. Foto: Trine Svanholm Misje / TV 2

Strand har alltid vore aktiv og glad i idrett. Han har spelt handball sidan han var ung gut.

Men for tjue år sidan skjedde det som gjorde at han no må spele med rullestol.

– Det var veldig nære på for min del. Veldig nære på, seier Thor Erik Strand. 

 Geir Johnny Huneide / TV 2
SAMHALD: Strand driv mykje med idrett, og spelar no basket, handball og kjelkehockey. Han hyllar samhaldet og motivasjonen det gir. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Siste turen 

Det var i slutten av mars 2005 at Thor Erik Strand sette seg på motorsykkelen for det som skulle bli siste gong. 

Det var strålande vårvær og motorsykkelsesongen var endeleg starta. Etter halvannan kilometer, skjedde det som ikkje skulle skje. 

– Det var første turen det året, og då er ein kanskje litt ute av rutine, seier Strand. 

Mellom dei bladlause trea, såg han ein bil i bevegelse på ein rasteplass ved sida av vegen. 

– Eg såg at bilen stoppa, så eg tenkte at han hadde sett meg. Men så køyrde han full fart ut i vegen, fortel Strand.

 Privat
STORE SKADAR: Slik såg sykkelen hans ut etter ulukka. Foto: Privat

Han var så nære bilen at han kunne sjå ansiktet på sjåføren gjennom vindauga.

– Då skjønte eg at dette ikkje kom til å gå bra. 

Han trykte inn frambremsa, men bilen var for nær og farta var for høg. Han flaug rett inn i bilen. 

– Då eg slo opp auga såg eg berre den blå himmelen. Eg skjønte ikkje kva som skjedde, og tenkte: Lever eg eller er eg død? 

 Privat
ALVORLEG SKADD: Thor Erik Strand blei lagt i kunstig koma etter ulukka, og måtte vere månedsvis på intensiven. Foto: Privat

Tok et val

Strand blei hasta til sjukehus med alvorlege skadar. Han blei lagd i kunstig koma og måtte tilbringe fleire månader på intensiven. 

Lista over skader var lang: Fleire brot i ryggen og i begge beina, ei avkutta hovudpulsåre og kollapsa lunger var berre nokre av skadane han var påført.

Han blei lagt i kunstig koma, og låg deretter fleire månader i respirator. Han hadde store smerter og store infeksjonar, som gjorde at han måtte amputere eine beinet. 

– Det tok fleire veker før dei ville seie om eg kom til å overleve eller ikkje, seier han. 

 Geir Johnny Huneide / TV 2
SKADE: Strand måtte amputere høgre beinet etter ulukka. Han har også ei lamming i det andre beinet. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Uvanleg mange ulukker

Tal frå Statens vegvesen viser at totalt 20 personar døydde på MC i 2024. 

Dei siste åra har kvar femte dødsulukke i trafikken vore på motorsykkel. 

– Vi har hatt ein nedgang i antal dødsulukker hos alle andre trafikantgrupper. Men den same nedgangen finn vi ikkje blant motorsyklistane. Det uroar oss, seier Christoffer Solstad Steen i Trygg Trafikk. 

 Torbjørn Brovold / TV2.no
UROA: Christoffer Solstad Steen i Trygg Trafikk er uroa for at MC-ulukkene ikkje ser ut til å gå ned. Foto: Torbjørn Brovold / TV2.no

– Vi fryktar at vi vil komme opp i dei same tala som i fjor, og kanskje enda høgare. 

På dei to første vårmånadane, har fem personar omkomme i motorsykkelulukker, av totalt 25 i trafikken. 

 Montasje / Aage Aune / TV 2
HØGE TAL: Så langt i år har fem personar omkomme i MC-ulukker. Foto: Montasje / Aage Aune / TV 2

– Fem døde allereie tidleg i mai er uvanleg mange. Det er likevel små tal og vi har ikkje grunnlag for å kunne seie at det er ein trend eller utvikling allereie no, seier Guro Ranes i Vegvesenet. 

Fokus på tryggleik

Leiv Harald Dalseng, leiar av NAF MC Oslo, trur den dystre statistikken så langt i sesongen primært skuldast at sesongen har starta tidleg i år på grunn av godt føre. 

– Mange har tatt ut syklane veldig tidleg. Oppfriskingskursa startar ikkje før i mai, og då har ein gjerne køyrd i ein månad eller to allereie, seier han. 

MC-klubben i Oslo har over 2000 medlemmer, og seier dei har stort fokus på tryggleik. 

 Torbjørn Brovold / TV2.no
VIKTIG: Leiar av MC Leiv Harald Dalseng seier alle har bruk for oppfriskingskurs. Her saman med medlem Anja Dypvik. Foto: Torbjørn Brovold / TV2.no

Kvart år arrangerer dei oppfriskingskurs og tryggingskurs etter vintersesongen. 

– Ein blir gjerne litt rusten etter ein lang vinter utan køyring, og då er det på tide å lære seg å køyre litt på nytt igjen, seier han. 

Eitt klart råd

Thor Erik Strand har no tatt livet tilbake med ein god dose humor og humør. Tatoveringen han held på å ta på leggen, er eit godt teikn på det. 

 Geir Johnny Huneide / TV 2
UNDER ARBEID: Strand har mange tatoveringar over heile kroppen, men denne tar litt lenger tid å få ferdig. Han har ei øydelagd nerve som gjer det ekstra smertefullt å fullføre. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Trass ulukka han sjølv var i, vil han ikkje råde folk til å la motorsykkelen stå. 

– Å køyre motorsykkel er veldig ålreit og kult, og gir ei enorm fridomskjensle. Men ein må vite at ein er underlegen når ein sit på den sykkelen, og ein må ta forholdsreglar, seier Strand. 

 Privat
Slik såg hjelmen ut etter ulukka. Foto: Privat

Han meiner det er ekstremt viktig å gjere seg så synleg som mogleg når ein køyrer i trafikken. 

– Eg trur mange ulukker kunne vore unngått ved bruk av ein refleksvest eller ein gul hjelm som gjer at ein blir meir synleg, seier Strand. 

Sjølv hadde han på seg raud og svart skinndress og ein blå hjelm. 

– Hadde ulukka blitt avverja om eg hadde på refleksvest? Det veit eg ikkje. Men sjansen hadde i alle fall ikkje blitt dårlegare, seier Strand. 

 Trine Svanholm Misje / TV 2
IDRETTSGLEDE: Thor Erik Strand sitt lag kom seg til semifinalen i Hansacupen i Bergen, og var nøgd med det. Foto: Trine Svanholm Misje / TV 2
Read Entire Article